Klart for opning av Internasjonalt senter

Publisert:7. juli 2017Oppdatert:10. juli 2017, 00:02
Ved Internasjonalt senter kan både studentar og forskarar stikka innom med små og store spørsmål knytt til utanlandsopphald.

– Det skal vera ein stad kor det er lett å droppa innom, seier senterleiar Nina Gry Stein.

Synleg plassert i 2. etasje på Studentsenteret ligg det nye internasjonale senteret til UiB.

Her kan studentar og tilsette frå 7. august koma for å få hjelp til spørsmål rundt utanlandsopphald.

Senteret er også til for forskarar og studentar som kjem til UiB frå utlandet. 

– Det er med skrekkblanda fryd at me skal byrja. Eg grugledar meg litt. Men det er veldig mange kjekke og flinke medarbeidarar som skal vera med. Dette er noko me må få til i fellesskap. Det må vera tett samarbeid med leiing og fakulteta på UiB, me får det ikkje til aleine, seier Stein. 

Som ein del av den nye handlingsplanen for internasjonalisering har UiB sett seg som mål å vera eksellent vertskap for studentar og forskarar som kjem til universitetet.

Dei ønsker også å få delen studentar som reiser på utveksling opp til 40 prosent. Etableringa av det internasjonale senteret skal bidra til at ein lettare når dei måla.

Les også: Internasjonal mingling skal gjere universiteta betre

Utsikt: Det skal vera lett å finna fram til senteret som ligg plassert like ved trappa i 2. etasje på Studentsenteret.

Samlar kompetansen

På senteret vil det sitta medarbeidarar frå studieadministrativ-, forskingsadministrativ- og HR-avdeling som til dagleg jobbar med internasjonaliseringsfeltet. No blir dei plasserte saman.  

– Tanken er at når me samlar dei ulike funksjonsområda, så vil me få eit sterkare kompetansesenter innan internasjonalisering og at me vil få synergieffektar av at me sit samla, seier Stein.

Det blir ein resepsjon på senteret kor folk kan venda seg med spørsmål. Ein kan også booka timar med dei ulike medarbeidarane på senteret.

Det er inga tvil om at plasseringa er strategisk.

– For studentane vil dette vera ein stad dei lett kan droppa inn, sidan me ligg så synleg til. Dei kan få informasjon om dei moglegheitene som finst, og kanskje dei enklare vil vurdera å reisa på utveksling. Dei må i tillegg ha ein dialog med sitt fagmiljø for å finna ut kva avtalar som er relevante og for å få fagleg godkjenning, seier Stein, og legg til:

– Kanskje me kan ha arrangement med utspring frå senteret også. Me har allereie eit seminar for alle som reiser ut, men me har også snakka om å laga til ulike temaseminar, både for studentar og forskarar.  

Nokre av dei som skal jobba på senteret var på befaring denne veka. Her er mottaksområdet - kor resepsjonen vil vera. Det står framleis noko arbeid att før alt er ferdig.

– Lang prosess

Det er om lag to år sidan det var bestemt at senteret skulle etablerast.

– Det har vore ein lang prosess, og eg synest det er godt å koma i gong no. Eg tenker at senteret må få utvikla seg litt. Det som senteret er når me startar opp er kanskje noko anna enn det som det vil utvikla seg til over tid. Me må også finna våre samarbeidsrelasjonar og vår samarbeidsform rundt korleis me skal jobba til felles beste for internasjonaliseringsarbeidet på UiB.

Les også: Utreise kan gi opptur

Viserektor for internasjonalisering, Anne Christine Johannessen, har stor tru på at senteret vil bli ein suksess. 

– Senteret vil gje internasjonalisering eit ansikt. For studentane vil det vera særdeles bra at det er plassert på Studentsenteret. Den andre forventinga er at me har fått styrka HR-avdelinga, slik at me har fleire personar til å jobba med dette. Slik kan me jobba mot målet vårt og vera eit eksellent vertskap. Eg trur også det er mange som har reiste ut på forskingstermin og opplevd at det er mykje som heng i lufta når det gjeld utanlandsopphaldet, seier Johannessen.

Den offisielle opninga av senteret vil finna stad 30. august.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed