Innbrot på Universitetsmuseet

Publisert:14. august 2017Oppdatert:16. august 2017, 11:11
Politet held på med tekniske undersøkingar på Universitetsmuseet. Foto: UiB

I løpet av helga har éin eller fleire innbrotstjuvar teke seg inn på Dei kulturhistoriske samlingar ved UiB. Det er enno uklart kor mykje som er stole.

– Politiet har nettopp reist frå området. Me har berre fått eit overblikk, men det me kan seia så langt er at ein del ting er vekke. Det ser ikkje bra ut, seier museumsdirektør Henrik Von Achen til På Høyden i 14-tida. 

– Me oppdaga det i dag tidleg då folk kom på jobb. Det blei slått alarm med ein gong, og politiet og Nokas blei varsla, seier Von Achen.

Fleire tilsette ved museet jobbar no for å få oversikt over kva gjenstandar som er stolne. 

– Me kjem til å jobba i dagane som kjem med å få eit fullstendig overblikk. Det er so pass kaotisk her, at det er vanskeleg å estimera kor mykje som er tatt. Men per no ser det ut til at gjenstandar av ein viss størrelse ikkje er vekke - det er mindre ting som er sakna, seier seniorkonsulent ved Avdeling for kulturhistorie, Tor Arne Waraas.  

Den eller dei som står bak innbrotet har tatt seg inn via eit stillas som stod ved tårnet på museet. 

– Normalt er det ikkje alarm i tårnet, fordi det er ingen tilgang til tårnet forutan gjennom bygget kor det er alarm. Det skal også ha vore alarm på stillaset, men me veit ikkje om den ikkje har fungert, seier Von Achen (bildet). 

Ingen mistenkte

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Helge Blindheim, seier dei framleis ikkje veit kven som står bak innbrotet. 

– Me har gjort undersøkingar der oppe i dag - men førebels har me ingen mistenkte i saka, seier Blindheim. 

Von Achen seier det er ein trist dag for museet. 

– Det er heilt forferdeleg for eit museum når noko slikt skjer, det rammar det heilt eksistensielle. Me arbeider for å ta vare på kulturarven. Viss me har mista noko, så har me inga forklaring som er god nok.

– Uerstattelege verdiar

Han fortel at det dreier seg om uerstattelege kulturhistoriske verdiar.

– Det var sentrale arkeologiske materialar der -  først og fremst frå jernalder og vikingtid. Men dette er ikkje ting som kan seljast, og dei er ikkje lett omsettelege. Me kan jo håpa på at noko kjem til rette att, seier Von Achen. 

Før krimteknikarane har gjort seg ferdig på åstaden er det vanskeleg å seia noko om omfanget av innbrotet.

– Det er heilt klart at noko er tatt, men me veit ikkje kor mykje det dreiar seg om. Me måtte komma oss ut av bygget så politiet fekk gjera sine undersøkingar. Men me fryktar det verste, sa Von Achen måndag i 11-tida. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed