Opnar for lengre levetid for dei beste SFF-sentra

Publisert:13. juni 2017Oppdatert:13. juni 2017, 12:09
KAN GI STØTTE: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vil sjå på ulike modellar for å forlengja levetida til dei beste sentra for framifrå forsking.

Toppforskarane Nils Chr. Stenseth ved UiO og Edvard Moser ved NTNU  har tatt til orde for at sentra for framifrå forsking kan søkja om utvida. langsiktig støtte. No får dei støtte frå kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

– Eg synest dette er eit interessant forslag og ynskjer å sjå nærare på ulike modellar for å gi langsiktig støtte til dei aller fremste forskingsmiljøa våre.

Det sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen då han avslutta ein konferanse med innspel til revidering av langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Han støtta også føresetnaden til Stenseth og Moser om at dei aktuelle sentra som skal få forlengja levetid, må bestå ei evaluering kvart femte år, skriv Uniforum.

Les intervju med May-Britt Moser: Fremragende forskning er et nasjonalt ansvar

Les intervju med Nils Chr. Stenseth: Et suksessfullt senter går mot slutten

Gav bestått til eigen forskingspolitikk

Røe Isaksen var svært nøgd med det regjeringa hadde oppnådd innanfor forsking sidan langtidsplanen for forsking og høgare utdanning blei lagt fram i 2014.  

– Me har nådd målet om å løyva ein prosent av bruttonasjonalproduktet til forsking og utvikling over statsbudsjettet. Det står igjen mykje for å nå målet om at tre prosent av BNP skal gå til forsking og utvikling, der privat sektor skal stå for dei resterande to prosenta, konstaterte han.

Røe Isaksen trekte likevel fram positive trekk i utviklinga. Han viste til tal frå Statistisk sentralbyrå som syner at næringslivet utførte forsking og utvikling for 27,8 milliardar kroner i 2015, ein auke på 12 prosent frå 2014. 

– Dette er ein klart større vekst enn i EU og i dei andre nordiske landa, slo han fast.  Og han hadde meir igjen på skrytelista til regjeringa:

– Innan 2018 skulle me løyva pengar til 500 fleire rekrutteringsstillingar – her har me overoppfylt og er oppe i 542.  Me skulle også auka løyvingane med 400 millionar kroner til infrastruktur for forsking og 400 millionar kroner til å stimulera fleire til å søkja midlar frå EUs rammeprogram Horisont 2020, oppsummerte Røe Isaksen.   

Lova plan for bygg

Både kunnskapsministeren og statsekretær Bjørn Haugstad peika på at både UiO-rektor Ole Petter Ottersen og andre har understreka at omsynet til bygg, både nye og gamle, må styrkjast i den reviderte planen. Den gongen langtidsplanen blei handsama i Stortinget leverte fleirtalet ein merknad om at neste versjon av langtidsplanen må innehalda ein investeringsplan for bygg.

– Dette jobbar me med, men akkurat korleis  denne planen vil sjå ut, er framleis ikkje heilt klart, sa Røe Isaksen. 

Han ville gjerne halda fram med å jobba for at humaniora skal bli meir synleg i langtidsplanen.

– Dei som har lese litt i humaniorameldinga, veit at me tenkjer å gjera noko med det i neste versjon, lova han. 

Konkrete pengelovnader kom han ikkje med, bortsett frå til mogleggjerande teknologiar. Det omfattar alt frå utvikling av robotar til auka digitalisering av samfunnet.

– Statsminister Erna Solberg lova i ein tale til Høgres landsmøte ei ganske stor auka satsing på mogleggjerande teknologiar. Det er eit område eg trur me både kan og må gjera meir på framover, sa Røe Isaksen. Etter innlegget kom han på at det var endå ein viktig ting han ville ha tatt med.

– I revideringa av langtidsplanen vil me knyta høgare utdanning endå tettare saman med forsking, sa han til Uniforum. 

– Mindre løyvingar i framtida

Statssekretær Bjørn Haugstad var opptatt av satsinga på toppforsking. 

– Me treng omstilling og fleire norske fagmiljø i verdsklasse, sa han. Samtidig lova han ein slutt på at forskingsinstitusjonane kunne forsyna seg uforstyrra av ei Sareptas krukke. – I framtida kan det bli snakk om mindre løyvingar og omprioriteringar, var bodskapen han kom med.

Statssekretær Bjørn Haugstad og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen oppfordra heile forskings-Noreg til å koma med skriftlege innspel til revideringa av langtidsplanen. 

Fristen er 15. september. Først fekk dei munnlege innspel frå heile forskings-Noreg. 

– Ikkje samsvar mellom pengar til asfalt og til kunnskap

Lars Holden er dagleg leiar for Norsk regnesentral og styreleiar for Forskingsinstitutta sin fellesorganisasjon. Han kom med klare tingingar overfor regjeringa om  kva type forsking den bør satsa på.

– Ein større del av midlane forskingsmiljøa får, må koma i konkurranse gjennom Forskingsrådet. Dessutan må me mobilisera sektordepartement som forskar for lite. Det gjeld  både Samferdselsdepartementet og Justisdepartementet. I dag er det ikkje samsvar mellom kor mykje Statens vegvesen brukar på asfalt og kor mykje dei brukar på kunnskap, sa Lars Holden.

– Må tenkja globalt, ikkje berre nasjonalt

Rektor Mari Sundli Tveit frå Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) tok også ordet i debatten.

– Det er mykje bra i langtidsplanen. For oss er det viktig  at infrastruktur kjem klarare inn i meldinga. Det er bra for konkurransen. Av dei punkta som må endrast i langtidsplanen er  det som står om mogleggjerande teknologiar og klimaendringa. Me må tenkja globalt ikkje berre nasjonalt, var oppfordringa ho kom med.

Til slutt kom ho med eit hjartesukk som gjekk igjen hos mange av deltakarane på konferansen.

– Det er Ikkje lett å få til tverrfagleg forsking med sektorstyring. Derfor må me få eit godt samspel
mellom instituttsektoren og universiteta for å få alt dette til å fungera, slo ho fast. 

Tveit meinte også at den internasjonale tendensen til å så tvil om forskingsresultat, burde inn. 

– Postfaktadiskusjonen, det å setja forskingsresultat til side, må drøftast i langtidsplanen. Og så vil eg overlata til andre på konferansen å krevja meir pengar til grunnforsking, sa ho.

– Treng kvalitet og stabilitet

Også komande rektor ved Universitetet i Oslo, Svein Stølen heldt eit innlegg på konferansen.   Han var invitert  som prodekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet på UiO. Oppdraget hans var å fortelja om korleis det er mogleg å utvikla fagmiljø av framifrå kvalitet.

– Me treng kvalitet og stabilitet. Derfor må me laga miljø som byggjer nye, flinke folk. Dei kan feira framgangar kollektivt og utfordra heile tida. Som forskingsleiar må du ut og snakka med dei beste forskarane. Derfor er det viktig med leiarar som forstår forsking og som torer og toler dialog og har ein serviceorientert forskingsadministrasjon, konstaterte han.

Stølen kom også med fleire andre suksessfaktorar som måtte vera på plass.

– Endringsvilje, konvergensmiljø og innovasjonsklynger.  Me må få fagmiljø på medisin og på humsam til å verka saman, meinte han.

Tore Lie frå Næringslivets hovudorganisasjon tok opp eit omdiskutert forslag frå EU.

EU vil bruka meir pengar på forsvarsforsking og tryggleik. Skal me leggja dette inn i ein revidert langtidsplan? Det kan få fylgjer for norsk industri, peika han på. Lie fekk straks svar frå statssekretær Bjørn Haugstad.

– Akkurat no jobbar me med Humaniorameldinga, der har det også kome mange meldingar frå Forsvaret. No kan eg ikkje seia noko om dette skal bli ein del av planen. Eg reknar med at forsvarsminister Ine Marie Eriksen Søreide også gjerne vil meina noko i den saka,  svarte Haugstad.

– Finst intelligent liv i norske bedrifter

Forskingssjef Kristin Misund i Borregaard var også opptatt av kva verkemiddel som ville vera best for næringslivet.

– Langtidsplanen gir oss høve til å forska meir og dristigare enn me elles hadde gjort. Me får også lettare pengar frå eige selskap til forsking når folk utanfor kvalitetsikrar forskinga vår. Verkemiddelapparatet gir oss eit godt landslag. Å samla aktørane og samla oss om ein søknad er viktig for oss, understreka ho.

Så kom ho med ei hyllest av dei eldste norske selskapa.

– Det er ei kjensgjerning at dei gamle selskapa har ein strategi for omstilling. Gamle selskap blir ikkje gamle av gamal vane. Me treng rekruttering av kandidatar frå universiteta og høgskulane. Å jobba saman med næringslivet må bli meritterande. Det finst intelligent liv også i norske bedrifter, slo ho fast.

Fristen for å koma med skriftlege innspel til revideringa av langtidsplanen, er 15. september. Så skal den reviderte langtidsplanen vera klar i løpet av 2018.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed