Bli med inn i det nye kunstbygget

Publisert:24. juli 2017Oppdatert:24. juli 2017, 09:40

Det nye bygget til Fakultet for kunst, musikk og design er klart for å ta i mot studentar og tilsette. Sjå bildene av milliardbygget i Møllendalsveien her. 

I mai 2015 blei spaden sett i jorda. Over to år etter står Snøhetta-bygget ferdig - og klart til å ta i mot 340 studentar. Prislappen på dei om lag 1500 kvadratmetrane enda på vel éin milliard kroner.

22. mai overtok Universitetet i Bergen bygget - og kunne byrja å rigga seg til. 

– Me har flytta ut av sju bygg i Bergen sentrum. Det har vore ein lang prosess med å bestemma kva me skal ta med oss og ikkje. Me har 33 verkstadsrelaterte rom i bygget, det er ganske mange maskiner som skal inn der. Me har gått til innkjøp av mykje forskjellig også. No er det aller meste på plass, det er berre justeringar att, seier prosjektleiar Ellen Lien-Hicks.

Les også: Ingen kamp om dekanvervet på KMD

Industriell og rå design

Det er selskapet Scenario frå Oslo som har hatt ansvaret for interiørdesignet i bygget, i samarbeid med det som var Kunsthøgskulen i Bergen. 

– Det er klart at det har også vore eit samspel med Snøhetta. Dei har ein klar filosofi med bygget. Det handlar om både den verksemda skulen har, men også historia i forhold til det industrielle. Bygget står på den gamle Sverre Munch-tomta kor Munch-bygget stod. Ein har vidareført det industrielle og det råe, og brukt veldig få materialar. Det er betong, rå aluminium, og veldig lite fargar.

Det er ein grunn til nettopp det siste. 

– Her underviser ein i kunst og design, då treng ein visuell ro rundt seg. Fargar og livet skal koma frå studentane og dei tilsette, det skal ikkje bli dytta på dei, seier Lien-Hicks.

Les også: Storstilt kunstfest for det nye fakultet

– Plasskrevjande utdanning

Bygget består mellom anna av bibliotek, kafé, undervisingsrom, studio og mange ulike typar verkstader. Til alt i frå tekstil, tre, metall, grafikk, keramikk og foto. Det er brukt fibergipsplater nesten over alt i bygget. 

– Det er eit materiale som ein kan spikra, mala og hamra i, og det er lett å sparkla over. Studentane våre jobbar på veggar og i korridorane. Det er ei ekstremt plasskrevjande utdanning dette. Me må ta alt i bruk.

Dei tilsette er velkomne til å flytta inn i bygget frå 31. juli - medan studentane kjem til semesterstart 14. august.

Den offisielle opninga blir ikkje før 11. oktober.

– Det er greitt at folk har fått budd seg inn litt først. Det er lurt å landa litt før ein inviterer til stor fest, seier Lien-Hicks. 

Kafeen og biblioteket vil vera open for publikum på dagtid frå i haust av. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed