Løken går frå UiB til NHH

Publisert:7. august 2017Oppdatert:7. august 2017, 14:52
Katrine Vellesen Løken tar permisjon frå professor-stillinga si ved UiB for å vera med på å bygga opp det nye senteret for framifrå forsking ved NHH.

Katrine Vellesen Løken blir professor ved NHH og del av det nye SFF-senteret FAIR

NHH har blitt tildelt SFF innan arbeidsmarknad- og åtferdsøkonomi. I samband med dette kom dei med eit tilbod om å starta å jobba der og bli med på å bygga opp senteret. Eg går inn i leiargruppa og vil bruka mykje tid på dette, i tillegg til forsking og noko undervisning. Å vera med på ein SFF innan mitt eige fagfelt er ei unik moglegheit så eg takka derfor ja, seier Vellesen Løken.

Økonomiprofessoren og vinnar av Nils Klim-prisen 2017 er særleg kjent for si forsking på statleg velferdspolitikk. Ho var ferdig med mastergraden sin ved UiB i 2006 - og har vore ved UiB og Institutt for økonomi sidan.

I 2015 ble ho i ein alder av 31 år tidenes yngste, norske økonomiprofessor. 

Les også: En effektiv professor 

– Veldig vemodig

Det er ikkje med lett hjarta ho går over til NHH

– Det var veldig vemodig å slutta på UiB. Det var eit vanskeleg val. Eg har hatt det fantastisk ved Institutt for økonomi og kommer til å sakne gode kollegaer. Eg vil halda fram med å ha ei 20 prosent-stilling, og vil halda kontakten.

Vellesen Løken kjem til å forska på mykje av det same som ho har gjort ved UiB. 

– Eg forskar på effektar av å vera i fengsel, og skal halda fram med det. Me har mange problemstillingar me vil sjå på. Mellom anna skal me sjå på offer for kriminalitet. Både korleis det at gjerningsmannen hamnar i fengsel påverkar offera, og korleis det å bli utsett for kriminalitet påverkar dei, både på arbeidsmarknaden og når det gjeld velferd. Me vil gjerne prøva å kopla det opp mot helsedata også. Men det er fram i tid. Planen er å bli med på andre prosjekt også etterkvart. 

Les meir: Færre brotsverk med fengselsopphald

Større fagmiljø

Økonomiprofessoren ser fram til å få eit større fagleg miljø.   

– Det blir satsa på rekruttering her, både på professor 2-nivå, men det er også store planar på å rekruttera i faste og mellombelse stillingar. Det blir ei stor auke i folk som kjem inn her. UiB har ikkje same ressursane innan mitt fagfelt. UiB tilbydde meg gode vilkår, betre lønn og moglegheiter for å forska, men dei har ikkje ein SFF, og det var ikkje mogleg for dei å tilby noko liknande miljø.  

Førebels tar ho eitt år om gongen. 

– Eg har permisjon i to år frå UiB, etter dei åra må eg vurdera nøye kva eg vil, og ta ei avgjerd etter det. Eg har inga klar formeining om kva eg skal om to år.  

Som Nils Klim-prisvinnar har det vore ein hektisk vår. 

– Det har vore turbulent, spennande og veldig kjekt. Eg ser fram til å fokusera på forskinga no, det har gått litt utover den. Eg har kome litt i gang etter ferien, det har vore veldig gøy.   

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed