— 2018 blir særskilt krevjande for HF

Publisert:10. august 2017Oppdatert:10. august 2017, 22:51
Den nye dekanen på Det humanistiske fakultet, Jørgen Magnus Sejersted, seier det vil bli eit par magre år i vente for HF. Instituttleiarane fryktar for det faglege tilbodet for sine studentar.

Den økonomiske situasjonen på HF skapar utfordringar for drifta på institutta. No ventar budsjettforhandlingar for 2018.

Med eit underskot på 16 millionar kroner gjekk HF inn i 2017. No ventar ein ny haust med budsjettforhandlingar for fakultetet - og størsteparten av underskotet tek dei med inn i det komande året. Dei tøffe økonomiske tidene får konsekvensar for institutta. 

– Dei sentrale kutta frå universitetsleiinga har gått sterkt ut over fakultetet samt institutta. For våre fag er det ein vanskeleg økonomisk situasjon. Me har mange små fag og få tilsette, som gjer at faga våre har ressursmangel. Det er nokre fag som er nesten er heilt strupte, som japansk til dømes. Fleire av faga har to til tre tilsette. Det er for lite til å driva skikkeleg, seier Åse Johnsen, leiar for Institutt for framandspråk på HF.

Ho seier det ikkje er mogleg å spara inn meir enn har gjort. 

– Me kan ikkje kutta meir på undervisningstilbodet dersom me skal kunna gje studentane eit forsvarleg tilbod. Ressursmangelen går dessutan utover arbeidssituasjonen til dei tilsette som har eit stort arbeidspress over tid.

– Når situasjonen er slik – er det rett å oppretthalda alle småfaga ved instituttet?

– Dersom me skal vera eit breiddeuniversitet, må me også kunna tilby fag som ikkje tiltrekker seg store grupper studentar. Det betyr i praksis at større fag må subsidiera dei små, seier Johnsen (bildet). 

Les også: Ingen krisestemning i humaniora

Historiefaget utsett

Leiar på Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR), Jan Heiret, seier også dei større faga på fakultetet opplever utfordringar.

Ved AHKR har dei har hatt stor pågang til historieutdanninga, som er det største faget på fakultetet.

– Me har større pågang til historiefaga enn på fleire år, både på master- og bachelornivå, og me har fått nytt lektorprogram. Samstundes som me får fleire studentar, er me midt i eit generasjonsskifte, kor me ikkje får erstatta like mange stillingar som forsvinn. Staben er overarbeida, seier han og legg til:

– Det er eitt av dilemma no, dei store faga slit også. Ikkje berre dei små. Det er ei ekstra økonomisk utfordring for HF, det er dei store faga som skaffar inntekter, men dei skal få eit  anstendig studietilbod også. Masterutdanning er til dømes veldig rettleiingsintensivt. Eg vil ikkje bruka ord som krise, men det er ein vanskeleg situasjon, og me må setta oss ned å finna ut korleis HF skal sjå ut i framtida.

Heiret understreker at det er eit godt samarbeidsklima blant instituttleiarane og fakultetsleiinga. 

Les også: Hommen blir ny fakultetsdirektør på HF

Dramatisk endring

Leiar for Institutt for lingvistiske, litterære og estetisk studium (LLE), Johan Myking, fortel om ein krevjande situasjon ved instituttet.   

– Nokre institutt føler hardare på det enn andre. Eg skal ikkje legga skjul på at situasjonen ved LLE har endra seg nokså dramatisk dei siste åra, seier Myking.

Han viser til store prosjekt som er avslutta, og nedgang i produksjonen. 

– Totalt sett har me hatt eit følt fall i disponible inntekter, noko som har gjort drifta betydeleg vanskelegare.

Han trekk også fram at det er utfordrande å få tilsettkabalen til å gå opp.

– Den store saka er at ein ikkje får lyst ut stillingar og erstatta stillingar når folk sluttar. Der er det alltid konkurranse mot andre. Me er eit stor institutt, og tilsette går ofte ut i verv, blir frikjøpte og liknande. Me har eit vikarbehov som må betalast. Me klarar oss sjeldan me det me får øyremerka frå fakultetet.

Han meiner at universitetsleiinga burde tar større grep for å betra situasjonen

– Det er eit ansvar for universitetet sentralt å sørga for at HF har ein tilfredstillande arbeidssituasjon. Muséplass må ta HF sine problem alvorleg. Eg er redd studentane vil merka det for sterkt på mange fag, og då tenker eg ikkje berre på mitt institutt, men på heile fakultetet.

Prosjektet HF2018 skal rasjonalisera studieporteføljen, og mellom anna freista å redusera sårbarheita og underskot ved fakultetet. Myking er usikker på ein vil få nok ut av det. 

– Eg er usikker på om det vil føra til dei innsparingseffektane som er målet. Mange vil meina at ein ikkje har gått hardt nok til verks og sanert fag. Eg kan ikkje ha det synspunktet, eg styrer eit institutt med sju fag, og dei kjem fort i skotlinja, seier Myking (bildet).

Forsvarer småfaga

Myking har to av småfaga på sitt institutt: Latin og teatervitskap. 

– Latin har ikkje mange studentar, men no kjem mellomalderfeltet opp som eit strategisk satsingsområde. Då er latin uunnverleg. Med andre ord kan ikkje ein kutta ut eit slikt fag. Etter at teatervitskap blei lagt ned i Oslo, er det berre Bergen som har faget. Faget forsyner teaterfeltet i Bergen med kvalifisert arbeidskraft. Viss Bergen skulle legga ned faget også, så går det tapt noko nasjonalt, seier Myking.

Les også: På vei til Muséplass 

Han fortel at han fryktar større kamp om midlane i tida som kjem - og at instituttleiarjobben er utfordrande i desse dagar. 

– Det er ikkje så kjekt som når ein har rikeleg med pengar. No må eg fronta vanskelegare avgjerder, og det er klart at ein kjem meir i skvis mellom faglege gode ønsker. Eg ser for meg at me kan få større konkurranse internt på fakultetet i framtida. Eg skal ikkje legga skjul på at det er krevjande. 

Magre år i vente

Den nye dekanen, Jørgen Magnus Sejersted, arvar underskotet frå det førre dekanatet.

– Det er ein tøff situasjon på HF. Det er nedskjeringar som skuldast fleire årsaker. Både resultata tilbake til 2016, men mellom anna også strategiske kutt frå sentralt hald. Det ligg an til innstrammingar og at me må spara pengar. Me har eit akkumulert underskot på 14 -16 millionar. Slik som det ligg an blir det eit par magre år framfor oss, seier Sejersted.

Han fortel at dei skal til å byrja arbeidet med budsjettet og bemanningsplanen for hausten no.

– Eg vil ikkje gå ut og seia så mykje om det endå, sidan me er tidleg i prosessen.

– Håpar du på ei utstrakt hand frå universitetsleiinga?

– Me er ikkje kome så langt i diskusjonen med sentralt hald, men me håpar på, og er avhengige av, forståing frå universitetet sentralt, seier Sejersted (bildet).

Ikkje meir underskot i 2017

Budsjettet for 2017 ser så langt ut til å vera i balanse. 

– Me har tilnærma balanse i årets budsjett. Det er mellom anna fordi me har halde mange stillingar opne – og generelt vore restriktive i pengebruken. Lønnsmiddel dominerer budsjettet, seier dekanen. 

– Det er nettopp mangel på fornying av stillingar som instituttleiarane seier skapar store utfordingar for dei. Kva tenker du om det? 

– Det skjønar eg godt og er einig. Det er likevel den naturlege avgangen som gjev det største handlingsrommet når det gjeld bemanning, det har vore politikken og vil vera det framover. Det gjev avgrensa handlingsrom i forhold til endring i studenttal og så vidare. Det er viktig å ha nok undervisningsressursar på område med stor studenttilstrøyming, samstundes som me skal halda oppe kompetansen innan ulike område i humaniora. Det er ein klassisk konflikt, og gjeld ved universiteta generelt, seier Sejersted.

Les også: Kan UiBs middelalder-forskning gjenreises?

Det ligg ikkje an til umiddelbar betring neste år.

– Me har tru på betre økonomiske tilhøve etter kvart – mellom anna vil dei gode opptakstala i år gje effekt i framtida, men 2018 kjem til å vera særskilt krevjande.

– Vil ein klara dette utan å kutta ut nokre av faga?

– Det er noko av diskusjonen ein må ta internt på fakultet og i styret: Forholdet mellom det å ha store solide miljø, og det å oppretthalda fagleg breidde. Det er ein alvorleg diskusjon me må ta. Me må vera førebudd på at det vil koma nedskjeringar, men kor dei kjem kan eg ikkje svara konkret på no, seier Sejersted.

Usikker budsjettprosess

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm seier situasjonen for HF har variert veldig over tid. 

– Ein periode låg dei med store overskot, og så kom dei inn i ein fase kor dei har hatt svekka økonomi. Det har svinga mykje over tid, og det er noko av utfordringa knytt til HF.

Bernstrøm fortel at det er vanskeleg å seia korleis budsjettprosessen vil bli for fakultetet i år.

– Me veit ikkje kva rammene endeleg blir før statsbudsjettet er lagt fram. I tillegg kjem det an på kva regjering me får. Budsjettprosessen er i til ein viss grad usikker slik sett. 

Budsjettmøter i september

– I september skal me ha møter med leiinga på alle fakulteta. Det er der ein må adressera synspunkta inn i prosessen. Det viktige arbeidet no er at fakulteta lager eit budsjettforslag kor dei tar med dei utfordringane dei har.   

HF tar med seg mellom 14 og 16 millionar i underskotet over til neste år. Når vil underskotet måtte nedbetalast?

– Dei får alltid ein viss tidshorisont på å retta det opp. Det blir avtalt med leiinga og fakulteta. Tilbakebetalingsplanen er fleksibel.   

Han er ikkje einig i kritikken om at HF har opplevd mykje kutt frå leiinga.  

– Det har vore gjort ting for å letta på den tronge økonomien. Dei har fått ei styrking også frå desse strategimidlane. Dei fekk løyving til HF2018 mellom anna. Når det gjeld resultatmidlar på forsking og utdanning, så er det ikkje andre enn fakultetet sjølv som kan gjera noko med det.  

Instituttleiar Åse Johnsen er oppteken av at ein må unngå splitting internt. 

– Me må sjå framover, og stå samla som eit heilt fakultet. Når krybba er tom bitast hestane. Det er viktig å sjå fakultetet som eitt.

Les også: Slik skal de humanistiske fagene rigges for fremtiden

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed