Skal vurdere lønna til universitetsdirektør

Publisert:24. august 2017Oppdatert:25. august 2017, 10:13
Det nye styret ved UiB skal mellom anna gi innspel om løna til direktøren. Men først var det tid for offisiell fotografering. Frå venstre Katja Løvik, Hanne Foss Hansen, Alf Erling Risa, Bjørn K. Haugland, Jørgen Melve, Dag Rune Olsen, Kjersti Fløttum, Kjersti Fløttum, Vegard Fosso Smievoll, Marianne Møgster og fotograf Thor Brødreskift.

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm skal få vurdert innsatsen sin under universitetsstyremøtet i dag.

Universitetet i Bergen har fått nytt styre, som har sitt første kl. 1330 torsdag. Før lønsj er det seminar for styret, i form av opplæring om rolla og informasjon om institusjonen. Denne delen blir ikkje strøyma. 

Mange nye medlemmer

Styret vil det neste året bli leia av rektor Dag Rune Olsen. Kjersti Fløttum og Alf Erling Risa representerer dei vitskapleg tilsette, mens Synnøve Fluge er representant for mellombels vitskapleg tilsette. Jørgen Melve er vald av dei teknisk og administrativt tilsette. Studentrepresentantar er Katja Løvik og Vegard Fosso Smievoll. Dei nye eksterne representantane er Hanne Foss Hansen, Bjørn K. Haugland, Marianne Møgster og Bjørn Østbø. 

På sjølve styremøtet er det få og korte saker som skal opp, men ei av dei er ei vurdering av måloppnåinga til universitetsdirektør Kjell Bernstrøm, som deretter blir sendt til Kunnskapsdepartementet. 

Den offentlege delen av saksframlegget er ein gjennomgang av kor langt universitetet har kome på strategisk viktige område, og speglar at Bernstrøm er ansvarleg for heile drifta til institusjonen, heller enn kva hans personlege innsats har vore. 

Bak lukka dører

På vanskelege område, som mellombels tilsetting, der UiB har prestert særleg dårleg gjennom ei årrekke, er det lite direkte kritikk å spore. <<Det er tidkrevende å endre etablerte praksiser og arbeidet videreføres for å oppnå mer tilfredsstillende resultater>> står det i evalueringa. Då På Høyden gjekk gjennom leiarlønsavtalar i sektoren i 2016, viste det seg at ingen hadde fått reduserte bonusar i løpet av dei siste fem åra

Evalueringa inneheld òg ein hemmeleg del, som På Høyden har bede om innsyn i. Administrasjonen har varsla at denne delen av møtet kan bli lukka, men det er styret sjølv som kan avgjere lukking. 

Klokka 1000 fekk styret òg ei orientering om tjuveriet ved Universitetsmuseet. Dette skjedde bak lukka dører. 

Møtet blir strøyma her frå 1330. 

Her finn du sakspapira for møtet:

S 82/17 Universitetsstyret 1.8.2017-31.7.2021 - konstituering
S 83/17 Styrets forretningsorden
S 84/17 Økonomirapport per juli 2017
S 85/17 Langtidsplan for forskning og utdanning - Ettersendes
S 86/17 Retningslinjer for Senter for fremragende forskning (SFF-IV) ved Universitetet i Bergen
S 87/17 Endring i reglene for Læringsmiljøutvalget - virkeområde og sammensetning
S 88/17 Oppnevning av meldemmer til sentrale råd og utvalg for perioden 1.8.2017-31.7.2021
S 89/17 Oppnevning av eksterne medlemmer til styret for Det medisinske fakultet
S 90/17 Universitetsdirektørens måloppnåelse 2017
Orienteringer
Eventuelt

 

 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed