Marius kan varsle klimaet om ti år

Publisert:21. juni 2017Oppdatert:21. juni 2017, 15:46
Marius Årthun er oseanograf. Ved hjelp av temperaturmålingar av havvatnet kan han rekne ut korleis klimaet blir om sju til ti år. Og vi går mot ein kaldare periode.

Marius Årthun og kollegaane har funne ein samanheng mellom klimaet og temperaturen i havet.

Det gjer det muleg å varsle om det blir kaldare eller varmare på opptil ti års sikt.

Saman med andre forskarar frå Bjerknessenteret og andre institusjonar har han fått artikkelen publisert i Nature Communications, som er eit open tilgang-tidsskrift i Nature-gruppa.

– At varmare hav gir varmare temperaturar ligg i ryggmargen vår. Og om du får ei temperaturendring lengre sør i Atlanterhavet, så følger ho Golfstraumen nordover. Og dette tar sju til ti år, forklarer postdoktor Årthun.

Golfstraumen sjølv går mykje fortare, gjerne med ein fart av 30 cm per sekund, eller om lag éin kilometer i timen, går dei totale vannmassene berre med ein fart på 3 cm per sekund. Dermed bruker vatnet – og varmen – sju til ti år på turen.

Figuren viser korleis den varme Golfstraumen blir nedkjølt på vegen nordover. Dei grøne boksane viser målingane som blei brukte til å følge temperaturanomalier nordover. Illustrasjon: Marius Årthun, UiB og Bjerknessenteret med temperaturdata fra www.metoffice.gov.uk/hadobs/hadisst/

Langsom flaskepost

– Ein flaskepost ville brukt like lang tid, forklarer Årthun.

Og det kan bety skilnaden på eit kaldt år med mykje vinterkulde, eller eit varmt, med mykje nedbør.

Dataa dei har brukt kjem frå ein stor database frå Hadley-senteret i Storbritannia, som inneheld både oseanografiske og meteorlogiske observasjonar.

– Vi har utvikla ein statistisk modell der vi tek omsyn til kor lang tid vatnet brukar, og prediksjonshorisonten blir på sju til ti år, fortel Årthun.

Den statistiske modellen dei brukar viser seg å vere korrekt om lag to tredjedelar av tida.

Langtidsplanlegging

– Det blir eit slags klimavarsel. Han er ikkje lagd for å seie om sommaren blir betre i juni eller juli. Men han kan seie noko om sommartemperaturen blir høgare eller lågare dei neste fem åra.

Modellen føreseier òg kva som skjer med isen i Arktis, og då særleg vinterisen. Sommarisen er meir styrt av kva som skjer i atmosfæren.

– Kunnskap om klima er særs viktig for til dømes kraftindustri og andre som har ein lang planleggingshorisont.

Mot kaldare tider

Og varselet?

Det blir kaldare. Fram mot år 2020 blir det kjøligare enn dei siste åra, sjølv om temperaturen vil halde seg over gjennomsnittet for perioden 1981-2010. Det vil òg gi eit veksande vinterisdekke i Arktis. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed