Vil bli først på havdjupet i nord

Publisert:29. mai 2017Oppdatert:30. mai 2017, 08:54
Forskar Thibaut Barreyre (til høgre) viser mellom anna Klima- og miljøminister Vidar Helgesen korleis dei utforskar havbotnen ved hjelp av undervassrobotar.

 Det største målet for senter for djuphavsforsking ved UiB er å utforska havdjupna under polarisen - eit område kor ingen nasjonar før har vore. 

Måndag opna K.G. Jebsen-senter for dyphavsforskning ved UiB. Senteret vil mellom anna undersøka korleis livet på jorda oppstod, og kartlegga det vulkanske landskapet på havbotnen.

Senteret vil ha 117 millionar i budsjett over dei fire første åra, og K.G. Jebsen-stiftinga bidreg med opp til 48 millionar kroner.

Leiar for senteret er Rolf Birger Pedersen, som har leiar ein SFF i geobiologi som vert avslutta no i år. Han er svært fornøgd med å få halda fram med delar av det arbeidet. 

– Utfordringa har vore å kunna vidareføra den kompetansen me har utvikla der, og det har vore ein draum å ha eit senter som fokuserer på djuphavet. No har me fått ein ny ROV – ein robot som kan gå ned i djuphavet, og me fekk me siste brikka på plass med finansiering frå K.G. Jebsen, seier Pedersen (bildet).

– Spennande grunnforsking

Pedersen håpar på meir økonomisk støtte framover.

– Det har blitt større politisk interesse for djuphava, både når det gjeld miljø og ressursar, og me håpar at det vil ordna seg med ei meir permanent finansiering på sikt. No har me fire til seks år på å få det på plass.

– Kva blir hovudfokuset desse åra? 

– Me har mykje spennande grunnforsking som går på å forstå dei varme kjeldene i djuphavet; Kor mykje energi kjem frå dei, korleis reagerer dei med havbotnen og korleis påverkar dei sjøvatnet og alt livet som er der nede. Dette med mogleg samarbeid med næringsliv er også spennande, me vil sjå om det er ressursar som kan vera til nytte for menneskeheita, seier Pedersen.

Kan bli først på 6000 meters djup

Den største ambisjonen til Pedersen og senteret er å undersøka havbotnen i Polhavet, som ligg opp mot 6000 meter under havoverflata. Det nye isgåande havforskingsfartøyet <<Kronprins Haakon>> vil vera sentral i arbeidet.

Les meir: Slik er eit moderne forskingsskip på innsida

– Det er andre nasjonar som har prøvd seg på dette, mellom anna USA og Tyskland. Men det er mange tekniske utfordringar knytt til ein slik operasjon. Det er veldig vanskeleg å operera ein slik farkost i isen, fordi isen flyttar på båten. Me håpar me kan gjera det betre med norsk teknologi.

– Når vil dei første forsøka finna stad? 

– Isbrytaren kjem til Norge rundt årsskiftet, så blir det ein del utprøving om bord. Det blir først seinare at me prøver den ut i isen - det er nokre år fram i tid. 

Ægir 6000, er UiB sin nye ROV. Ægir kan dykka ned til 6000 meter, og med det har UiB truleg den djupastgåande ROV‘en av alle universiteta i verda

– Må ha meir kunnskap

– Kva er faren ved å utnytta ressursar i havbotnen?

– Det er eit stort økosystem som me veit relativt lite om, me har jo sett korleis me først dumpa boss på land, så tok me co2 inn i atmosfæren, og me dumpa avfall i hava. Me er alltid litt på etterskot med kunnskapen me har om desse miljøa. For ein gongs skuld kan me kanskje ha nok kunnskap før me eventuelt gjer desse inngrepa, seier Pedersen.

Klima og miljøminister Vidar Helgesen var til stades under opninga. Han understreka kor viktig forskinga er for å sjå på moglegheitene for verdiskaping i verdas største økosystem.

– Dette er enorme områder med ekstreme former for liv, og områder med store uutforska ressursar kor me har moglegheit til å driva verksemd. Det bør, og skal me gjera - men me må gjera det på basis av kunnskap. Me må, same måte som innanfor fiskeri- og oljeverksemd, har ei heilskapelege økosystembasert tilnærming til ressursutnytting på havdjupna. 

– Kan det bli  aktuelt med gruvedrift under havet?  

– Me meiner at det er viktig å sjå på mineralutvinning frå havbotnen, men at det må gjerast innnafor forsvarlege miljørammer, og då må det meir kunnskap til. Me må sikra at me ikkje i iveren etter å henta opp mineraler, måker bort genressursar som kan gje fantastiske, banebrytande medisinske nyvinningar, seier Helgesen.

Forskar ved Institutt for geovitenskap, Desiree Roerdink, viser fram ulike mineral som ein finn på havbotnen. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed