Gjertsen ny forskingsdirektør i Helse Bergen

Publisert:13. juli 2017Oppdatert:14. juli 2017, 12:48
Bjørn Tore Gjertsen tek over som forskingsdirektør ved Helse Bergen frå 1. november. Foto: Kathrine Sunde, Haukeland Universitetssjukehus

UiB-professor Bjørn Tore Gjertsen blir ny forskingsdirektør i Helse Bergen. 

Gjertsen er i dag professor ved Klinisk institutt 2 på UiB, og overlege ved Seksjon for forsking og innovasjon (Seksjon for blodsjukdommar). Han er også prosjektleiar og forskar ved Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO) ved UiB.

Frå 1. november går han inn i rolla som forskingsdirektør i Helse Bergen. 

– Haukeland universitetssjukehus har eit sterkt og aktivt forskings- og innovasjonsmiljø. I rolla som forskingsdirektør får eg vere med på å leie og utvikle regionsjukehuset mot framtida, og det synast eg er spennande. Eg ønskjer å halde fram det gode arbeidet som vi allereie gjer og bidra til å auke kvaliteten ytterlegare, seier han til Helse Bergen. 

Ønsker fleire studiar med pasientar

Som forskingsdirektør vil Gjertsen i Seksjon for forsking og innovasjon vera leiar for 40 medarbeidarar.
 
– Eg trur kjernen til god leiing er å gi rom for utvikling, kreativitet og ha fokus på kvalitet. Det håper eg å motivere for som leiar. I tillegg er det viktig å kjenne behovet i befolkninga – det er det som seier noko om korleis vi skal satse. Det er det vi må ha som kompass. Eg ønskjer meg derfor fleire pasientar inn i kliniske studiar, seier Gjertsen.

Les også: Amund Gulsvik har fått nattesøvnen tilbake

 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed