Russland vil tredobla talet på internasjonale studentar

Publisert:3. juli 2017Oppdatert:3. juli 2017, 11:41
Viss Russland får det som dei vil, blir det endå fleire internasjonale studentar ved russiske universitet og høgskular i framtida. Bildet er frå Lomonosov Moscow State University.

Den russiske statsministeren meiner det er mykje pengar å henta på å få fleire internasjonale studentar til landet. 

I løpet av dei åtte neste åra planlegg Russland å tredobla talet på internasjonale studentar som kjem til landet.

Det skal dei gjera gjennom eit nytt statleg program. Ein viktig del av programmet er å innføra nye studietilbod som kan tiltrekka internasjonale studentar. Det skriv University World News.

– Universiteta i USA tener 15 gonger meir på utanlandske studentar enn det staten bruker på dei. Russland er rangert som nummer seks i verda når det kjem til eksport av utdanningstenester, etter USA, Storbritannia, Frankrike, Tyskland og Australia. Som ein del av planane våre, bør Rusland sin posisjon blir betydeleg betra, sa Medvedev då han annonserte planane om programmet nyleg.

Målet er å firedobla inntektene som dei russiske universiteta får frå dei internasjonale studentane. I dag er talet på 12 milliardar norske kroner.

Skal forenkla prosessen

Medvedev har ifølge University World News, også sagt at alle universitet og høgskular som deltek i programmet skal motta skattelette og andre fordelar. Programmet inneber også opning av fleire sommerundervisningstilbod for utvekslingsstudentar innan 2019.

Den russiske regjeringa vil gjera det lettare å få opphaldsløyve, arbeid og praksis i perioden studentane er i landet. Studentar med svært gode karakterar vil også kunna få russisk stasborgarskap i ein forenkla prosess. 

Dmitry Serdyakov, viserektor ved Lipetsk University of Economics and Law, trur at det nye programmet kan vera nyttig for heile det russiske utdanningssystemet.

– Dette vil tiltrekka ekstra pengar til universiteta som kan brukast til utvikling. I tillegg vil auken av internasjonale studentar heva inntrykket av russiske universitet rundt om i verda.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed