Kan finna lykkepromillen med ny app

Publisert:16. august 2017Oppdatert:16. august 2017, 21:49
Førsteårsstudentane Maren Ingebrigtsen og Frida Nøtsund sjekkar ut den nye appen som seier i frå når du er for rusa. – Me fekk tips om den frå faddarane våre tidlegare i veka, seier dei to. Foto: Marthe Njåstad

Studentsamskipnaden har lansert appen «Lykkepromille» for å få studentane til bli meir bevisste på alkoholforbruket sitt.

Basert på alder, vekt og høgde reknar appen ut promillenivået i blodet. Målet er at ein skal halda seg mellom 0,5 og 1 i promille - då skal den stimulerande effekten av alkohol vera størst.

– Det er jo litt artig med ein slik app. Det kan vera bra å sjå at det er ulikt kor mykje folk toler - eg kjem til å prøva den, seier Frida Nøtsund. 

Saman med Maren Ingebrigtsen har ho nettopp starta å studera sosialantropologi. Sjølv om dei i utgangspunktet er positive til appen, ser dei også fallgruver. 

– Det er vel ein viss fare for at eg hadde gløymd å registrera kor mykje eg drakk utover kvelden, seier Maren med eit smil. 

Les også: – Kunnskap har aldri vore viktigare

– Mobilen har me med oss overalt

Lykkepromille er eit prosjekt i regi av Studentsamskipnaden på Vestlandet, som vart starta i 2012. Dei jobbar for eit moderat alkoholforbruk blant studentane - og no blir også appen med same namn lansert.

– Me tenker at ein reiskap som skal brukast av studentar må vera på studentane. Mobilen har me med oss over alt og ligg gjerne på bordet medan studentane drikk og er på fest. Målet med appen er å halda seg på lykkepromille-nivå. Ein loggar det ein drikk og så er målet å halda seg innanfor den sona. Går du over får du beskjed om det, seier prosjektleiar i Lykkepromille Ingvill Skjold-Thorkildsen (bildet).

Ein får ikkje måla promille utover éin i appen. 

– Det er nokre erfaringar frå andre appar som viser at dei kan brukast til drikkeleik og konkurranse om kven som kan få høgast promille, det er mot si hensikt. Når ein byrjar å koma opp i promille over éin, gløymer ein at ein heldt på med denne appen uansett. Dette skal vera app for dei som ønsker å drikka på ein kontrollert måte, seier Skjold-Thorkildsen.

 

Slik ser dei ulike skjermbilda i appen ut. Først registrerer ein vekt, høgde og alder. Deretter kan ein byrja å registrera kor mange einingar med alkohol ein drikk. I skjermbildet til høgre ser ein kva promille ein ligg på.

– Behov for enkel app

Det finst likande kalkulatorarar på nettet som måler promille, og også appar, men Lykkepromille meiner det er behov for deira versjon. 

– Mange av dei som finst allereie er på andre språk, og me synest ikkje dei få som er på norsk var gode nok. Det var behov for ein enkel og intuitiv app med få og gode funksjonar, seier Skjold-Thorkildsen. 

Lykkepromille har snakka med alle fadrane og promotert appen blant dei, og har også halde foredrag for dei nye studentane denne veka.

Sidan oppstarten av Lykkepromille i 2012 har det vore ei stor forandring i Fadderveke-opplegget, fortel Skjold-Thorkildsen. 

– Då Lykkepromille starta som prosjekt hadde fadderveka veldig dårleg rykte. No har det har verkeleg forandra seg til å bli mindre fyll. Me skal ikkje ta all æra for det, men me har vore med å påverka. Dei som arrangerer faddervekene får skryt av politiet, som seier det er mykje rolegare enn før. Det er sjølvsagt fyll og drikking framleis, men i mindre skala, seier ho - og legg til:

– Me ser også ei profesjonalisering i organiseringa av fadderveka. Det er utruleg flinke studentar som legg ned vanvitig mykje tid i å planlegga ei god fadderveke. 

– Eit fint fokus

Seksjonsleiar ved Avdeling for rusmedisin på Haukeland universitetssjukehus, Arild Opheim, synest det er bra at det er fokus på alkoholforbruket. 

– Eg applauderer kreativiteten til å få kontroll på alkoholbruken, og korleis ein kan få kjennskap til kva ein tåler slik at ein ikkje blir for berusa. Det er det same kvar vår og haust. Både med russen og i fadderveka, der ein skal prøva å halda kontrollen, og samstundes ha det morosamt, seier Opheim. 

Han er positiv til appar som den Lykkepromille no lanserer. 

– Det kan henda det kan hjelpa for nokon. Og eg vil tru ein blir nysgjerrig på å testa appen for å sjå kva ein toler. Å veta kor mykje ein kan drikka før det blir ubehageleg eller meir enn ein hadde tenkt - er bra, seier Opheim. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed