Åsa Hammar tek jobben

Publisert:22. juni 2017Oppdatert:22. juni 2017, 18:42
Åsa Hammar har takka ja til jobben som instituttleiar på Institutt for klinisk psykologi, trass i at dei tilsette ikkje har tillit til ho.

Trass i at det store fleirtalet på instituttet har skrive under på at dei ikkje har tillit til ho, takka Hammar ja. No vil ho sjå framover.

Ståle Pallesen blei innstilt som nummer ein til stillinga som instituttleiar ved Institutt for klinisk psykologi, men han takka i eit lesarbrev i På Høyden nei til jobben grunna prosessen rundt tilsettinga.

Dermed gjekk tilbodet vidare til Åsa Hammar, som var nummer to på lista.

Legg det bak seg

– Eg er svært glad over å ha fått tilbod om jobben. No fokuserar eg på å bli ein god leiar framover, og har avtalt eit møte med avtroppande instituttleiar Per-Einar Binder for å bli sett inn jobben, fortel Hammar.

Ho har allereie stadfesta at ho vil takke ja til stillinga, trass i at eit fleirtal av dei tilsette uttrykte mistillit til ho då det blei kjent at ho hadde søkt. 1. august tek ho over.

– Det har vore motstand mot deg som leiar for instituttet, kva tenkjer du om det som har skjedd?

– No tenkjer eg at det viktige er at eg blir ein god leiar for alle på instituttet. Vi må fokusere framover, ikkje på det som ligg bak oss.

Godt kvalifisert

Avtroppande dekan, Jarle Eid, seier han er nøgd med å ha fått Hammar inn i jobben:

– Eg er glad over at vi har fått ein så godt kvalifisert instituttleiar, seier Eid til På Høyden.

Han viser og til at det var eit samrøystes fakultetsstyre som følgde innstillinga til tilsettingsutvalet.

Endå betre prosessar

Påtroppande dekan på Det psykologiske fakultetet, Bente Wold, er òg nøgd med utfallet.

– No må vi få til eit godt samarbeid, og legge bak oss det som har skjedd. Og det er eg heilt sikker på at vi skal få til, seier Wold.

Ho synest det er synd at det har vore så mykje konflikt på fakultetet, og at nokre har bidrege til å eskalere konfliktnivået.

– Er det særleg mykje konflikter på Det psykologiske fakultetet? 

– Eg vil ikkje seie at samarbeidstilhøva er vanskelege. Sjølv har eg ingen posisjon enno, og har ikkje kunna gjere anna enn å observere det frå sidelinja. Men eg stilte til val for at vi skal få endå betre prosessar framover.

Tillit, tillit, tillit

Og etter mistillit satsar Wold no på det motsette:

– Her er det viktig å leggje vekt på tillit, og at vi har tillit til kvarandre. Eg er trygg på at samarbeidet kjem til å gå greitt, sjølv om det som har skjedd gjer det litt meir krevjande. Eg har stor tillit til både dei tilsette og Åsa. Folk har reagert på prosessar dei har vore ueinige i. Det synest eg er heilt greitt, så lenge ein får snakka saman om det etterpå.

Møte på rektors kontor

Det påtroppande dekanatet har og fått hjelp undervegs: Rektor Dag Rune Olsen har engasjert seg, og tysdag var Bente Wold og dei kommande prodekanane Helge Molde og Per-Einar Binder innkalla på hastemøte på Muséplass. Meldinga frå rektor var at dei måtte ha respekt for kvarandre, og utvikle samarbeidet framover.

– Det var rektors bidrag til å løyse konflikten, seier Wold.

Ugild og gild

Då tilsettingssaka var oppe i fakultetsstyret var det òg tilløp til drama: Eit av styremedlemmene, Svein Larsen, blei kasta ut av styret under handsaminga av tilsettinga. Grunnen var at dei meinte at han var ugild etter § 6 i forvaltningslova då han i ein privat epost hadde gitt uttrykk for misnøye med både dekanatet og Hammar dagen før. Styret hadde fått støtte av HR-direktør Sonja Dyrkorn og ein jurist frå HR-avdelinga under handsaminga. 

Jarle Eid, som hadde Hammar som sin prodekankandidat, blei ikkje vurdert å vere ugild.

– Eg tok det opp med styret, som meinte at eg ikkje var ugild, seier Eid til På Høyden.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed