Kan føresjå ekstremvêr med fleire vêrmålingar i Arktis

Publisert:29. juni 2017Oppdatert:29. juni 2017, 10:35
RV «Lance» i Arktis under prosjektet «Young ICE» i 2015. Foto: Algot Peterson.

Ved hjelp frå det norske forskingsfartøyet «Lance» fekk japanske forskarar inn observasjonar frå Arktis som viste seg å føra til betre vêrmeldingar.

Ekstremt vintervêr, med heftig snøfall, har blitt meir vanleg i Aust-Asia, Nord-Amerika og i Europa.

I ei tid med raske klimaendringar, smeltar arktisk sjøis og snødekke stadig fortare. Meir ope vatn fører til varmare luftmassar over polen. Når straumen av varmluft går sørover, drar den ned arktisk luft, og lagar utbrot av kald luft, som fører til ekstremvær.

– De hadde jo kraftig snøvêr i Oslo i mai til dømes, seier førsteamanuensis Jun Inoue frå det japanske polarinstituttet. 

Nyleg var han og fleire andre japanske forskarar i Bergen for å delta på ein workshop gjennom samarbeidet NORPAN. Temaet var polarforsking.

Førsteamanuensis Jun Inoue frå det japanske polarinstituttet (NIPR) har saman med andre japanske forskarar publisert ny forsking som kan gjera det lettare å føresjå ekstremvêr.

Frå tropane til Arktis

For å minska den øydeleggande effekten av det ekstreme vinterværet er gode vêrmeldingar avgjerande.

Ny forsking, som vart publisert i Journal of Geophysical Research tidlegare i år viser at ein ved hyppigare observasjonar av vêrforholda i Arktisk kan føresjå store stormar som slår til på meir sørlege breiddegrader.

Innan klimaforskinga har fokuset lenge vore på tropane. Å fokusera på endringane i Arktis gjev ein moglegheit til å betra sesongvarsla, meiner forskaren.

Men observasjonar over Arktisk er vanskeleg å få til, på grunn av det tøffe klimaet.

– Det er ikkje mange vinterobservasjonar i det området. Det er lettare om sommaren, når det er mindre is, seier Inoue.

Les også: Flyttar Nansensenteret inn i klimaklynga

RV <<Lance>>

I 2015 dreiv det norske forskingsfartøyet <<Lance>> med polisen i Arktis, innfrysingsprosjektet «Young ICE» skulle skaffa meir kunnskap om is, hav, og atmosfære.

Det blei mellom anna sendt opp vêrballongar frå skipet, og dei japanske forskarane fekk inn ekstra informasjon.

I tillegg til at forskingsfartøyet Lance henta inn observasjonar, auka også landstasjonane i Arktis frekvensen på sine målingar.

Meir nøyaktig med målingane

Etter at dei fekk inn ekstra informasjon, laga forskarane frå Japan to vêrmeldingar – éi var oppdatert med alle dei nye datasetta. I den andre ekskluderte dei alle dei spesielle observasjonane frå Arktis.

Dette samanlikna dei med to vinterstormar som feia over Nord-Amerika og Aust-Asia i februar 2015.

Resultatet var at tilleggsobservasjonane betra nøyaktigheita på å føresjå dei kalde bølgene som slo inn.

– Syklonposisjonen er veldig ulik på dei to vêrmeldingane. Når ein ser på kor syklonen trefte, så er den med dei ekstra observasjonane mykje meir nøyaktig.  Det er stor forskjell, og det viser kor viktige dei arktiske observasjonane om vinteren er, seier Inoue.

I tillegg til å kunne føresjå ekstremvêr, kan observasjonar også betra varsla for sjøis – noko som påverkar skipstrafikken i Arktis.

– Det er også fleire fiskarar i området, og dei treng meir presise vêrmeldingar. Små syklonar er veldig farlege for fiskarar, det fører til sterk vind og høge bølger.

Les også: Slik er eit moderne forskingsskip på innsida

UiB-ar med på tokt

Stipendiat i fysisk oseanografi, Morven Muilwijk, er ein av UiB-arane som var med på forskingsfartøyet Lance vinteren 2015.

I tillegg til eiga forskinga hjelpte han til med vêrobservasjonane.

– Det er svært vanskeleg å få inn desse observasjonane. Arktis er eit hardt miljø. Det er fullstendig mørkt om vinteren, og å vera på eit skip på sjøisen om vinteren når en ikkje kan sjå nokon ting, er noko heilt anna enn om sommaren. Mange av luftballongane blei sende opp i ganske dårleg vêr, seier Muilwijk.

Det var ikkje alltid dei fekk lov å gå ut frå skipet, fortel han.

– Sikkerheit er alltid ein prioritet når ein er på eit skip i slike vanskelege forhold. Forskarane vil gjerne ut å gjera målingar, men ein får kanskje ikkje lov av kapteinen. Det er for mykje snø, og ein ser ikkje isbjørnane, og så vidare.

Det er heller ikkje ein enkel operasjon å få forskingsfartøy til å gå inn i Arktis.

– Det er ekstremt dyre operasjonar. Turen med Lance vart planlagt i sju til åtte år på førehand, og kosta svært mange millionar, seier Muilwijk.

Morven Muilwijk var om bord på <<Lance>> i éin månad vinteren 2015. Foto: Privat

MOSAiC neste

Neste steg er eit nytt stor internasjonalt prosjekt – MOSAiC, kor Noreg også deltek. Her skal ein tysk isbrytar driva med sjøisen i eitt heilt år, frå august 2019. Dette vil gje fleire observasjonar til dei japanske forskarane.  

– Det blir svært nyttig, seier Inoue, men legg til at ein er avhengig av å auka observasjonsnettverka langs kysten også.

– Det er veldig vanskeleg å gå til Arktis kvart år, særleg om vinteren, me må få til fleire observasjonar langs kysten, inkludert Ny-Ålesund og Jan Mayen. No er det tilgjengeleg to gonger om dagen, men me vil prøva å få auka det, seier Inoue. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed