– Me er litt sjølvgode og arrogante

Publisert:14. juli 2017Oppdatert:14. juli 2017, 09:23
Professor Peter M. Haugan er ikkje fornøgd med det kan kallar manglande vilje til endring ved universitetet. I bakgrunnen heng bildet av besterfar til Haugan, Håkon Mosby, som var leiar for Geofysisk institutt på delar av 40- og 50-talet.

UiB er for innovervendt, meiner professor Peter Haugan. Han åtvarar mot at konkurransen frå dei nye universiteta kan bli sterkare enn ein kan førestilla seg.

Etter åtte år takkar Peter Haugan no for seg i universitetsstyret. Professoren på Geofysisk institutt er kjent for å ha sterke meiningar, og har engasjert seg i klimasaka utanfor kontorveggane på UiB.

Han er leiar for UNESCOs havkommisjon (IOC), og var nyleg i New York på FNs Havkonferanse, og deretter i Paris for å diskutera berekraftsmåla.

Les også: Enige om oljealderens ende

Når dei gjeld dei vala og retninga Universitetet i Bergen tar, er han uroleg for at ein ikkje heng med på endringane som skjer i samfunnet og i universitetslandskapet.  

– Eg synest framleis at store delar av organisasjonen er alt for innovervend. Eg trur også at styringsmodellen me har med vald rektor gjer at me får for lite påverknadsmoglegheit på organisasjonen, og at me ikkje er i stand til å møta dei store utfordringane og til å ta tak i spennande tema både innan forsking og utdanning, seier Haugan, som meiner andre institusjonar gjerne ligg framfor UiB:

– Der trur eg nok at ein del av dei nye institusjonane går mykje fortare fram enn me gjer. Dei kan bli ein mykje sterkare konkurrent enn det mange her førestiller seg. Og det kan skje raskare enn me trur. Me er litt sjølvgode og arrogante av og til. Me tenker at me er dei beste, og at alle må komma her og skjønna at det er her det føregår. Og så går verda vidare, og så blir me ståande att på perrongen.

Positiv til HVL-samanslåing

– Burde ein ha slått seg saman med HVL?

 Kanskje delar av UiB hadde hatt godt av litt meir bakkekontakt

– Det var ei vanskeleg sak då ho var oppe, med mange regionale omsyn og samanslåingar eine og andre vegen. Men eg trur nok at om du skulle spurd meg no, så ville eg sagt at det var ein fordel om HVL og UiB var slått saman til ein organisasjon.

– Kva kunne det ført med seg?

– For det første måtte me tenkt at det er ein organisasjon med mange ulike oppgåver og stor breidde. Då må ein akseptera at det er store forskjellar. Det kan kanskje vera ein fordel. Her hjå oss samarbeider me mykje med ingeniørutdanninga til HVL på Kronstad, og har ein felles energimaster med dei. Det er verdifullt for begge partar. Me har også hatt ein del med dei i Sogndal å gjera på ulike ting.

– Sjølv om nokre av dei undervisningstilboda er meir regionalt retta, og mykje av forskinga på UiB gjerne har meir globale ambisjonar og perspektiv, så må ein tenka globalt og handla lokalt. Ein har godt av å ha litt kontakt med det som skjer i regionen - og kanskje delar av UiB hadde hatt godt av litt meir bakkekontakt.

Les også: — UiB si satsing på utviklingsforsking er for dårleg

– Lite rom for å skapa nytt

NTNU er no over dobbel så stor som UiB, og HVL har passert UiB etter samanslåinga. Er det noko å uroa seg for?

– Ein hadde hatt to moglegheiter - anten så er ein stor og brei eller så måtte ein bli endå mindre og bevisst på at ein er liten og annleis. Me kan seia at me ikkje skal utdanna så mange studentar, me kunne brukt pengane på visse forskingsområde og blitt kjempegode på det. Det er også ei moglegheit. Men no blir det slik at me skal vidareføra alle fag, og me set av alt for lite pengar til strategiske omplasseringar til nye ting, synest Haugan.

– På UiB er det nesten umogleg å få folk til å kutta ut ting for å skapa rom for noko nytt. Det fører til den enorme treigheita i organisasjonen som er ganske forstemmande, eigentleg.

Haugan saknar breiare perspektiv, og meir openheit for å samarbeida på tvers.

– Ta no berre utdanning, til dømes. Skal me driva å utdanna i dei sama faga som me alltid har utdanna folk i? I kjemi, biologi, fysikk, som det framleis heiter på skulane? Kvifor har me ikkje helsefakultet, men me har Det medisinske fakultet? Kvifor bruker me ikkje ordet helse? Kvifor organiser me oss ikkje etter store spørsmål, som ikkje har same overskrift som faga hadde i gamle dagar?

– Sterke motkrefter

Haugan peikar på at det er vanskeleg for rektor og universitetsstyret å gå inn og seia at fakulteta skal endra måten dei jobbar på – eller at det kanskje er behov for å dela inn fakulteta på ein annan måte.

Så lenge ein får pengar og blyantar og slik så er ein happy

– Den type diskusjon er det frykteleg vanskeleg å ta i universitetssamfunnet. Det er veldig sterke motkrefter. Eigentleg er det litt rart. Alle forskarar driv heile tida og omstiller seg sjølv. Du driv heile tida og skannar horisonten og forandrar på arbeidsprogrammet utifrå verda rundt deg. 

Haugan meiner UiB kan samanliknast med eit forskarhotell.

– Forskarane sjekkar inn og helsar forsiktig på kvarandre til frukosten, men prøver elles å ha minst mogleg med kvarandre å gjera, og ikkje gå i vegen for kvarandre. Så lenge ein får pengar og blyantar og slik så er ein happy. Det fungerte for hundre år sidan for dei som stort sett forska ved å sitta aleine på eit kontor. Men i dagens kontekst, kor forskingsutfordringar krev mykje team-arbeid og mykje ulik kompetanse som jobbar saman, så fungerer ikkje det der. 

Ein slik tankegang gjer at ein ikkje får til å gruppera forskarar på ein annan måte, fortel Haugan.

– Me hadde kanskje trengt å ta ein psykolog og ein lege, og kanskje ein lingvist saman. Det blir veldig vanskeleg å gjera. Då er det gjerne dei nye universiteta som ikkje er bundne av alle desse tradisjonane som kan setta opp noko nytt og gjera noko som er viktig og relevant.

– Vald rektor eit hinder

Professoren legg ikkje skjul på at han meiner ordninga med vald rektor er noko av det som gjer det utfordrande å få til endringar i organisasjonen.

Ved tilsett rektor vil ein kunna få meir makt i styret

– Rektor er vald og må ha støtte frå alle fakulteta, då har han frykteleg vanskeleg for å gripa inn. Det er uheldig, for det gjev styret mindre makt enn det kunne hatt. Ved tilsett rektor vil ein kunna få meir makt i styret. Då ville også valet til styret vera meir interessant. Sidan rektor blitt erstatta av ein vitskapeleg tilsett i styret, ville me fått fire vitskapeleg tilsette som ordinære styremedlemmar (éin mellombels tilsett og tre faste). Dei utgjer ein betydeleg faktor saman med dei andre i styret. Då håpar eg me kan få ein diskusjon om universitets strategiske spørsmål i større grad enn det har vore tidlegare.

Han vil likevel understreka at UiB har blitt meir synlege enn tidlegare med det nye rektoratet.

– Olsen har lagt ein ny kurs når det gjeld det å vera utoverretta, me er blitt mykje meir synlege på konkrete tema, som klyngesamarbeid og for så vidt sentrale nasjonale arenaar også.

Han er også godt fornøgd med den marine satsinga, som no har fått ei styringsgruppe med eigen marin direktør og marin dekan.   

– Det trur eg har vore eit veldig bra grep. Me byrja jo for ti år sidan med Bergen marine forskingsklynge – men me hadde inga adresse kor folk kunne venda seg. No har me det. Då kan ein byrja å engasjera seg i dei store spørsmåla. Det at me var i New York på havkonferansen no er sånn som typisk ikkje ville skjedd for to-tre år sidan, ein ville tenkt at dette er for stort for oss. No har me ei styringsgruppe. Det gjer at UiB blir synleg på ein stor arena.  

– Vegring for politisk diskusjon

Men når det gjeld energispørsmål heng UiB framleis langt etter, meiner Haugan.

– For fire år sidan sa eg at no må me satsa på energi. Me har fått på plass ein strategi, men me har endå ikkje tilsett energidirektør. Dette er eit temaområde kor verda går uhyre raskt. Hadde me vore ute for fire år sidan og sagt me skulle gjera noko med dette, hadde me vore så tidleg at me verkeleg kunne posisjonert oss. Jo lenger me ventar dess vanskelegare blir det å gjera ein forskjell.

Haugan synest ofte at det er ein for svak kultur for open diskusjon om vanskelege strategiske tema ved universitetet.

– Me hadde nokre debattrundar for tre-fire år sidan med petroleumsforsking og etikk. Eg fekk mykje kritikk, men eg fekk den skjult, og ikkje i opent lende. Det var ikkje så mange som ville ta debatten offentleg. Eg fekk den i gangen, det er litt sånn ukultur.

Han forstår heller ikkje motstanden mot å gå inn i politiske spørsmål.

– Ein vegrar seg og seier at dette er politikk og ikkje fag. Det er ein ukultur fordi alt me driv med har ein form for politisk relevans eller overbygg. Det at me faktisk driv med forsking i seg sjølv er politisk. Der er det nokre misforståingar ute og går.

– Spyttslikkarar for myndigheitene

Haugan seier ein må forandra seg raskare og vera samfunnsrelevante. Men at det ikkje betyr at ein ikkje skal vera kritisk.

På energifronten er me litt for mykje spyttslikkarar for myndigheitene

– Det betyr ikkje at me skal respondera på alt som myndigheiter og industri ber oss om å gjera, snarare tvert i mot. Me skal vera uavhengig og kritisk, men me skal svara på dei spørsmåla som er viktige for samfunnet.

– På energifronten er me litt for mykje spyttslikkarar for myndigheitene, me spring etter den nasjonale forteljinga om at me kan produsera så mykje olje me vil og samstundes redda verda. Me stiller ikkje spørsmål ved den store nasjonale forteljinga som gjeld på tvers av veldig mange ulike politiske parti. Me er verkeleg ikkje kritiske, og det er eit av universitetets viktigaste oppgåver, å lausriva seg frå den nasjonale forteljinga.

Les også: Grønn sving for Akademiaavtalen

Håpar på meir samfunnskritikk

– I haust har eg tenkt å utfordra klimaforskarane her på Bjerknes, og spørja dei: <<Kan meir klimaforsking vera dårleg for klimaet?>>

– Kan det vera det?

– Svaret er jo sjølvsagt at klimaforsking i seg sjølv kanskje ikkje er dårleg for klimaet, men det at me roper på meir forsking når me eigentleg ikkje treng meir forsking, men action og tiltak, kan vera med på å forblinda. Me burde vore ærlege nok til å seia at det er ikkje forsking me treng, me treng berre å ta i bruk dei verkemidla me har. Slikt høyrer ein sjeldan frå forskarar. Det er urettferdig at eg heng ut klimaforskarane, det gjeld andre forskingsfelt også.

– Kva er det du håpar for UiB i framtida?

– Eg håpar verkeleg me kan få til eit meir samfunnskritisk og uavhengig universitet. Me må vera på dei tema som er aktuelle, og ikkje forventa at det kjem ei utlysing som passar vårt fagområde, men vera svoltne på nye problemstillingar.

–Og så håpar du på vel kanskje på tilsett rektor?

– Ja, eg håpar verkeleg at det blir det om fire år, anten om ein bestemmer det sjølv eller at det blir pålagt oss.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed