Myking sluttar som kommunikasjons-direktør

Publisert:9. august 2017Oppdatert:10. august 2017, 12:06
Ingar Myking har leia Kommunikasjonsavdelinga i seks år. Her er han fotografert i samband med banketten for Holbergmiddagen.

Han går til ny stilling som direktør ved universitetsdirektørens kontor, der han skal jobbe med leiarstøtte til utgreiing, analyse og universitetspolitiske spørsmål.  

– I den nye rektorperioden ønsker vi å markere oss endå tydelegare i sentrale og prinsipielle spørsmål.  Skal vi lukkast med det må det arbeidast meir systematisk både med utgreiing, analyse, rådgiving om og kommunikasjon av sentrale universitetspolitiske spørsmål, og for å styrke det strategiske arbeidet til universitetet med kunnskapsklynger og dei tverrfaglege satsingsområda. For det nye rektoratet har det vore viktig å få på plass ein ressurs heilt frå starten av rektorperioden som kan gi oss større slagkraft i dette arbeidet, seier rektor Dag Rune Olsen i ei pressemelding.

Ingar Myking har vore kommunikasjonsdirektør i meir enn seks år, frå han tok over etter Torny Aarbakke, som no jobbar for Havforskingsinstituttet. Myking kom frå ei stilling som seniorrådgivar ved Rektors kontor, og jobba som rådgivar for Sigmund Grønmo. 

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm har ikkje vore tilgjengeleg etter at jobbskiftet blei kjent. 

Myking sjølv gir uttrykk for at han er glad for jobbytet. 

– Eg gler meg til å ta fatt på nye og spennande arbeidsoppgåver. Universitetsleiinga har klare visjonar for korleis dei ønsker å posisjonere UiB som ein universitetspolitisk aktør i åra som kjem, og eg opplever for min eigen del at tidspunktet no var det rette for å gjere eit skifte. Kommunikasjonsavdelinga har vore gjennom ein omfattande omorganiseringsprosess som har styrka samhandlinga med fakulteta. I tillegg har vi no fått på plass ein tydeleg kommunikasjonsplan og -plattform som ei tett oppfølging av UiB-strategien, seier Myking i ei pressemelding. 

Stillinga som kommunikasjonsdirektør vil bli lyst ut denne månaden. Myking tek til i den nye jobben umiddelbart, men vil halde tak i nokre av oppgåvene til ein ny direktør er på plass. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed