Opprop mot leiarkandidat på psykologi

Publisert:6. juni 2017Oppdatert:6. juni 2017, 09:00
Åsa Hammar var prodekankandidat for Jarle Eid, som tapte dekanvalet på Det psykologiske fakultetet ved Universitetet i Bergen. No har ho søkt instituttleiarstilling ved Institutt for klinisk psykologi, som er vedtatt flytta til helseklynga på Årstadvollen. Dei tilsette har møtt ho med opprop.

17 psykologar har skrive opprop mot ei av søkarane til stillinga som ny instituttleiar.

Det skal tilsettast nye leiarar på fakultetet, og det har kome inn ni søkarar til fire stillingar som instituttleiarar. Ved Institutt for samfunnspsykologi (ISP) har begge dei to mannlege søkarane fått lov til å vere anonyme, mens ved Institutt for klinisk psykologi (IKP) er det allereie strid om kven som skal få jobben.

17 tilsette ved instituttet har signert eit opprop mot ei av kandidatane.

Del av dekanstrid

Bakteppet er at Bente Wold nettopp har vunne valet om dekansetet, i konkurranse med sittande dekan Jarle Eid. Det har vore intens usemje mellom dei tilsette ved Institutt for klinisk psykologi, som har vore negative til å flytte til den planlagde helsecampus Årstadvollen, og fakultetsleiinga.

Då leiarstillinga ved IKP blei utlyst var det berre professor Cecilie Schou Andreassen som hadde søkt då søknadsfristen gjekk ut. Men i ettertid fekk Åsa Hammar, som er professor ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, lov til å levere inn ein søknad. Deretter blei det opna generelt for fleire søkarar, og no har professor Ståle Pallesen òg søkt.

Opna for prodekankandidaten

Men Hammar var òg prodekankandidat for Jarle Eid, og har gjentatte gonger røysta for flytting til helseklynga, og fagmiljøet er difor overraska over at ho søker.

– Ho søkte ikkje innan den ordinære fristen, men det blei opna igjen for søknaden hennar på svært kort varsel. Ho var prodekankandidat for Jarle Eid, som har vore i open konflikt med instituttmiljøet. Vi fekk først høyre at det var ein hemmeleg kandidat som hadde meldt seg. Alt dette gjer at vi på instituttet lurer på om dette er politisk, og kva som føregår, seier førsteamanuensis Helge Molde, som er ein av underskrivarane på oppropet.

«Svært uheldig»

Det står det mellom anna at dei 17 underskrivarane har full tillit til Pallesen og Andreassen, men ikkje tillit til Hammar i rolla som instituttleiar:

«Vi ser det som svært uheldig at en avgående dekan som har tapt et demokratisk val aktivt har prøvd å sette preg på fremtidens ledelse på Instituttet. En slik handlemåte fremstår ekstra uheldig sett i lys av at den avgående dekan siste år har vært i en offentlig kjent konflikt med det klare flertall av instituttets ansatte.»

- Jarle Eid ikkje arkitekten

Striden handlar i første rekke om tilhøvet mellom instituttet og Jarle Eid, ikkje om Hammar som søkar.

– Det er vanskeleg for meg å kommentere dette, men eg har tenkt på instituttleiarstillinga lenge. Og eg kan definitivt dementere at Jarle Eid skulle vere nokon arkitekt bak dette, seier Hammar til På Høyden.

Ettersom ho var prodekankandidat søkte ho ikkje på stillinga, men fekk likevel søke etter at fristen var gått ut. Dette er noko administrasjonen på alle fakultet har høve til å opne for.

– Eg spurde om det var muleg, og fakultetet avklarte sentralt at dette var muleg når det er ønskeleg med fleire kandidatar, og fristen blei forlenga til og med tysdag i førre veke. Eg ønska først å vere anonym på grunn av eige fagmiljø, men det var det ikkje høve til, seier Hammar.

Vil ikkje gå i polemikk

Avtroppande dekan Jarle Eid forklarer at avgjerda rundt å opne for fleire søkarar er tatt av leiinga ved fakultetet, etter at dei har innhenta råd frå den sentrale universitetsleiinga.

– Vårt og andre fakultet har høve til å gjere den typen vurderingar om ein finn grunnlag for det.

Men han vil ikkje kommentere oppropet mot prodekankandidaten sin nærare.

– Eg ønskjer ikkje å gå inn i ein polemikk med eigne tilsette i På Høyden, forklarer Eid.

Han vil ikkje svare på om han har oppmoda Hammar til å søke, utover at dei diskuterte at ho var interessert i ein ei eventuell instituttleiarstilling då ho stilte til val.

– Om ein skal stille i dekanvalet og bli oppfatta som ein seriøs kandidat, bør ein la vere å søke på andre stillingar, forklarer dekanen.

Vil ha valde instituttleiarar

Det er mellom ein og tre søkarar på kvar av dei fire stillingane.

– Det er krevjande stillingar å sitte i, og det er veldig få søkarar til instituttleiarstillingane, seier Eid.

Påtroppande dekan Bente Wold gikk til val på at instituttleiarane skal vere valde.

– Men det gir ein garanti for at ein aldri kan få inn eksterne kandidatar i leiarposisjonar, innvendar Eid. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed