Med hjarte for gatekunst

Publisert:5. juli 2017Oppdatert:5. juli 2017, 09:23

Karl Kleveland har ein finger med i spelet når det skal avgjerast kva gatekunst som får pryda veggane på UiB. No har han også fått opp sitt eige kunstverk på veggen. 

Gatekunstentusiast og førstekonsulent på IT-avdelinga, Karl Kleveland, har formidla kontakt mellom gatekunstmiljøet og UiB i fleire år. 

Resultatet har blitt til fleire staselege <<pieces>>, som det heiter på gatekunstspråket, i SV-bakgarden.

– Eg er veldig stolt av me har samla så mykje bra på ein plass. Men eg har lyst til å ha mykje meir her, fortel Kleveland. 

Området er blitt eit ynda mål for kunstinteresserte turistar.

– Det var i fjor sommar eg oppdaga at turistar med fotoapparat hadde funne fram til bakgarden ved hjelp av <<geotrack>>. Då har kunstnarane lagt ut adressa og bildet på nettsidene sine. Det er blitt eit lite galleri der, og veldig populært. 

 
Fjordprinsessa av Sandie Carol er malt på papir, for deretter å bli limt opp på veggen.

Godt kjent i miljøet

Gjennom å ha dokumentert gatekunst i Bergen dei siste seks åra, har Karl blitt svært godt kjent med miljøet, og fleire av kunstnarane er gode venner av han. 

Han har oppretta ei eiga Facebookside - Gatekunst - kor han legg ut bilde av gatekunst frå Bergen og andre byar han besøker. Sida har over 3000 følgarar. 

Karl fungerer som ein slags kontaktperson for dei som vil måla ting i bakgarden ved SV-bygget og andre stader på campus.

– Særleg viss det er innanfor porten går dei via meg. Då er eg der med dei når dei malar, i tilfelle politiet eller Nokas kjem. Gatekunstnarane vil helst gjera det på eigehand utan å spørja. Det er litt av vitsen. Men viss det er ein <<piece>> me vil skal stå lenge, ber me om løyve, slik at det ikkje skal bli malt over, fortel moldensaren. 

Det første han gjer når han kjem på jobb er å gå ut å sjekka om nokon har tagga over nok. Det har ikkje skjedd det siste året. 

– Plassen er ein attraktiv stad, fordi her får bilda stort sett stå i fred. Porten er låst om natta, så det er vanskeleg å koma seg inn å tagga over dei.

Friskar opp gatene

Kunstinteressa har Kleveland hatt med seg lenge. Han er opphavleg frå Molde, og var arrangør for kunstkonseptet <<Naustet vårt>> under Moldejazzen i over 17 år. Der stilte dei mellom anna ut amatørkunst.

– Eg har alltid vore interessert i biletkunst, men når det flyttast ut i gaterommet blir det meir spennande og tilgjengeleg for alle. Også friskar det opp gatene litt.

Han seier sjølv at han kanskje blir sett på som litt spesiell.

– Eg jobbar med mobiltelefoni på IT-avdelinga, og eg har ei kjempestor samling av mobiltelefonar. Og så har eg litt over 600 ugler på kontoret mitt. Eg er ein samlar, og glad i å eksponera meg.

Kunst på Kronstad

Under kustnarnamnet KK har førstekonsulenten sjølv nyleg laga sin første <<piece>>  i bakgarden.

Motivet er eit blødande hjarte med plaster på – med sitatet <<My friend! You can not heal a broken heart with plaster>>.

– Eg har laga små versjonar av den og klistra den på lyktestolpar rundt om i Bergen i nokre år – men så fann eg ut at eg skulle få den opp på veggen – i litt større format. Det heile skjedde ganske spontant – eg var i bakgarden med ein annan kunstnar som målte, det var dårleg vêr og skikkeleg surt. Eg gjekk ned på målarforretninga ned i gata her og kjøpte inn måling.

Og om han hadde fått lov?

– Vanlegvis spør me om løyve. Men den tok eg risken på å setta opp utan å spørja om lov. Så får me sjå om den blir verande. 

Og kunstverket var lagt merke til. Karl fekk spørsmål om han ville måla det same også oppe på DPS (distriktpsykiatrisk senter) på Kronstad. Dei visste ikkje kven denne KK var, men dei fekk formidla kontakt via andre i miljøet.

– Sjølve utføringa er enkel og banal. Men saman med sitatet så står den seg. Eg synest den passar godt inn på ein psykiatrisk klinikk, seier Karl. 

– Får me sjå fleire KK-kunstverk på universitetets veggar?

– Eg har nokre tankar, det er berre til å følgja med.

– Må halda god kvalitet

Leiar for det kunstnariske utvalet ved UiB, Siri Meyer, fortel at arbeidet til Kleveland er til stor hjelp for dei. 

– Me bruker han som ein konsulent kan ein seia. Me stolar veldig på mykje på Karl, han har god skjønn og god erfaring når det gjeld gatekunst, og han formidlar kontakt mellom oss miljøet, seier Meyer. 

Det er ikkje alt som dei ønsker opp på veggane.

– Gatekunsten må halda ein god kvalitet. Når det gjeld den gatekunsten i bakgarden på SV-fakultetet, er den veldig mykje omtalt på Twitter og andre sosiale medium fordi den er høgt verdsett av kunstnarar, nasjonalt og internasjonalt. Den heldt ein høg kvalitet. Nokre gonger får me også sjå skisser før det kjem opp. 

Maleriet av den verdskjende gatekunstnaren Axel Void kom opp på veggen i 2013, og har tiltrekt seg mange skodelystne frå verda over.   

Skal truleg målast over

Ofte kjem det opp kunstverk som ikkje er avklart med universitetet – mykje av det blir malt over – men ikkje alt.

Når det gjeld bakgarden skal fasaden målast og det skal bytast vindauge der i haust. Truleg vil noko av kunsten måtte vika.

– Det er temporært, det som er der i dag skal ikkje stå til evig tid, seier Meyer. 

Stort sett er det veldig gode tilbakemeldingar og stor entusiasme rundt det om prydar veggane på UiB, fortel Meyer. Men det har kome reaksjonar på noko av det.

– Det er nokon som synest det er for mange nakne damer i bakgarden, men det må vera mogleg å ha ulik oppfatning. Me malar ikkje over med ein gong fordi nokon ikkje liker det. Dette er ein akademisk institusjon, og me må ta høgde for at det skal vera fridom til å tolka og oppleva ting ulikt. Slik er det med all kunst.

Dette er eit av måleria som ikkje alle er like nøgde med å gå forbi kvar dag. 

Finst eit metningspunkt

Meyer fortel at UiB no er blitt ein populær stad å utøva gatekunst på, og at dei får inn mange førespurnadar frå folk som ønsker å setta sitt preg på universitetsfasaden -  også frå kjente kunstnarar.

Men det er ikkje uavgrensa med plass.

– Det er eit mettingspunkt, me har ikkje så mange veggar som eignar seg. Det skal heller ikkje konkurrera med for mange andre inntrykk i miljøet. Me må utøva skjønn her. Difor seier me etter kvart oftare nei. Nokre hus er også freda, då må me spørja Riksantikvaren om lov.

 Det vil truleg koma fleire kunstverk på veggen i bakgarden. Ein av plassane er reservert til gatekunstnaren AFK, fortel Kleveland.

– Planen er at han skal laga noko som står i stil med det andre som er der.

Og det blødande hjarta til Kleveland har ikkje kunstprofessor Meyer fått sett endå. Så tida vil visa om den får bli verande eller ei.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed