Slo saman institutt då direktør slutta

Publisert:11. mai 2017Oppdatert:11. mai 2017, 21:29
Då Ole Arve Misund fortalde at han skulle slutte som direktør for Nifes, blei det etter få dagar klart at departementet ville slå dei saman med Havforskingsinstituttet. Dermed blir Sissel Rogne leiar for det nye instituttet. Foto: Dag Hellesund

Eit jobbskifte kan ha bidrege til at Nifes og Havforskingsinstituttet blir eitt.

Då Nifes-direktør Ole Arve Misund ga Nærings- og fiskeridepartementet melding om at han hadde fått ny jobb gjekk det berre dagar før departementet avgjorde at dei ville slå dei saman med Havforskingsinstituttet.

Har sett teikninga

– I Nifes har folk sett teikninga ei stund, og det har vore spekulert over ei slik samanslåing. Men det kan likevel komme som ei overrasking på nokre, seier Misund.

Nifes (Nasjonalt institutt for ernærings og sjømatforsking) og Havforskingsinstituttet (HI) har samarbeidd i årevis, og både publisert, innhenta data og forska saman. I samband med revidert statsbudsjett har fiskeriminister Per Sandberg foreslått å slå dei to saman frå 1.1.2018.

Eit løft for forskinga

Og skal ein tru dei to direktørane er det ein god ide.

– Dette er ei satsing på havet og bruken av ressursane der. Det vil bli eit løft for havforsking, og ikkje minst for råda som blir gitt til regjeringa, seier havforskingsdirektør Sissel Rogne.

Og signala dei har fått frå regjeringa er at dette ikkje handlar om eit ønske om spare.

Kva det nye instituttet skal heite er ikkje klart, men det er departementet som skal avgjere kva namnet blir.

Positive tilsette

– Dei to organisasjonane er komplementære, og det beste frå begge skal førast vidare, seier Misund.

Innan 15. oktober må ein modell for den nye organisasjonen vere klar, slik at samanslåinga kan skje frå nyttår.

– Vi har ikkje fått negative signal frå dei tilsette. Tvert imot har kommentarane gått på at dette er spennande, men det er sjølvsagt knytt spenning til den nye organisasjonen, seier Misund.

Heilskapleg og internasjonalt

– Norge er ein havnasjon, og dei viktigaste delane av næringslivet vårt er relatert til havet. Derfor er det òg så viktig at vi har ein heilskapleg havpolitikk, og at råda vi gir held topp internasjonal kvalitet. Vi meiner at det er eit klokt grep av vi no blir slått saman, seier Rogne.

Havforskingsinstituttet har om lag 750 tilsette, og eit budsjett på kring 1,3 milliardar kroner. Nifes – Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking har kring 160 tilsette, og eit budsjett på 180 millionar kroner.

– Vi blir ein av dei største institusjonane i Europa på havforsking og havperspektiv, seier ho.

Offensiv regjering

I vinter blei den første fasen av konseptvalutgreiinga for å samle det marine forskingsmiljøet i Bergen gjennomført, og eit av forslaga var å samle Nifes og HI under same tak.

Og Misund er klar på at det marine forskingsmiljøet i Bergen må stå på, sjølv om det er stort.

– Noko må skje her i Bergen slik at institusjonane heng med. Lokala vi har i dag er ikkje ein stad for framtidsretta laboratorium, meiner han.

Rogne er trygg på at utviklinga for havbyen Bergen er inne på eit godt spor uansett.

– Regjeringa er utruleg offensiv, og sjølv om det skulle bli regjeringsskifte så er det gledelege at alle står på på vegne av havet.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed