Studentane avgjorde dekanvalet

Publisert:18. mai 2017Oppdatert:18. mai 2017, 11:17
Mikael Hedné er leiar i fagutvalet på psykologi, og er svært fornøgd med å sjå at det nyttar å bruka stemmeretten sin i eit dekanval, også for studentane.

Studentane vippa dekanvalet på psykologi i favør av Bente Wold. Fleirtalet av dei tilsette stemte for fire nye år for Jarle Eid. 

Måndag vart det klart at Bente Wold blir den nye dekanen på Det psykologiske fakultet dei fire neste åra. Heile 90 prosent av studentane som stemte, valde Bente Wold. 

Til saman fekk Jarle Eid 230,51 stemmer (etter vekting) frå dei tilsette, medan Bente Wold fekk 172,99 stemmer

Men med eit overveldande studentfleirtal for Bente Wold, enda ho med 292,85 vekta stemmer, og Jarle Eid med 245,15.

– Uavhengig av kven som vant, så synest eg dette er utruleg bra. Det vitnar om eit engasjement hjå studentane og at studentdemokratiet fungerer, seier leiar for fagutvalet på psykologi, Mikael Hedné. 

Her kan du sjå resultata

Betyr noko til saman

I  dekanvala, som i rektorvalet, blir stemmene frå dei ulike gruppene vekta ulikt. Stemmene frå studentane tel 25 prosent, stemmene frå dei teknisk og administrativt tilsette tel 24 prosent, og stemmene frå dei vitskapeleg tilsette tel 51 prosent.  

Les også: Gjev meir makt til administrativt tilsette

Trass i at student-stemmene ikkje tel like mykje, fekk dei altså ein svært avgjerande effekt i valet på psykologi.

Hedné fortel at dei tillitsvalde blant studentane på fakultetet har jobba for å få opp engasjementet. 

– Det er det me har forsøkt å formidla, at stemmen tel ikkje like mykje, men til saman så betyr det noko. Me sa også at det kan godt henda at studentane vipper valet – noko me fekk rett i. Personleg synest eg ikkje at det hadde vore like kjekt at det blei tippa andre vegen, men prinsipielt er det svært bra at stemmene får så mykje å seia. 

– Vanskeleg å få studentar til å stemma

Studentpolitikar og universitetsstyremedlem Johanne Vaagland (bildet) er einig med Hedné.

– Av og til kan det vera vanskeleg å få studentar til å stemma i dekanvalet, fordi stemmene tel berre 25 prosent. Dei tenker at det betyr så lite at dei stemmer. Men her viser det at det utgjer ein forskjell. Og studentane er i fleirtal på alle fakultet, seier ho og legg til:

– Det at studentane har vippa valet synleggjer at studentane si stemme betyr noko, og at det kan faktisk kan skapa endring viss me bruker stemmeretten. Eg synest det er eit godt eksempel på at det systemet fungerer viss studentane bruker stemma dei har og bryr seg om det. Det er litt kjekt å sjå.

Det er tydeleg at studentane på Det psykologiske fakultet ville ha ei ny leiing, fortel Hedné. 

– Det er inga hemmelegheit at det har vore misnøye. Det går an å trekka fram veldig mange enkeltsaker, men det viktigaste er at dette nok er eit signal frå studentane om at ein ønsker ei leiing kor ein opplever at det går an å ha ein dialog. Ein ting er å seia at ein skal høyra på studentane, men det er noko anna å gå i dialog og faktisk lytta til studentane.

Les også: Sejersted stiller som dekan på HF

– Har kome dei i møte

– Det er tydelege tal som viser at me ikkje har klart å mobilisera studentane, der har det andre temaet vore betre enn oss, sa Eid til På Høyden måndag. 

Han meiner dei problema som har vore er rydda godt opp i. 

– Eg opplever at me har kome studentane godt i møte i dei sakene som har vore oppe. Det har mellom anna vore bråk om sensur og opptak til profesjonsstudiet til psykologi, og om førelesarar som ikkje har møtt til timane. Men dette har me ikkje problemstillingar rundt lenger, det verkar som det fungerer som normalt. Det er også dette dekanatet som har endra opptaksordninga på profesjonsstudiet i psykologi.  

– Kva me helsecampus-saka? 

– Det er klart at det at me har gått for er å gjera endringar, og gjera om ein del ting på fakultetet. Det skapar ein del engasjement og ein del bekymring hjå nokre, seier Eid. 

– Ho har litt å leva opp til

Med ei så tydeleg tillitserklæring frå studentane for Wold-teamet, følger også forventningar. 

– Kva ventar de dykk av den nye dekanen? 

– Ho har litt å leva opp til. Det trur eg ho veit. Eg tenker at det er viktig at me studentar viser tålmod, budsjetta er allereie sett. Når det nye dekanatet byrjar i august må dei få ein innkøyringsperiode. Likevel så trur eg ho bør passa på å ikkje gløyma at studentane støtta ho, seier Hedné og legg til:

– Ei anna side er at det er mange studieretningar på fakultetet, og profesjonsstudiet i psykologi er éi av dei. Begge dekanane ønska ein eigen visedekan for profesjonsstudiet, men då er det viktig at visedekan for utdanning ser at dei andre studieretningane eksisterer også.

– Overraskande tal

Studentane Ingvild Onsrud Mjøen og Stine Eikenes går på profesjonsstudiet i psykologi og er på tredje året. Dei vert overraska når dei høyrer kor mykje røystene til studentane faktisk har betydd. 

 

– –Me håpar at dette visar at det nyttar å stemma, og at ein kan vera med å påverka. Bente Wold har vore veldig for medverknad, så det er tydeleg at studentane har blitt veldig tiltrekt av det, seier Onsrud Mjøen.

– Det har vore mange saker som har skapt misnøye, men det er vel i hovudsak det å bli høyrd som me håpar vil bli betre no, seier Eikenes. 


F.v. Ingvild Onsrud Mjøen og Stine Eikenes.

Kan påverka valplattform

Vaagland meiner resultatet på Det psykologiske fakultet talar for ei ordning med vald dekan og rektor. 

– I diskusjonen om vald/tilsett rektor og dekan så er påverknadskraft gjennom stemmeretten vår ein positiv dimensjon med at me har val. Ein har også påverknad på valplattforma, fordi dei som stiller til val gjerne ønsker studentnære saker å gå til val på, sidan studentane har stemmerett, seier Vaagland.

Men ho er klar over at det ikkje er ei moglegheit alle har. 

– Det er avhengig av det er eit reelt val, og det blir det ikkje på mange av dei andre fakulteta. Demokratiet er best når det er eit reelt val, eg skulle absolutt ønska det var fleire som stilte, så ein fekk synleggjort ulikskapar.

– Kan studentane påverka det som står i valplattforma i større grad?

– Det er nok potensiale der, eg tenker at studentutvala lokalt på fakulteta kan ta kontakt med aller partar som stiller til val.  Der er det også litt opp til vedkomande som stiller til val. Dei bør bruka studentutvalet aktivt, og høyra kva dei synest bør vera i fokus viss dei kunne bestemt. Eg ville brukt studentutvala lokalt heller enn sentralt, dei kjenner godt til det som er viktig for studentane på fakultetet, seier Vaagland.

På Fakultet for kunst, musikk og design skal det veljast ny dekan i juni. Her er fristen for å føreslå kandidatar 26. mai. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed