Rekordmange får studieplass på UiB

Publisert:19. juli 2017Oppdatert:19. juli 2017, 14:48
Over 10 000 studentar hadde studium på UiB som sitt førsteval når dei søkte høgare utdanning i år. Over 8000 søkarar har no fått tilbod om plass.

Om lag 1400 fleire studentar får tilbod om studieplass ved UiB i år enn i fjor. Sjå kva studium som er vanskelegast å koma inn på. 

I dag blei Samordna opptak sine tal frå hovudopptaket til høgare utdanning lagt fram. På landsbasis søkte over 134 000 opptak til høgare utdanning i 2017, noko som er ein oppgang på 3 prosent frå i fjor.

94 101 av desse har no fått tilbod om studieplass - 2,5 prosent fleire enn i fjor. 

Over 10 400 søkarar har Universitetet i Bergen som sitt førsteval, og over 8300 søkarar får no tilbod om plass ved universitetet. Det er ein oppgang på om lag 20 prosent frå i fjor - då knappe 7000 studentar fekk tilbod om plass. 

Viserektor for utdanning, Oddrun Samdal, seier dei tar høgde for at mange av dei som får tilbod ikkje møter opp. 

– Det er to grunnar til denne auken. Det eine er at me har fått ein del nye studieplassar får i fjor til i år. Me har også vald å bruka oppmøtetal for andre semester som utgangspunkt for å rekna på kor mange tilbod me sender ut, seier Samdal. 

– Ser ikkje på det som overbooking

Vanlegvis bruker dei tala over kor mange som erfaringsvis møter opp i første semester.

– Me endrar på dette no for å sikra at me bruker ressursane knytt til studieplassane betre. Det er fordi me skal utdanna like mange studentar som me har fått studieplassar til. 

– De fryktar ikkje overfylte forelesingssalar på grunn av dette?

– Nei, me tenker ikkje på det som overbooking, det handlar om planlegging. Me har gitt eit tilbod, og det er også planlagt ut i frå kor mange som vil møta i første semester. Det skal me handtera ved at me har riktig romkapasitet og undervisningskapasitet i starten.

Medisin på topp

Som vanleg er medisin det vanskelegaste studiet å koma inn på ved UiB, med ei poenggrense på 66.4. Men det nyoppstarta integrerte masterstudiet i medisinsk teknologi på Mat.nat., ligg også høgt oppe på lista - med eit snitt på 59, 2.

Den nyoppstarta lektorutdanninga i historie er også svært populær, med over 16 søkarar per plass. 130 søkarar står no på venteliste til studiet, og poenggrensa er på 51,9.

– Gledelege tal

Samdal er godt fornøgd med dei høge søkartala. 

– Totalt sett er det veldig gledeleg å ha ein auke i søkinga til UiB, og at det er god oppslutnad om satsingsområda våre, med studiar knytt til marin, klima og global utvikling. Og så har me sett i gong nye studietilbod innan medieutdanninga vår, og nye sivilingeniørgrader som har fått veldig god oppslutnad.

Samdal (bildet) trur det ser mørkt ut for dei som har håp om å finna UiB-studium på restetorget.

– Førebels så er alle plassane fylt opp. I fjor brukte me ikkje noko etterfylling i suppleringsopptaket, og som utgangspunkt reknar me ikkje med å gjera det i år heller.

Helsefaga populære

På Høgskulen på Vestlandet er sjukepleiarutdanninga svært populær, og dei har ventelister på alle dei fem studiestadane sine. På sjukepleiarstudiet i Bergen har poenggrensa gått opp til 52,2 frå 50,8 året før.

Fysioterapi i Bergen er framleis det studiet på HVL med høgast karaktersnitt, med 54 poeng. 

Det er for første gong felles opptak for den fusjonerte høgskulen, og ein var ekstra spent på korleis søkinga til den nye lærarutdanninga ville bli. 

– Spesielt er me nøgde med at lærarutdanninga vår er attraktiv. Me har den største lærarutdanninga i landet, og den blir frå i år ei femårig masterutdanning. I denne krevjande omlegginga ser me heldigvis at det er god interesse for spesielt lærarutdanning for 5.-10. klasse, og at søking til fag som matematikk, norsk, engelsk og samfunnsfag er god, seier rektor Berit Rokne i ei pressemelding. 

Trenden med fære søkarar til oljerelaterte fag held fram, og det var berre 22 personar som hadde studiet i undervassteknologi på HVL på førsteplass. På over fire år har søkartala stupt frå over 1000 søkarar til godt under 300 i år, fordelt på dei tre studiestadane i Bergen, Florø og Kristiansund. 

Fall i karakterkrav på NHH

1773 personar hadde siviløkonomstudiet ved NHH som førsteval i år, og var landets nest mest søkte etter rettsvitskap i Oslo. 

Handelshøgskulen opplever ein liten nedgong i karakterkravet på 0,3 prosentpoeng frå 56,5 i fjor til 56,2 i år.

NHH har hatt mål om at kvinnedelen skal vera på minst 40 prosent, og i år ligg den på 38,7.

– Ein kvinnedel på under 40 prosent er me lite fornøgd med. Me har gjort ein innsats for å komma over minstemålet på 40 prosent, men det har me altså ikke lukkast med. Det er hard kamp om dei flinke jentene, seier Frøystein Gjesdal i ei pressemelding. 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed