Rektor på jakt etter ny rådgjevar

Publisert:12. juli 2017Oppdatert:12. juli 2017, 09:42
Jobben som rektor Dag Rune Olsen sin rådgjevar er ledig.

Stillinga som rådgjevar ved rektor sitt kontor er lyst ut. Noverande rådgjevar Tommy Aarethun sluttar og blir politisk rådgjevar for byrådsleiar Harald Schjelderup.

Dag Rune Olsen er no på utkikk etter den fjerde rådgjevaren i rekka under si tid som UiB-rektor. 

Noverande byråd Erlend Horn vart først tilsett i stillinga i 2013, men tok permisjon for å satsa fullt på politikken i 2015. Deretter var Maria Dyrhol Sandvik innom stillinga i nokre månader før ho byrja i ny jobb som arrangementsansvarleg i Klassekampen.

Tommy Aarethun har deretter vore tilsett i engasjement og som vikar i stillinga - eit vikariat som går ut 1. august.

No har rektor bestemt seg for å lysa ut rådgjevar-jobben, som er ei fast førstekonsulentstilling. Rådgjevaren skal mellom anna skriva talar og innlegg for rektor og andre i rektoratet, og ha ansvar for publisering i sosiale medium. 

Ønsker stabilitet

Det har tidlegare kome kritikk mot at rektor har tilsett rådgjevar utan utlysing, og i korte engasjement. 

– No vel de å gå rett i ei fast utlysing, i motsetnad til engasjement som ein har starta med tidlegare. Kvifor det?

– Det er ei heilskapleg vurdering. Me får ikkje same stabilitet når ein lyser ut seks månader om gongen. Det er avgrensande på kven som kan tenka seg å søka på stillinga. Det andre er at eg tar fatt på ein ny fireårsperiode i august, då tenker eg at det kan vera greitt at stillinga kan lysast ut fast. Viss det hadde blitt mellombels i fire år betyr at vedkommande hadde hatt same krav til fast stilling uansett.

Rektor seier det hadde vore fint å hatt same person i stillinga heile perioden.

– Det er alltid greitt med stabilitet, og ein lenger tidshorisont når ein først har rekruttert gode folk. Rekrutteringa tar tid, og det kostar ressursar å få tak i dei riktige personane. Ein taleskrivar må ein arbeida litt med uansett. Uansett kor gode dei er når dei byrjar, må dei prøva å bruka mi språkdrakt når dei skriv talar.

– Dei må læra seg kva som er naturleg for meg å seia, enkelte ord og uttrykk passar betre for meg å bruka enn andre. Ein tale skal vera lett å framføra, og me må snakka gjennom kva som er mine synspunkt og min ståstad. Det er ein viss opplæringsfase i desse stillingane, sjølv om dei kjem inn med bra potensial.

Aarethun inn i politikken

Noverande rådgjevar Tommy Aarethun er ikkje aktuell for stillinga, då han byrjar som politisk rådgjevar for byrådsleiar i Bergen kommune, Harald Schjelderup (Ap) i august. 

– Eg trivst veldig godt på UiB, men når moglegheita for å bli rådgjevar for byrådsleiar kom, så var det noko eg ikkje kunne seia nei til. Eg har hatt lyst til å jobba med det politiske lenge, seier Aarethun. 

Han vil absolutt anbefala andre å søka på rådgjevar-jobben.

– Det har vore veldig kjekt og veldig lærerikt å jobba med rektoratet. Eg har fått moglegheit til å gjera mange ulike ting, og eg har hatt mange oppgåver og ansvar som er spennande å ha i så ung alder. Viss ein er interessert i å ha ein allsidig arbeidskvardag med mykje fart og varierte arbeidsoppgåver, så kan det ikkje vera så mange andre jobbar som er meir spennande enn denne.

– Kva som gjer at du endar opp på byrådsleiaren sitt kontor? 

– Det er noko litt samansett, eg har vore aktiv i Arbeiderpartiet ganske lenge. Jobben som rådgjevar for rektor er ganske lik det eg skal gjera for Harald Schjelderup, så eg kan i stor grad gå rett inn i jobben. Det er naturlegvis meir politisk i og med at eg jobbar med politikarar, men med mange av dei same arbeidsoppgåvene, seier Aarethun (bildet).

(Foto: Ingvild Festervoll Melien)

Fekk kritikk for høg løn

Olsen fekk noko kritikk for å ha løna Erlend Horn for høgt i stillinga som rådgjevar, med eit lønnstrinn 58 i ei førstekonsulentstilling. Stillinga er no lyst ut med lønnstrinn 50-53.

– Vil det vera aktuelt å gå høgare enn dette no også?

– Det er alltid slik at me må vurdera tilbodet me skal gje til folk. Poenget er at me skal prøva å bruka lønn i rekrutteringssamanheng. Horn var i ein situasjon kor han kom frå stillinga som vikarierande gruppeleiar i bystyret. Han hadde høgare lønn enn me kunne tilby. Me må sjå på kva vedkommande har, eller kan få i andre stillingar dei kan få tilbod om, seier Olsen. 

Ekstern utlysing

– Utlysing internt er hovudregelen ved UiB no. Kvifor vel de å lysa ut eksternt allereie i første runde?

– Det vil kunna tenkast at det kan finnast interne kandidatar her, men det er ei litt spesiell stilling, så me vurderte at å lysa ut opent er det beste. Det betyr ikkje at det ikkje kan vera høgt aktuelle medarbeidarar på UiB som kan få jobben også. 

– Kva forventingar har du til kven som vil søka?

– Eg vil tippa at ein del nyutdanna kan tenka seg å søka, også har det vore ein del skifte i studentpolitikken, så kanskje nokon der i frå søker. Ein kan også sjå for seg at folk med meir journalistisk bakgrunn vil søka, med den jobbmarknaden me har i dag. Det blir veldig spennande å sjå, og eg håpar me får ei god søkarliste.  

Fristen for å søka på rådgjevar-jobben er 10. august. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed