– UiB er nesten irrelevant for folk som bur i Sogn og Fjordane

Publisert:27. juni 2017Oppdatert:27. juni 2017, 11:04
Dag Rune Olsen, Anna Elisa Tryti, Gunnar Hæreid og Øystein Thøgersen tok debatten om samarbeid mellom UiB og resten av Vestlandet.

Assisterande fylkesmann Gunnar Hæreid er ikkje imponert over innsatsen universitetet gjer i trivselsfylket, særleg når han samanliknar med Høgskulen på Vestlandet.

Det kom fram i ein debatt då Hæreid spissformulerte synet sitt på UiB under den årlege leiarsamlinga for Universitetet i Bergen (UiB), som blei halde på Solstrand torsdag.

Naturleg å dra til Oslo

– UiB som institusjon er lite synleg i Sogn og Fjordane. Det er ikkje mykje skriving om UiB i avisene der, og dette er til dømes berre mitt andre personlege møte med UiB som assisterande fylkesmann, fortel Hæreid.

Sjølv er han utdanna som jurist – på Universitetet i Oslo. Som årdøl var det mest naturleg å dra austover då han var student. I ein ny Vestlandsregion - der Hordaland og Sogn og Fjordane er slått saman - ønskjer Hæreid seg eit UiB som er meir synleg.

– Skulda ligg sjølvsagt på oss òg. Men så langt har vi ikkje heilt sett kva UiB kan gjere for oss, og heller ikkje omvendt, seier Hæreid.

HVL flinkare

Han ser at tidlegare Høgskulen i Sogn og Fjordane og no Høgskulen på Vestlandet (HVL) er flinkare til å løfte fram viktige problemstillingar for fylket.

– Men på nokre område, som medisin og juss, har universitetet monopol, seier Hæreid.

Og nettopp på slike fagfelt ønskjer han meir samarbeid.

UiB-rektor Dag Rune Olsen er open for meir samarbeid:

– Eg trur det er slutt på at forskarar sit i elfenbeintårna sine for lenge sidan. Men det er mange ting vi kan arbeide med. Vi har til dømes for få studentar som har eit praksiselement i utdanninga si. Universitetet ønskjer å vere ein samfunnsbyggar, understreker Olsen.

– Men det er muleg at vi viser større engasjement rundt det internasjonale enn det lokale, legg han til.

Viktig med fri forskingstradisjon

Byråd for byutvikling i Bergen, Anna Elisa Tryti, meiner UiB må kombinere det internasjonale og det lokale:

– Det er utruleg viktig at UiB både har god kontakt med Høgskulen på Vestlandet, òg dyrkar vidare det internasjonale forskingsuniversitetet. UiB og den nye høgskulen bør setje seg ned saman, og finne ut kva dei er gode på. På den internasjonale biten er UiB ekspert.

Og når Bergen kommune no skal lage ein eigen, internasjonal strategi, er det viktig at UiB koplar seg på. Likevel, det vi har aller mest bruk for er at UiB held oppe den frie forskingstradisjonen, som ikkje først og fremst tenker nytte, meiner Tryti.

NHH framleis for seg sjølv

Øystein Thøgersen tek over som rektor på NHH i august, og blir den første tilsette rektoren, etter ei lang rekke med demokratisk valde. Og ved NHH har dei erfaring med å vere internasjonale.

– Det er ingen motsetnad mellom å vere veldig internasjonal og å gjere ein veldig god jobb for den regionen ein er i.

Og jobben gjerast best aleine, meiner Thøgersen, når spørsmålet om samanslåing med UiB kjem opp:

– Eg trur vi klarer oss slik som vi er, med godt samarbeid. Vi er to ulike institusjonar, seier Thøgersen

Attraktiv studiestad

Då Hæreid møtte UiB-leiarane på Solstrand fekk han fleire innspel på samarbeidsprosjekt etter debatten.

– Eg er særs glad over at det kjem initiativ, og vi har allereie gode ting på gang med medisin. Men eg kunne godt tenkt meg at universitetet kjem og presenterer seg, og at vi òg viser kva vi kan tilby dei. Eg trur at Bergen uansett er ein attraktiv studiestad for folk frå Sogn og Fjordane. Og så er det jo den finaste byen i landet!

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed