Røe Isaksen kom til Bergen med pengar

Publisert:11. mai 2017Oppdatert:11. mai 2017, 12:34
Rektor Dag Rune Olsen var svært nøgd med at Torbjørn Røe Isaksen hadde med 30 millionar kroner til bygget til Geofysisk institutt, der mykje av klimaforskinga i Bergen skjer.

Det blei fleire titals millionar kroner til UiB då kunnskapsministeren kom til Bergen i dag.

– Det blir 30 millionar kroner til oppussing av Geofysisk institutt, fortalde Torbjørn Røe Isaksen då han kom til det historiske bygget i dag. Men han understreka at rehabilitering av eit flott, gamalt bygg ikkje var hovudårsaka til at regjeringa deler ut pengane.

Vil koste 100 millionar

– Norge er eit land som har vore langt framme på meteorologi. Det de har gjort her i Bergen er å kople kompetansen på meteologi med kunnskap om menneskeskapte klimaendringar. Og Bergen er det desidert mest leiande miljøet vi har i landet. Klima er dessutan eit av dei seks prioriterte temaa i forskingsstrategien til regjeringa, seier Røe Isaksen.

Rektor Dag Rune Olsen vil dessutan bla opp 45 millionar kroner frå UiB, og på sikt blir det endå meir, for heile prosjektet er kostnadsrekna til 100 millionar kroner.

– Vi er veldig stolte over å ha fått denne løyvinga, seier Olsen.

Kan ikkje lite på USA

Og han er ikkje i tvil om pengar til klimaforsking trengst:

– Vi kan kanskje ikkje vente at USA skal vere lokomotivet i klimaforskinga framover. Europa og Norge må gjere meir, og vi i Bergen er klare til å ta vår del, forsikrar UiB-rektoren.

I 2016 fekk UiB 30 millionar kroner til oppgradering av Realfagbygget over revidert nasjonalbudsjett.

Norges handelshøyskole har og fått 25 millionar kroner til forprosjektet om oppussing av hovudbygningen og høgblokka, som er frå 1963 og verna. 

Heller forsking enn praktbygg

Praktbygg er ikkje eit poeng for regjeringa, seier Isaksen, sjølv om han innrømmer å ha gjort eit unntak for Universitetsaulaen. 

– Vi lagar ikkje praktbygg fordi dei skal vere pene å sjå på. I dette tilfellet er det ingen tvil om at det blir eit løft å samle klimaforskinga her oppe, seier ministeren. 

Og det kan gjere det lettare å få pengar til klynger. 

– Tanken med klyngene er jo at dei skal vere kraftsamlingar, og det same gjeld for til dømes Media City, der du lager ei kunnskapsklynge rundt eit fagmiljø, seier Isaksen.

– Klyngene er vår måte å trekke inn næringslivet og andre aktørar på, fortel UiB-rektor Olsen.

Frå klynge til klynge

Etter utdelinga dro Isaksen vidare til nettopp medieklynga, der han var med på ein debatt under Nordiske mediedager. Men Isaksen signaliserte at det kunne bli meir pengar då han drog: 

– Eg kjem tilbake! 

I løpet av ein 20 minutts seanse rakk Torbjørn Røe Isaksen både å dele ut 30 millionar kroner, og kake til studentar og tilsette. Foto: Tor Farstad


Både rektor Dag Rune Olsen, kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og instituttleiar Nils Gunnar Kvamstø ser fram til framifrå klimaforsking i eit flott, oppussa bygg. Foto: Tor Farstad

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed