UiB først ute med Kina-satsing etter normaliseringa

Publisert:4. mai 2017Oppdatert:4. mai 2017, 14:46
Rektor Dag Rune Olsen klipte snora under opninga av Norwegian China Law Centre i Universitetsaulaen. Her saman med dekan ved Det juridiske fakultet, Asbjørn Strandbakken og dekan ved Renmin University of China Law, Han Dayuan.

Drøye fire månadar etter normalisering av tilhøvet mellom Noreg og Kina opna Universitetet i  Bergen Norwegian China Law Centre. 

– Dette er ein viktig dag for jus-fakultetet, men forhåpentlegvis vil framtida visa at dette senteret vil vera viktig for heile universitetsmiljøet, sa visedekan for utdanning, Bjørnar Borvik under den offisielle opninga av Kina-satsinga i Universitetsaulaen torsdag. Det var også duka for konferanse om Kina-samarbeid etter opninga.

Senter vart vedteke opretta av universitetsstyret i februar, og skal koordinera all aktivitet knytt til Kina ved Det juridiske fakultet.

Visedekan for utdanning, Bjørnar Borvik og dekan Asbjørn Strandbakken ved Det juridiske fakultet ser fram til å utvikla samarbeidet med Kina framover. 

Auka interesse for Kina

– Me vil auka kunnskapen om det kinesiske rettssystemet i Noreg, og støtta kinesiske akadmeikarar og studentar som ønsker meir kunnskap om ulike europeiske rettssystem, sa Borvik, og la til:

– Me vil jobba for å gjera senteret ein viktig plattform for universitetet sitt samarbeid også med industri, næringsliv og myndigheiter i Kina. Me er glade for den nye normaliseringa av det politiske forholdet mellom Kina og Norge, og for oss representerer dette ei unik moglegheit å utvida samarbeidet med Kina. 

Les også: Jusstudenter skal på utveksling til Kina

Ved Det juridiske fakultet har studentane over lengre tid hatt moglegheit til å delta på Chinese Law Summer Programme, kor studentane har reist til Kina på utvekslingsopphald. Det er også oppretta eit eige semesterprogram i kinesisk rett, og professorar frå UiB har vore i Kina og undervist i menneskerettar. 

– Me opplever auka interesse for Kina blant våre studentar, det er nok difor dette er så inspirerande, sa Borvik. 

Wanmei Zhang, student ved Griegakademiet, stod for det musikalske innslaget under opninga. Foto: Tor Farstad

– Passande tidspunkt

Ein av dei som var på talarstolen under konferansen var Høgre-politikar Øyvind Halleraker som er nestleiar i Utanriks- og forsvarkomiteen i Stortinget. Han sa at opninga av senteret kom på eit gunstig tidspunkt.

– UiB sin dedikasjon mot internasjonalt samarbeid er imponerande. Og opninga av senteret kunne ikkje ha kome på eit meir passande tidspunkt. For få månader sidan kunne Noreg annonsera at dei har gjenoppretta kontakten med Kina, og me kan endeleg samarbeida meir opent med eit av dei viktigaste landa i verda.

Han understreka at sjølv om menneskerettsproblematikken i Kina ikkje har vore eit tema mellom dei to land endå, så vil det koma på bordet etter kvart. 

– Menneskerettar var ikkje på agendaen på dei første offisielle samtalane. La meg seia det slik, det første du gjer når du blir venn igjen med nokon etter ein lang <<frys>>, er ikkje å gå rett inn på kva som skapte problemet i utgangspunktet. Det viktigaste no er å reetablera eit nøytralt samarbeid. Me har etablert ein mekanisme som kan opna dialog om alle viktige tema i framtida, det inkluderer menneskerettar, sa Halleraker. (bildet) 

Ser fram til vidare samarbeid

Eit av universiteta Det juridiske fakultetet samarbeider med i Kina er Renmin-universitetet. Professor Han Dayuan er dekan ved universitetet og set stor pris på samarbeidet med UiB.

– Alle land sine rettssystem og samfunnsutvikling er viktig. Me treng studieprogram som kan gje studentane våre lærdom om dette. Viss studentane forstår andre rettssystem og -kulturar i andre land vil det vera nyttig for å auka samarbeidet mellom Kina og Noreg. Me ser fram til å jobba saman med UiB vidare, og få fleire studentar til å bli med på utvekslinga, seier Han Dyuan (bildet).

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed