Startar stor jobb for å få færre mellombels tilsette

Publisert:1. juni 2017Oppdatert:2. juni 2017, 10:32
Ifølge forslaget som blir lagt fram i universitetsstyret idag, skal hovudregelen ved UiB vera fast tilsetting. Det gjeld også eksternfinansierte stillingar.

I dag skal universitetsstyret behandla tiltak som skal få ned talet på mellombels tilsette ved UiB. Hovudtillitsvald i NTL, Jørgen Melve, minner om at leiinga har ein stor jobb med å få til ei faktisk endring.  

Sjå styremøtet her:

 

Saka om mange mellombels tilsette var oppe til diskusjon i førre styremøte, og no har universitetsleiinga kome med eit forslag om tiltak som skal få fleire UiB-tilsette inn i faste stillingar. 

UiB har vore blant dei verste i sektoren når det gjeld talet på mellombelse tilsette - og over 20 prosent  av dei tilsette er i denne gruppa. 

Les meir: UiB verst i klassen på midlertidig ansatte

Bakgrunnen for UiB sine innstramingar er regjeringa si nye lov om statstilsette som truleg blir vedteke i løpet av våre. Ei av målsetjingane med loven er å få ned talet på mellombels tilsette i statleg sektor. 

Fast tilsetting som hovudregel

I saksframlegget frå UiB vert det foreslått som hovudregel at forskarstillingar skal vera faste når varigheita er meir enn to år. Stillingar med varigheit over to år skal lysast ut. 

Hovudregelen med at tilsetting skal vera fast, gjeld også i eksternfinansierte prosjekt. Unntak frå dette er når det gjeld oppdrag som er av klart kortvarig karakter. For administrativt tilsette skal det ikkje gjerast unntak frå regelen om fast tilsetting. 

For tekniske stillingar kan det ifølge forslaget gjerast unntak <<når det er svært kortvarige behov for særskilt kompetanse>>. 

Her kan du lesa heile forslaget frå universitetsleiinga. 

Hovudtillitsvald i NTL UiB, Jørgen Melve (bildet) er positiv til dei føreslåtte endringane. 

– Dei punkta som er føreslått i styret er veldig bra. Det er akkurat slike ting som fagforeiningane, i alle fall NTL, har etterlyst i fleire år, og som me treng å få ei tydeleg avklaring på. Dette med at også administrativt og teknisk tilsette i eksternfinansierte stillingar skal tilsettast fast, er veldig godt å få svart på kvitt, seier Melve.

– Må følgjast opp

Han understreker likevel at det står att å få til ei reell endring. 

– Utfordringa er at det som står i teksten om at det trengs ei kulturendring, det må følgjast opp. Viss ein alltid skal strekka seg etter å utnytta dei unntaksmoglegheitene som finst, så vil det aldri bli ei betring. Ein må ha ei oppfølging ut mot lokale arbeidsgjevarar som viser at universitetet tar styret på alvor. Den oppfølginga der blir ein ordentleg jobb.

Melve trur det er krevjande for mange instituttleiarar og prosjektleiarar å forhalda seg til innstramminga.

– Dei må no sjå om dei har eigne folk som kan gjera jobben i staden for å lysa ut nye stillingar. Det har eksistert ein tanke om at ein for ein kvar pris må sjå om ein kan få tak i den aller beste til eit prosjekt ved å lysa ut ei stilling – det gjeld å unngå at folk skal få fast jobb. Det er ein kulturendring som må til på det punktet. Og så trengst det ein del opplæring i korleis ein skal få det til. 

Dobling i faste forskarstillingar

MOF og Mat.nat.-fakultetet har vedteke eigne retningslinjer for tilsetting i faste forskerstillingar. Dette har resultert i ei dobling av talet på faste forskarstillingar det siste året (frå 13 til 26), ifølge forslaget. 

UiB-rektor Dag Rune Olsen seier det er på desse fakulteta det er mest å henta for å få ned talet på mellombels tilsette. 

– Bør alle fakulteta gjere som MOF og Mat.-nat.?

– Dei to fakulteta har gjort litt ulike ting. Mat.-nat. har tatt postdoktorstillingane på alvor og overført ein del til forskarstillingar. Men ein del av dei er overført til mellombelse forskarstillingar. På MOF har dei rett og slett gått over til fast tilsetting for eksternfinansierte forskarar. Og dette gjeld i stor grad eksternfinansiert verksemd, og det er det ikkje like mykje av på dei andre fakulteta.

– Vil den nye lovendringa føra til ny praksis ved UiB?

– Med endringa vil det berre ta tre år å opparbeida rett til fast stilling, mot fire no. Det er ei innskjerping, og i tråd med arbeidsmiljølova, seier Olsen. 

– Har ein konkret plan

– Vedtaktsforslaget til universitetsstyret inneheld gode intensjonar, på linje med tidlegare vedtak. Får de det til denne gongen?

MOF har greidd det i betydeleg gad. Mat.-nat. er eit godt stykke på veg, og vi har ein konkret plan. Derfor trur eg at me skal greie å redusera talet på mellombelse kontraktar i løpet av eit halvt års tid, særleg blant forskarstillingar, seier Olsen. 

Jørgen Melve oppmodar leiarane på dei ulike avdelingane til å ta tak i problemet. 

– Det er dei faktiske leiarane der ute som må ta ansvar for å få til ei endring. Dei må planlegga med utgangspunkt i kva ressursar dei allereie har, og ikkje ut i frå ein bruk- og kast-mentalitet, særleg i forhold til forskingsprosjekt. Dei bruker nokon så lenge det er lov, og så tar dei inn nye, som igjen blir erstatta.

Her er alle sakene som skal opp i torsdagens universitetsstyremøte: 

S 53/17    Godkjenning av innkalling og saksliste
S 54/17    Godkjenning av protokoll fra møte i universitetsstyret 27.4.2017
S 55/17    Regnskap 1. tertial 2017
S 56/17    Økonomirapport per 1. tertial 2017
S 57/17    Eksternfinansiert virksomhet, status og strategisk arbeid
S 58/17    Budsjettprosessen for 2018
S 59/17    Handlingsplan for kvalitet i utdanningene
S 60/17    Fremragende underviser og undervisningsmiljø (FUND). Meritteringsordning for undervisere
S 61/17    Utdanningsmelding 2016
S 62/17    Forskerutdanningsmelding 2016
S 63/17    Forskningsmeldinger 2016
S 64/17    Handlingsplan for mangfold og inkludering
S 65/17    Tiltak for å redusere omfanget av midlertidige ansettelsesforhold - tilpasninger til varslet lovendring
S 66/17    Valg av rektor og medlemmer til universitetsstyret og valg av dekaner
S 67/17    Oppnevning av eksterne medlemmer til fakultetsstyrer
S 68/17    Søknad om dispensasjon fra Regler for fakultetsorganene - søknad om ordning med flere prodekaner
S 69/17    Nytt navn for Det medisinsk-odontologiske fakultet
S 70/17    Årsrapport 2016 - Helse, miljø og sikkerhet
S 71/17    Årsrapport 2016 - Strålevern
S 72/17    Fullmakts-, referatsaker og diverse referater
S 73/17    Forskningssamarbeid sørvest
S 74/17    Tilsetting som professor i mellomalderlatin ved Universitetet i Bergen uten kunngjøring - Unntatt offentlighet
S 75/17    Klage på oppsigelse i prøvetid - Unntatt offentlighet
S 76/17    Tilsetting av dekanved Det medisinsk-odontologiske fakultet - Unntatt offentlighet - Ettersendes
S 77/17    Tilsetting av dekanved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet - Unntatt offentlighet -Ettersendes
S 78/17    Opprykk til professor - Unntatt offentlighet - Ettersendes
Orienteringer
Eventuelt

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed