Ekspertutval vil ha meir forsking på terrorisme og ekstremisme

Publisert:10. august 2017Oppdatert:11. august 2017, 09:32
Målet med forskinga skal vera å få kunnskapen som trengs for å sikra eit sterkt og trygt demokratisk samfunn, ifølge utvalet. Bildet viser skadar etter bombeeksplosjonen i regjeringskvartalet 22. juli 2011. Foto: Colourbox

Eit ekspertutval meiner det trengs meir forsking på ekstremisme, terrorisme og radikalisering i Noreg. Forskingsrådet ønsker å utvida satsinga gjennom eksisterande program. 

På oppdrag frå Forskingsrådet har eit ekspertutval utarbeidd ein rapport for framtidig forsking på ekstremisme, terrorisme og radikalisering. Det er nyleg oppretta eit eige Senter for forsking på høgreekstremisme (C-REX) - men utvalet meiner at dette ikkje er nok.

– Det har vore eit veldig interessant arbeid. Det var veldig tydeleg at dei som sat i utvalet på forskingssida, hadde alle opplevd ein enorm oppgang i etterspurnad frå samfunnet om temaet. Både frå media, forvalting, regjering og når det gjaldt undervising. Dei opplevde at det var ein etterspurnad etter kunnskapen som miljøa ikkje var skalert for å møta, seier leiar for ekspertutvalet, professor Elisabeth Ivarsflaten ved UiB, og legg til: 

– Det har i lang tid ikkje vore satsa på feltet, og Forskingsrådet har erkjent det.

Med i utvalet var også representantar frå Justis- og beredskapsdepartementet og Kommunanes Sentralforbund (KS). 

– Me har laga eit dokument som eg håper viser noko av kunnkapsbehovet som finst. Målet er å laga eit dokument som kan stå seg over tid. Det er vanskeleg i eit felt som er veldig prega av hendingar og som får stor merksemd i samfunnet akkurat no. Me har prøvd å finna ut kva kunnskap me framleis vil trenga om ti år. Me går ganske ambisiøst til verks og seier at målet for forskinga overordna sett, er å ha kunnskapen som trengs for å sikra eit sterkt og trygt demokratisk samfunn, seier Ivarsflaten (bildet).

– Viktig med fleire miljø

UiB-professoren understreker at det er eit område som har ulike innfallsvinklar.

– Me legg også vekt på at det er eit forskingsfelt som kan kjenneteiknast av noko fagleg usemje. Ikkje berre når det gjeld årsakssamanhengar, men definisjonar og avgrensingar. Det ligg i saka sin natur. Kva er ekstremisme, kva er ein terrorist? Dette er omgrep som det er naturleg at det vert knytt fagelg debatt til - noko anna hadde vore uheldig. I eit godt demokrati skal det vera rom for faglege brytning rundt dette.

Ivarflaten fortel at dei nettopp på grunn av dette har vore opptekne av at det bør finnast fleire miljø som forskar på tema.

– Ulike tilnærmingar kan vera veldig bra, seier ho. 

Utvalet trekk også fram viktigheita av teknologiperspektivet.

– At fagmiljø får høve til å trekka inn teknologiske endringar, og korleis det får betyding for terror, ekstremiske og radikalisering, er det stort behov for. 

Les også: Forskar på farleg høgreekstremisme

Forskingsrådet ønsker å satsa meir

Forskingsrådet ønsker meir midlar til å få forskinga på plass. 

– Det blir eit satsingsområde, men det blir ikkje eit eige program fordi tematikken er sopass brei. Me har gode program i dag kor me kan inkludera ekstremismeperspektivet inn i dei temaa som allereie eksisterer, seier spesialrådgjevar i Forskingsrådet, Nina Therese Maubach, og legg til: 

– Me tenker særleg på programmet for samfunnssikkerheit. I dag har det stor tyngde på samfunnssikkerheit som er knytt til vern mot naturkatastrofar og ulukker, og ikkje vondsinna handlingar. Me ønsker å utvida programmet til å handla meir om ekstremisme, terrorisme og radikalisering.

Dette programmet vil bli eit ankerfeste, fortel Maubach. I tillegg er utdanningsprogrammet, DEMOS (Demokratisk og effektiv styring, planlegging og forvalting) og SAMKUL (Samfunnsutviklinga sine kulturelle føresetnader) program kor ein også ønsker å ta inn desse problemstillingane.

No avventar dei berre budsjettforhandlingane i haust. 

– Me er avhengige av at departementa som finansierer programma godtek at me utvider perspektiva i dei. Me får ikkje veta noko før i oktober, men det ligg inne i budsjettforslaget frå Forskingsrådet å styrka dette feltet. Det er klart at me gjennom formuleringar i utlysingar kan vri innsatsen innanfor nullvekst, men det vil ikkje vera nok til at det verkelelg monnar, seier Maubach.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed