UiB vil ha fleire til å evaluera EU-søknader

Publisert:10. juli 2017Oppdatert:11. juli 2017, 14:43
UiB ønsker at fleire forskarar skal få innsikt i korleis søknadsprosessen i EU sine forskingprogram føregår. Målet er heva kompetansen på søknadsskriving. Foto: Pxhere.no

– Vår oppleving er at om du har erfaring med å vurdera andre sine søknader, så er du betre rusta til å skriva søknader sjølv, seier leiar for BOA-teamet, Beatriz Balino.  

UiB si satsing på å få folk til å melda seg som <<independent expert>> er eit konkret tiltak for å få høgare gjennomslag i Horisont 2020. 

Arbeidet går ut på å vurdera andre sine søknader til EU-programma, og nokre gonger vera med å diskutera søknadane i eit panel i Brussel.

Må bli betre på å forklara <<impact>>

Leiar for teamet som jobbar med å auka bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA) ved UiB, Beatriz Balino, meiner det er ei svært viktig og nyttig erfaring for dei som sjølv sender søknader.

– I EU-programma legg dei like mykje vekt på eksellense som på <<impact>> og innovasjon –  på kva betyding forskinga har for samfunnet. Viss du har vore gjennom ein diskusjon med ekspertar i eit panel som vurderer søknader, så byrjar du å forstå kva dei legg vekt på. Mange forskarar sliter med å skriva desse delane av søknaden som går på impact og innovasjon. Det gjeld særleg innan grunnforsking, seier Balino.

Les også: Bekymra for låg vekst i eksterne inntekter

Ho opplever at forskarane har veldig mykje å henta på nettopp dette punktet. 

– Impact er å bidra med meir kunnskap, det er opplagt, men ein må spørja seg om forskinga får konsekvensar for nokon eller noko i det lange løp. Ikkje berre i forbindelse med teknologisk utvikling, men også for utviklinga i samfunnet.

Til saman er det 36 UiB-tilsette som har evaluert søknader under Horisont 2020-programmet.

– Hatt mykje å seia for karrieren

Professor ved Institutt for fysikk og teknologi, Bodil Holst, har vore med å evaluert søknader i over 20 år - frå ho var 25 år gamal. 

– Eg synest rett og slett at det er kjempeinteressant. Det gjev innsikt i område som eg kanskje ikkje hadde fått innsikt i elles. Mykje av evalueringsarbeidet gjer eg heime i frå, det er kjekt når ein har familie og ikkje kan reisa så mykje. Personleg synest det har vore svært gjevande med evalueringane me gjer i Brussel. Ein får reisa å møta så mange spennande menneske. Eg har funne partnarar til eigne EU-prosjekt på den måten, seier Holst, og legg til:

– Eg har også koordinert to EU-prosjekt. Eg kan med sikkerheit seia at det å ha mykje erfaring med å lesa søknader var ein viktig faktor når eg fekk desse prosjekta. Ein blir mykje betre til å skriva sjølv når ein les andre sine søknader.

Foto: Ingvild Fostervoll Melien

Ho trur det kan vera smart å byrja tidleg i karrieren. 

– Det har vore veldig bra for min karriere, eg fekk mitt første EU-prosjekt ganske tidleg. Det ville ikkje skjedd om eg ikkje kunne skriva søknader. Det å evaluera andre sitt arbeid kan vera ein inngangsport for unge forskarar som treng erfaring med å skriva. Ofte i nasjonale program er det meir etablerte forskarar som blir spurde om å evaluera, men EU har ein politikk om at ein ikkje treng å vera professor for å gjera jobben, seier Holst (bildet).

– Mange synest det tar for mykje tid

Balino seier ei utfordring er at mange synest det tar for mykje tid å evaluera.

– Ein må kanskje vera ei veke i Brussel for å vurdera søknader med panelet, det er ganske krevjande. Det er også moglegheit for å evaluera heime i frå. Men det kjem i tillegg til det ein vanlegvis driv med, og difor er det mange som vegrar seg, fortel Balino.

Ho trur instituttleiarane har ei nøkkelrolle i det heile.

– Det er viktig at også instituttleiarane oppmodar forskarane til å delta i dette. Det blir ei investering for forskaren, men også for instituttet på sikt. Instituttleiar kan legga forholda til rette for at forskarane kan få tid til å gjennomføra det. Kanskje dei kan få undervisningsfri i perioden det gjeld, eller få færre andre oppgåver. Ein må freista folk, og visa omsyn til personen som skal yta noko ekstra, avsluttar Balino.

Meir informasjon om det å evaluera søknader kan du lesa her.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed