Alle vil hjelpe dei unge i akademia

Publisert:15. august 2017Oppdatert:16. august 2017, 09:32
Trond Giske i Ap, Mats Johansen Beldo i NSO og kunnskapsminister Thorbjørn Røe Isaksen var ikkje dei einaste som framheva studentar og yngre i akademia under Arendalsveka. Foto: Dag Hellesund

Undervisning og karrieremulegheiter for unge forskarar er sentralt i debatten under Arendalsveka. 

– Universiteta skal vere den mest attraktive arbeidsplassen for unge. Det er ikkje heilt der vi er no, seier direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen. 

Saman med hundrevis av andre leiarar og lobbyistar deltok han på Arendalsveka tysdag. Og både politkarar, studentar, rektorar og tillitsvalde var einige i at det må bli meir fokus på den yngre delen av akademia.  

Skikkeleg bekymra

Forskerforbundet og Akademiet for yngre forskere arrangerte eget debattmøte om karrieremulighetene for unge forskere. Basert på ei meiningsmåling dei har fått utført, meiner dei at sektoren blir mindre attraktiv som framtidig arbeidsplass for studentar. 

– Det er ein urovekkande trend at det både blant master- og doktorgradsstudentar er mindre attraktivt å jobbe i akademia, seier leiaren av Forskerforbundet, Petter Aaslestad. 

– Eg er vanlegvis optimist, men når det gjeld dette er eg skikkeleg bekymra. 

Det seier rektor ved NMBU, Mari Sundli Tveit. Ho er samd med Forskerforbundet og Akademiet for yngre forskere om at institusjonane ofte tapar kampen om dei beste hovuda. 

– Men det er meir eit problem for institusjonane enn for forskarane. Dei må få trua på at det er hos oss dei vil få slå seg laus fagleg. Vi må vere dristigare, og ha fridom til å følgje ideane, legg ho til. 

Pisk og gulrot

På Stortinget er det og brei politisk semje om å presse institusjonane til å få ned talet på mellombels tilsette. 

– Eg saknar litt trøkk frå den sitjande regjeringa når det gjeld å få ned talet på mellombels tilsette, seier Marianne Aasen frå Arbeidarpartiet, som legg vekt på utviklingsavtalane mellom Kunnskapsdepartementet og institusjonane for å nå målet. 

Stortingskollega Lill Harriet Sandaune frå FrP er samd, men opnar for hardare virkemiddel, ved å kutte i finansieringa til institusjonar som ikkje får gjort noko med situasjonen. 

Utgang i enden?

Men den nye rektoren ved UiO, Svein Stølen, kjenner seg ikkje igjen i framstillinga av situasjonen:

– Vi har sagt at vi skal jobbe med personalpolitikk, men makan til svartmaling! Eg går ikkje med på at vi mister alle dei gode hovuda, for det gjer vi ikkje. Personalpolitikk er ansvaret til sektoren, og rammeverket har politikarane ansvar for. Og vi må òg diskutere kva vi skal gjere om vi tilset fleire, og pengane renn ut. Då må vi òg kunne gjere noko i den andre enden, seier Stølen. 

UiO-rektor Svein Stølen opplever ikkje at han taper dei beste hovuda til andre, i motsetnad til frå venstre Lill Harriet Sandaune (Frp), Magnus Aronsen (NSO), Marianne Aasen (Ap) og Mari Sundli Tveit (NMBU). Foto: Dag Hellesund 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed