Roar går frå ubåt til UiB

Publisert:4. august 2017Oppdatert:4. august 2017, 06:00
Roar Espevik har mellom anna vore ni år på ubåt, men har òg doktorgrad i psykologi. Først i november tar han til som instituttleiar for samfunnspsykologane.

Roar Espevik har styrt ubåt i årevis. No tek han over instituttleiarjobben på samfunnspsykologi.

– Eg er grådig interessert i forholdet mellom menneske og samfunnet, og det har eg alltid vore, fortel Roar Espevik.

Han er tilsett som ny instituttleiar på Institutt for samfunnspsykologi ved Det psykologiske fakultetet, og ser fram til å bruke all tida si på universitetet. No er han dekan på Sjøkrigsskolen på Laksevåg.

– Litt av utfordringa der eg har jobba no er at det er ein gjere-kultur og ikkje ein tenke-kultur, seier Espevik.

Frå den praktiske verda

Høgskuleutdanninga til marinen er svært retta mot det operative ansvaret offiserane får som leiarar på fartøy.

Sjølv har han vore på ubåt i ni år.

– Eg har vore i den praktiske verda, om ein kan vere så frekk å seie det.

I Sjøforsvaret har han gått gradene, med befalsskule og krigsskule. Men hovudfaget i pedagogikk tok han ved UiB. Det leidde fram til ei doktoravhandling om lagarbeid i tryggingskritiske organisasjonar, som militær-, politi- og kirurgilag. Har dei nytte av å kjenne kvarandre? Gjer dei ein betre jobb om dei deler dei same mentale modellane? Espevik fann at lag som kjende kvarandre takla stress betre, var meir merksame i rolege periodar, og lærde hurtigare.

På Sjøkrigsskolen har Espevik mellom anna deltatt på kurs på Statsraad Lehmkuhl. No blir oppgåva å få psykologane til å trekke i same retning. Foto: Torgeir Haugaard, Forsvaret

Skeptisk til programerklæring

Men han har og vore knytt til UiB gjennom ei deltidsstilling som førsteamanuensis.

– Eg tok permisjon frå Sjøforsvaret for å bli ferdig med doktorgraden, og eg er veldig tiltrekt av universitetet. Det er utruleg mange flinke folk der, og samtalane blir annleis der inne.

På Sjøkrigsskolen har han bygd opp leiarutviklingsprogrammet.

– Har du ei programerklæring før du byrjar i den nye jobben?

– Eg er ikkje så begeistra for programerklæringar. Eg skal få lov til å vere saman med 65 menneske, og eg er nøydd til å preike med alle, og høyre kva dei meiner.

Lite skrik og hyl

Espevik meiner at leiarkulturen i forsvaret og på universitetet ikkje er så ulik som folk trur.

– Du kan ikkje ha leiarar som står og skrik og hylar. Det har vi lært oss på den harde måten i forsvaret. Eg har gått ein del i gangane på UiB, og synest ikkje det er så ulikt. Folk driv på med mykje forskjellig, og det gjer dei i Sjøforsvaret òg.

– Trur du fallhøgda blir stor for deg som leiar, når det nettopp er leiarskap du er spesialist på?

– Fallhøgde er det på alt du gjer i livet. Eg har vore i mange vanskelege situasjonar, og mange konfliktar. Eg trur rett og slett at eg er flink med menneske. For å bli ein god leiar må du ha nokolunde normal intelligens, òg sosialt. Og så hjelper det på at du får ansvar tidleg. Er du blitt eksponert for livet, så er du betre rusta til å møte det, seier Espevik.

Må først på tokt

Han trur kommunikasjon er sentralt i den nye jobben:

– Det viktigaste er å få folk til å snakke saman. Meiningsbrytingar må vi òg ha, og vi må snakke med kvarandre, ikkje berre om kvarandre. Men ein leiar skal ikkje ordne opp i alt mellom menneske, det er eit ansvar for alle.

Ideelt sett skulle han byrja i jobben 1. august, men han fekk tilbodet seint, og må gå ut oppseiingstid på Sjøkrigsskolen. Å dra med SS Statsraad Lehmkuhl på langtur med nye kadettar blir noko av det siste han får med seg.

– Så kjem eg til UiB første november. Det er litt dumt om dei ikkje har nokon til å gjere jobben i dei tre månadane, men eg kan ikkje ha to jobbar samtidig.

Før han startar på UiB 1. november blir det mellom anna tokt med Statsraad Lehmkuhl for dekanen på Sjøkrigsskolen. Foto: Torgeir Haugaard, Forsvaret

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed