Her tok museumstjuvane seg inn

Publisert:15. august 2017Oppdatert:16. august 2017, 11:13
Gjennom eit vindauge i sjuande etasje på «Historisk museum» kom ein eller fleire gjerningspersonar seg inn delar av magasinlagera til Dei kulturhurhistotiske samlingar på Universitetsmuseet. Foto: Politiet

Alarmen gjekk to gonger laurdag kveld - utan at noko mistenkeleg vart oppdaga.

– Me fekk beskjed frå Nokas måndag morgon om at alarmen vart utløyst to gonger i helga. Alarmen gjekk rett til Nokas, og politiet har ikkje rykka ut på dette, seier politibetjent Even Magnus Aspli til På Høyden.

Det er framleis uklart om alarmane kan knyttast til innbrotet. 

– Me har folk frå Eigedomsavdelinga som er i gong med å finna ut kva som eigentleg skjedde laurdag. Dei er i kontakt med politi og Nokas. Ikkje fordi me har behov for å plassera skuld, men me vil finna ut kva som var handlingsforløpet laurdag kveld. Det er viktig. Me reknar med det vil koma ein rapport frå Nokas – dei fører jo logger over dette, seier museumsdirektør Henrik Von Achen.

– Ber publikum om tips

Ein eller fleire gjerningspersonar klatra opp eit stillas og tok seg inn eit vindauge i sjuande etasje i tårnet på museet i løpet av helga. Dei fekk tilgang til nokre av magasinlagera til Dei kulturhistoriske samlingar og det har forsvunne ei rekke gjenstandar frå jernalder og vikingtid.  

– Me går breitt ut i etterforskinga og sjekker mellom anna videoovervaking i området. Me har spor å gå etter, men har ingen spesifikke personar i søkelyset per no. Me oppmodar publikum til å ta kontakt med politiet om dei har tips i saka, seier politibetjent Even Magnus Aspli.

Von Achen seier dei innførte ekstra sikkerheitstiltak kort tid etter innbrotet var oppdaga.

– No er det ekstra sikring og belysing på heile stillaset, og så kjem me til å ha ekstra sikring inne i kvart rom i tårnet i tillegg. Slik sikrar me oss mot at det skjer igjen på kort sikt. På lengre sikt må me gå gjennom alle rutinar for å sjå kva me burde ha gjort – og kan gjera i framtida. Me trudde me var der me burde vera omtrent, men det viser seg at me openbert ikkje var det, seier museumsdirektøren.

– Spektakulære ting er tatt

Von Achen seier dei har brukt dagen på å halda fram med å få oversikt over det som er vekke. 

– Det ser ikkje bra ut, synest me. Det er forsvunne ein god del - også ting som er spektakulære. Ikkje nødvendigvis viktige i forskingssamanheng, men ting som har vore tenkt på i utstillingssamanheng. Noko av det trur me er borte. Det ser ikkje ut som dei berre har raska med seg eit par gjenstandar i farta, men at dei har fått med seg ein del, seier han. 

For Von Achen er det berre éin ting som betyr noko no. 

– Ansvar og skuld er ikkje vårt hovudfokus no, men det er å få tinga tilbake att - i den grad det er mogleg. Me har det som foreldre som har fått barna sine tekne i frå dei akkurat no. Me håpar berre at tinga ikkje er forsvunne ut av landet. 

Universitetsmuseet har oppretta ei eiga Facebook-gruppe kor bilder av gjenstandar som er forsvunne vil bli lagt ut fortløpande. 

– Tanken er at folk kan gå inn på gruppa og sjå kva me saknar, slik at dei kan halda øyre og auge opne, seier Von Achen. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed