Skulle flytta samlinga måndag

Publisert:17. august 2017Oppdatert:21. august 2017, 11:16
Så langt er 245 gjenstandar sakna frå Dei kulturhistoriske samlingar ved UiB. Foto: Universitetsmuseet

Fleire av gjenstandane som er stolne frå museumstårnet skulle flyttast måndag morgon. – Me hadde maks uflaks, seier museumsdirektør Henrik Von Achen. 

Gjenstandane som er sakna etter innbrotet på Universitetsmuseet var del av ei vikingutstilling som akkurat var avslutta. Dei var mellombels lagra i magasina i museumtårnet - kor ein eller fleire gjerningspersonar tok seg inn via eit stillas ein gong i løpet av førre helg. 

– Tinga skulle ut av bygget. Dei var pakka for at dei skulle flyttast måndag morgon. Det var ekstra uheldig. Dei skulle ikkje vera i tårnet. Det var maks uflaks, men livet er av og til slik. Det kunne ikkje vore gjort på eit dårlegare tidpunkt, seier Von Achen.

Gjenstandane var tatt ut av montera i utstillinga og skulle sjåast over og konserverast. 

– Det var meir i magasinet enn det ofte er, seier museumsdirektøren. 

– Trur de det kan vera samanheng mellom denne flyttinga og innbrotet?

– Det er utruleg vanskeleg å seia med sikkerheit, det kan vera -  men me har ingen grunnlag for å ha ei formeining om dette. Det er det berre politiet som kan ha, seier Von Achen (bildet).

Fleire magasinlager

Universitetsmuseet har tilgjengelege magasinlager mellom anna i Hansahallene på Kalfaret.

– Burde fleire museumsgjenstandar vore lagra der? 

– Hadde me hatt moglegheit for det ville me hatt alt under sikre forhold. Men det er utruleg mange kompliserte faktorar rundt dette. Gjenstandane må vera tilgjengelege for forsking og formidling også. Det som alle må kunna seia er at Haakon Sheteligs plass 10 ikkje er verdas beste museumsbygg. Bygget er frå 1927 og det var heilt andre forhold og krav til ting den gongen.

Les også: Nygårdshøyden kan få nytt, spektakulært museumsbygg

– Det er fullt mogleg å sikra bygget her, men det er meir komplisert å sikra Haakon Sheteligs plass 10, enn eit bygg som betre oppfyller krava til magasinlager. Det gjeld ikkje berre sikkeheit, men også klima.

Les også: Sopp angriper steinalderøkser

– Kjem de til å flytta fleire gjenstandar over i dei andre magasinlagera?

– Det er noko me skal sjå på. Men me har innført ekstra sikkerheitstiltak, så akkurat no er det ikkje behov for å flytta på ting i panikk. No er me sikra tredobbelt og meir. Men på sikt må me sjå om det er liv laga over tid, eller om me kan finna betre løysingar som kan la seg drifta meir rasjonelt.  

 

Museumstjuvane tok seg inn i tårnet gjennom dette vindauge i sjuande etasje. Foto: Politiet

– Utruleg tungt

245 gjenstandar er så langt sakna frå museet. 

– Me trur at talet totalt vil koma mellom 200 og 300. Det er utruleg tungt og fortvilande. Me håpar at etterforskinga vil gjera det mogleg å få noko tilbake, seier Von Achen. 

Politibetjent Even Magnus Aspli, fortel torsdag ettermiddag at dei har fått ein ein god del tips i saka. 

– Me har fått tips internt i våre politikanalar og tips får publikum. Men det er for tidleg å seia kva det kan føra til. Me ser på alt i dag. Me ønsker oss fleire tips – både små og store. Me har tett dialog med museet om kva gjenstandar som er vekke, seier Aspli.

Dei har førebels ingen mistenkte i saka, opplyser Aspli. 

– Ser det ut som eit profesjonelt tjuveri? 

– Me har sikra spor som er sendt inn til analyse, og me må nesten avventa svara før me kan seia noko nærare om åstaden. Me etterforskar breitt rundt tidspunktet for innbrotet, og undersøker heile helga – men primært laurdag.

– Blei ikkje gjort innvendig kontroll

Even Berge, leiar for Eigedomsavdelinga på UiB fortel at dei sat inn alarm på stillaset ut i frå tidlegare erfaring. Dei har fått bekrefta at alarmen gjekk av to gonger laurdag kveld. 

– Alt tyder på at det blei gjort ei feilvurdering den kvelden. Nokas rykka ut to gonger. Det blåste mykje den kvelden, og vektaren gjer ein visuell kontroll, og konkluderer med at det er presenningen som har blåst og gitt utslag. Men det blei ikkje gjort innvendig kontroll – det viser seg å vera feil i ettertid. 

Kommunikasjonssjef i Nokas, Ådne Mauritzen, ønsker ikkje å gå i detalj på hendingsforløpet.

– Eg kan bekrefta at me har vore på staden og inspisert. Me er i gong med å sjå på eigne rutinar - om me kunne gjort ting annleis, og er i dialog med kunden for å sjå om det er sikkerheitshol som må tettast, seier Mauritzen.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed