Noreg produserer god, men ikkje framifrå forsking

Publisert:14. juni 2017Oppdatert:14. juni 2017, 11:41
Noreg kan bli betre i forsking. I dag er Noreg god, men ikkje framifrå, konstaterer OECD-ekspertane Phillipe Larrue (nr.2 frå venstre) og Direk Pilat (lengst til høgre) overfor kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. Foto: Martin Toft

Det norske forskingssystemet produserer god, men ikkje framifrå forsking, til ein høg pris. 

Det er hovudkonklusjonen i ein rapport om  norsk forsking og høgare utdanning som OECD har laga. Noreg blir oppfordra til å utvikla eit par av universiteta til europeiske toppuniversitet. 

Det var ein topptung delegasjon frå OECD som kom til Oslo i dag for å presentera hovudtala i gjennomgangen av det norske systemet for forsking og høgare utdanning. Funna blei presenterte av visedirektør Direk Pilat og prosjektleiar Phillip Larrue. Dei arbeider begge for OECD Directorate for Science, Technology and Innovation. Rapporten blei laga på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, skriv Uniforum.

Noreg ligg bak andre land i Norden

Rapporten viser at innanfor høgare utdanning, så er det mange kandidatar som fell ut av karriereløpet, medan andre brukar lang tid på akademisk studium.  Resultata frå sektoren for høgare utdanning viser at Noreg ligg bak dei andre nordiske landa på ei rad nøkkelfaktorar, og står ikkje i samsvar med  den offentleg pengebruken  på området, som er langt over gjennomsnittet for OECD-landa, står det.

Eit sterkt forskings-  og innovasjonssystem er naudsynt for å omstilla økonomien, som er svært avhengig av olje- og gassnæringa.  I 2015 var 7,5 prosent av den totale sysselsetjinga i Noreg, knytt til oljeindustrien. Samtidig stod olje- og gassutvinninga for 17,5 prosent av den totale verdiskapinga i Noreg i 2015.  På den same sida er klimaendringane også ei utfordring for Noreg, nettopp fordi landet er ein nøkkeleksportør av olje og gass, og nettopp på grunn av sitt relative høge og aukande CO2-utslepp.  I Noreg er det også politisk semje om at det er naudsynt med ei omstilling i økonomien, også om oljeprisen skulle auka igjen, peikar OECD-rapporten på.

– Konsensus om avgjerder i Noreg

Philippe Larrue hadde merka seg ein viktig skilnad i forskingskulturen i Noreg og i heimlandet hans Frankrike.  – I heimlandet mitt tar dei avgjerdene raskt på toppen. Men så er det ingen som har eigarskap til dei, og då blir ingenting gjort. I Noreg er det konsensus om avgjerda når den blir tatt. Ein god del av koordineringa av forskinga blir gjort på grunnplanet.  Sverige liknar mykje på Noreg, men landet har likevel utvikla fleire europeiske toppforskingsmiljø enn det Noreg har, konstaterte han.

OECD kjem også med tilrådingar når det gjeld korleis karriereløpet for forskarar bør sjå ut.

Etter OECDs oppfatning bør Noreg raskt innføra eit fullskalasystem med innstegsstillingar i høgare utdanning og støtta opp om gjennomføring av det til alle høgare utdanningsinstitusjonar. Høgare utdanning i Noreg bør også ha eit system med ein internasjonalt konkurransedyktig karriereutviklingsveg.  Det bør bli den faste ordninga for å verva og utvikla talent, meiner ekspertane frå OECD.

Fusjonar bør halda fram

Noreg bør også halda fram med å oppfordra  til fusjonar i den høgare utdanningssektoren, i hovudsak blant høgskulane, men utan heilt å avskaffa systemet med to ulike modellar.  Talet på små høgskular kan framleis bli redusert.  Fusjonar bør ikkje føra til ein auke i talet på universitet.  Noreg må heller passa på er det er ei funksjonsdeling mellom regionale høgskular og profesjonsutdanningar, og svært synlege, forskingsintensive universitet, som er i stand til å konkurrera på høgste nivå i den europeiske meisterligaen, går det fram av konklusjonen til OECD.

I rapporten blir det rådd til at norske styresmakter må halda fram med å etablera senter for framifrå forsking som ein effektiv ytre påverkar av endringar innanfor den offentlege forskingssektoren. SFF-ane kan ikkje erstatta intern prioritering og strukturelle reformer, men dei kan spela ei sterk støtte -og gjennomføringsrolle, heiter det.

Framgang i innovasjon

Når det gjeld innovasjon og nyskaping ser OECD-komiteen lyst på framtida til Noreg.  Dei siste tala har ført Noreg frå 16. plass til 13. plass mellom dei mest nyskapande landa  i EU/EØS-området. Ein viktig grunn til det, er den aukande graden av innovasjon blant norske selskap, blir det peika på.  Først og fremst i servicesektoren er det blitt satsa mykje på investering i forsking og utvikling.  Det er eit godt utbyte i  vitskaplege spesialitetar og dei store norske industriklyngene, spesielt  i fiskeria, akvakultur, maritim sektor, marinbiologi og miljøteknologiar. OECD-komiteen meiner denne sektoren kan brukast som ei bru til å vida ut og spreia nasjonaløkonomien ut på fleire område.  På mange område skjer det allereie, trekkjer komiteen fram.

Internasjonalisering kan vera til hjelp

Arbeidet for å internasjonalisera norsk forsking og innovasjon vil på den måten vera til stor hjelp, saman med auka mobilitet på tvers av økonomiske og institusjonelle sektorar. Dei ser også at det kan bli fleire sjansar for meir mangfald innanfor servicesektoren, også  i den offentlege sektoren.  Utvalet støttar også forslaget i langtidsplanen om at det må satsast endå meir på FORNY-programmet (Forsking og nyskaping)  for å skapa meir innovasjon og nyskaping på universiteta.  Det bør føra til eit breiare tilbod av teknologioverføringsmekanismar enn berre kommersielle tiltak.  OECD-komiteen foreslår oeit breiare samarbeid mellom akademikarar og næringslivet, men også mellom akademikarar og sjukehusa og offentleg og frivillig sektor.

Langtidsplanane får bestått

Arbeidet med langtidsplanar for forsking og høgare utdanning får svært god karakter frå OECD-ekspertane. Dei meiner det fungerer bra med ein langtidsplan som blir revidert kvart fjerde år. Dei viktigaste utfordringane er budsjettmodellen som ikkje gjer det så lett med finansiering over fleire år.  Derfor meiner dei langtidsplanen bør gi forskarane  meir rom til fleksibilitet og tilpassing.

OECD-ekspertane var ferdige med presentasjonen, fekk kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksenrapporten i hende. Han var godt nøgd med vurderinga dei hadde gitt av langtidsplanen. – Den blir godt tatt  imot overalt. Men me kan ikkje slappa av. Me vil oppfordra dykk til å fortelja oss kva me skal prioritera i framtida, sjølv om  det aldri er lett å vita korleis framtida vil sjå ut. Sjølv om me går i rett retning, kan andre land gå forbi oss,  konstaterte han.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed