UiB skal selje bygg for 247 millionar kroner

Publisert:30. august 2017Oppdatert:30. august 2017, 06:00
UiB skal selje bygga i Professor Keysers gate 6B og 8, Allegaten 34, Villaveien 1A. Christies gate 13 er alt lagt ut for sal. Foto: Ida Bergstrøm

Fire sentrale bygningar skal seljast i løpet av dei komande åra. Vektergården er alt lagt ut for sal. 

– Vi kvittar oss med gamle og lite føremålstenlege bygg, seier Ove Botnevik. Han er seksjonssjef for areal ved Eigendomsavdelinga.

I alt fire bygg står på til salslista til UiB.

Desse bygga skal seljast: 

  • Allegaten 34: Her held Senter for kvinne- og kjønnsteori (SKOK) og Senter for vitskapsteori  (SVT) til.
  • Professor Keysers gate 6B og 8: Husar Forskingsadministrativ avdeling
  • Villaveien 1A: Det humanistiske fakultet og Bergen Konfutse Institutt har lokale her.
  • Christies gate 13: Delar av Psykologisk fakultet, Sammen trening, På Høyden, Legene På Høyden er brukarar av bygget i dag.  

Krever kostbar ombygging

Det er universitetsstyret som har gjort vedtak om at bygga skal seljast.

– Vi veit ikkje helt kva tid dei vil bli selde. Men vi reknar med at det vil skje i løpet av dei komande åra, kanskje alt i 2018, seier Ove Botnevik.

Dei eldre bygningane ble vedtekne selde i september 2015.

– Dette er bygg som det blir uforholdsmessig dyrt å bygge om eller pusse opp. Dei er lite arealeffektive, og det blir kostbart å bygge dei om så dei kan møte krava om universell utforming, seier Ove Botnevik.

UiB blir leigetakar i Vektergården

Christies gate 13 er lagt ut for sal, etter eit vedtak i  universitetsstyret i februar 2017. Eigendomen frå 1982 er kjent som Vektertorget, er på 8800 kvadratmeter, og har ifølge Estate nyheter årlege leigeinntekter på 10,6 millionar kroner. 

– Her legg vi opp til ein avtale om tilbakeleige. Det er planen, seier Ove Botnevik.

Sentralisering i Nygårdsgaten 5

Delar av miljøet ved Det psykologiske fakultet skal flytte til helseklynga på Årstad når den står klar. Dermed blir det frigjort plass til å samle dei resterande tilsette i Christies gate 12.

Samtidig ynskjer universitetsleiinga å samle dei tilsette i Sentraladministrasjonen i Nygårdsgaten 5. Hit skal Eigendomsavdelinga, HR-avdelinga, Studieadministrativ avdeling, Forskingsadministrativ avdeling, Kommunikasjonsavdelinga og Økonomiavdelinga flytte inn.

I dag har om lag 230 UiB-tilsette kontorplass i Nygårdsgaten 5. Planen er at huset skal romme om lag 400 personar.

UiB-kontor blir bustader

– Kan du anslå den samla marknadsverdien for desse bygga?

– Vi har fått vurdert marknadsverdien på dei: Professor Keysergate 6B:  8,2 millionar kroner, Professor Keysers gate 8: 14 millionar  kroner. Bygget i Allegaten 34: 25 millionar kroner. Takst på Villavn 1A er enno ikkje klar, men vi vurderer marknadsverdi til mellom 20 og 25 millionar kroner, seier Botnevik. 

Eigendomsdirektør Even Berge opplyser at marknadsverdien til Christie gate 13 er vurdert til å vere 175 millionar kroner. Denne vurderinga er gjort av ekstern takstmann. 

– Korleis er marknaden for kontorbygg?

– Bygga som vi tidlegare har lagt ut for sal, har vore attraktive. Dei er stort sett blitt  omregulert til bustader, og gjort om til hyblar eller leilegheiter, seier Botnevik. 

Seljast: Villaveien 1A skal seljast. Bygget vil truleg ha ein markandsverdi på mellom 20 og 25 millionar kroner. 

Seljast: Christies gate 13 er lagt ut for sal. UiB ventar å selje dette bygget for marknadsverdien på 175 millionar kroner.

Seljast: Allegaten 34 blir lagt ut for sal for 25 millionar kroner. 

 

Seljast: Professor Keysergate 6B er taksert til 8,2 millionar kroner, Professor Keysers gate 8 er taksert til 14 millionar  kroner. Bygga vil kome for sal, kanskje i løpet av 2018. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed