Skeptisk til dekannominasjonane

Publisert:15. mai 2017Oppdatert:16. mai 2017, 10:27
Jørn Øyrehagen Sunde er professor ved Det juridiske fakultet.

Professor Jørn Øyrehagen Sunde meiner nominasjonsordninga kor ein må samla underskrifter for å kunna stilla til val som dekan er utdatert og gamaldags. 

Denne våren er dekanstillingane på alle fakulteta ved Universitetet i Bergen i spel. Det psykologiske fakultet får ein reell valkamp, der to kandidatar stiller til val. På juss-fakultetet, HF og SV-fakultetet er det berre ein kandidat som har meldt seg, og det blir fakultetstyra som skal <<velja>> inn dekanus. På Fakultet for kunst, musikk og design er ikkje nominasjonsfristen gått ut endå. 

MOF og Mat.-nat har dei ordninga med tilsette dekanar, og kvar av stillingane har fått to søkarar kvar. Ein kan altså ikkje seia at det har vore stor rift om dei tunge leiarverva på universitetet i Bergen. 

I dag er det slik at for å stilla som dekankandidat må ein senda inn forslag på dekan- og prodekankandidat som er underskrive av minst fem tilsette eller studentar med stemmerett på fakultetet.

Les også: Sejersted stiller som dekan på HF

– Favoriserer dei med godt nettverk

Denne valprosessen meiner Professor Jørn Øyrehagen Sunde er utdatert, og hindrar folk frå å stilla til val. 

– Det er ei ordning som favoriserer dei som har vore lenge på universitetet og som har velutbygde nettverk, meir enn dei som har ein god politikk. Det blir ei hindring når valet delvis skjer indirekte gjennom innsamling av underskrifter, som ikkje er forpliktande, men som kan opplevast som forpliktande for dei som skriv under, før ein har gode program og har fått ein diskusjon. Det blir for mykje personfokus og for lite fokus på sak.

Han meiner situasjonen med at få kandidatar stiller til val, gjer at ein må vurdera valordninga:

– Når det heldt folk frå å stilla, så er det i realiteten fordi det fungerer som ei form for førehandsrøysting. Det er lett for at den er som er først ut, og strategisk klok, kan samla inn stemmer frå kollegaar, meiner Øyrehagen Sunde.  

– Me treng gjennomtenkt politikk

Sjølv leverte han inn og skreiv under forslaget på Karl Harald Søvig som dekan på Jus-fakultetet – som no er einaste kandidat til vervet på fakultetet.

– Eg er ikkje ein sur tapar, eg er ein deltakar som har kome vel ut av systemet som finst i dag. Men det er eit system som ikkje fremmar universitetsdemokratiet. Det er eit anakronistisk system som høyrer heime i 1814, kor ein måtte vera føreslått av gode menn for å kunna stilla til val. Slik er det ikkje i dag, og dei som er uvante med systemet forstår dei ikkje heilt. Det er ikkje i takt med slik demokratiet vanlegvis blir praktisert i dag.

– Nokre er redde for val fordi dei meiner det fører til splitting og usemje. Eg er for val og for opne diskusjonar. Me har for lite av det, og for mykje blir bestemt utanfor den opne diskusjonen. Slike diskusjonar i forkant av eit val er forpliktande. Me treng forpliktingar og gjennomtenkt politikk. – Eg er veldig tilhengar av at dei som har lyst til å stilla og har eit team, kan gå ut og seia at dei vil stilla – utan at ein må samla inn stemmer først, seier Øyrehagen Sunde. 

Aarebrot: – Bør klara å samla fem stemmer

Professor i samanliknande politikk, Frank Aarebrot, trur derimot ikkje at valordninga representerer eit stor problem. 

– Det er ikkje så viktig om du stiller sjølv eller om du blir føreslått av andre, men viss ein ikkje greier å finna fem menneske på fakultetet som meiner at du kan stilla til dekanus så bør du overveia om du kan stilla i det heile tatt, seier Aarebrot. 

Han trur òg​ det er andre årsaker til at fokuset på sak er så lite som det ofte er. 

– Grunnen til at saker kjem så lite fram i valkampar på universitetet er fordi at kandidatane ikkje er så ueinige med kvarandre. Det handlar om folk som har lyst til å bli dekan eller rektor. Det blir ofte snakk om kva person dei er i staden for, og legg til:

– Viss du hadde ei dramatisk usemje som betydde noko for strukturen på universitetet, så ville jo du fått ein debatt, og då kunne sak automatisk bli viktig i valkampen. Viss dei er lite usemje så blir det meir eit spørsmål om personalpolitikk, og kven som er mest eigna til å vera dekanus.

Ønsker revisjon av valreglementet

Leiar for valstyret ved UiB, Kristin Bakken, meiner generelt at det er fleire svakheiter ved valreglementet ved UiB.

– Eg trur at det er tunge tradisjonar som ligg bak mange av reglane, og at ein kritisk og heilskapeleg revisjon av valreglementet er på sin plass. Både språkleg, struktuelt og realitetsmessig. Ein bør opna for ei brei moglegheit for å koma med innspel, frå både institutt, fakultet og einskilde tilsette og studentar, seier Bakken. 

Når det gjeld ordninga med at ein må bli føreslått av andre for å stilla som dekankandidat, meiner Bakken at det også bør koma opp til diskusjon. Blir ein føreslått er ein også pliktig til å stilla til val, noko Bakken meiner burde vore vurdert fjerna frå reglementet.  

– For så tunge verv som dekan- og rektor-stillingar er det merkeleg at ein skal måtta vera pliktig å stilla om ein blir føreslått. Ein vil jo ha folk som absolutt ønsker å stilla i dei verva, til styringsorgana også, men i reglementet no er det slik at ein kandidat må ha tungtvegande grunner for å avstå frå å stilla til val. Dette er nok ikkje ein veldig aktuell problemstilling i praksis, men valreglementet bør representere realitetane, og ikkje innebere ei rekke uskrivne reglar.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed