Meiner tillit er viktig ved tilsettingar

Publisert:28. juni 2017Oppdatert:29. juni 2017, 10:35
Steinar Vagstad har merka seg at tillit ikkje blei særleg vektlagt ved tilsetting av ny instituttleiar for dei kliniske psykologane.

Lokal leiar i Forskarforbundet undrar seg over at personar dei tilsette ikkje har tillit til får leiarjobbar.

I førre veke blei det klart at professor Åsa Hammar blir ny leiar for Institutt for klinisk psykologi, trass i at dei tilsette på førehand hadde gitt uttrykk for at dei ikkje hadde tillit til ho.

Kvalifikasjon skal telje

Både tilsettingsutvalet og fakultetsstyret rangerte Hammar som nummer to, etter Ståle Pallesen. Men Pallesen trekte seg, og dermed gjekk jobbtilbodet vidare til Hammar, som takka ja.

Hovudtillitsvald for Forskarforbundet ved UiB, Steinar Vagstad, er klar på at kvalifikasjonar skal telje mest:

– Det har vore spørsmål om kvalifikasjonsprinsippet i denne saka. Forskarforbundet er ein varm tilhengar av kvalifikasjonsprinsippet. Men så kan det vere ymse meiningar om kva som er viktige kvalifikasjonar til ei slik stilling, seier han.

Lukke til med å skaffe tillit

Og kvalifikasjonar til ei leiarstilling treng ikkje vere avgrensa til dei reint faglege:

– Det er interessant å sjå at tillit i ei leiarstilling ikkje er blitt sett på som relevant denne gongen, men at det i staden er noko ein kan skaffe seg etter at ein har begynt i jobben. Eg ønskjer den nye instituttleiaren lukke til med det, seier Steinar Vagstad.

Les også: Opprop mot leiarkandidat på psykologi

Utan entusiasme

Den nye instituttleiaren får dessutan ei ny utfordring:

Roar Solholm, som er klinikkleiar for Psykologisk poliklinikk for barn og unge, ein av dei tre psykologiske poliklinikkane ved UiB, trekk seg frå posisjonen.

– At eg trekk meg har samanheng med den politikken fakultetet har vald å føre ved å flytte oss til Helsecampus Årstadvollen. På fakultetsnivå er det bestemt ein heilt anna politikk for klinikkpraksis enn den eg står for. Mykje av arbeidet framover kjem til å gå ut på tilpassing til dette. Då er det betre at vi får nokon inn som har tru på det, og kan bidra med entusiasme, seier Solholm.

Ikkje tilfredsstillande

Han understreker at det ikkje er noko spesifikt som knyt seg til Åsa Hammar som gjer at han trekk seg. Solholm sat dessutan i tilsettingsutvalet som innstilte Hammar som nummer to.

Kjell Erik Lommerud frå Forskarforbundet sto òg bak innstillinga.

Solholm ser ikkje lyst på klinikkdrifta på Helsecampus Årstadvollen.

– Ingen av framlegga vi har sett til no er tilfredsstillande, slik vi ser det. Men her er det ei anna fagleg vurdering som er lagt til grunn. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed