NHH får nobelprisvinnar som æresdoktor

Publisert:12. mai 2017Oppdatert:12. mai 2017, 18:03
Bengt R. Holmström blir ein av fem nye æresdoktorar ved NHH.

NHH feirar hundreårsjubileet for opprettinga med fem nye æresdoktorat. 

Dei to mest kjende æresdoktorane er truleg nobelprisvinnar i økonomi, Bengt R. Holmström og tidlegare rådgivar for Barrack Obama, Sandra E. Black. Dei tre siste er Anna Mauranen, Bernt Øksendal og Roland T. Rust. Alle fem er forskarar innan økonomi. 

– Dette er fem framifrå forskarar som er viktige samarbeidspartnarar og inspirasjonskjelder for NHH, seier rektor Frøystein Gjesdal i ei pressemelding.

Æresdoktorane er valde ut basert på vitskapleg innsats blant folk som er viktige for NHH. Dei fem får utmerkinga på jubileet 9. juni, då NHH feirar jubileet over at det er 100 år sidan Stortinget vedtok å opprette NHH

Æresdoktorane

Dette er bakgrunnen til dei fem forskarane:

  • Bengt R. Holmström er professor ved Massachusetts Institute of Technology (MIT) i USA. Saman med Oliver Hart vart han i 2016 tildelt Sveriges Riksbanks pris i økonomi til minne om Alfred Nobel, ofte omtalt som nobelprisen i økonomi. Han er spesielt kjent for forsking innan kontraktsteori og insentiv.
  • Sandra E. Black er professor ved University of Texas at Austin og blir frå august tilknytt NHHs nye Senter for framifrå forsking, FAIR. Ho forskar på arbeidslivs- og utdanningsøkonomi. Frå august 2015 til januar 2017 var ho medlem av president Barack Obama sitt økonomiråd.
  • Roland T. Rust er professor ved Robert H. Smith School of Business ved University of Maryland. Forskingsinteressene hans strekkjer seg over dei fleste områder av marknadsføring, inkludert tenesteinnovasjon.
  • Anna Mauranen er professor ved University of Helsinki. Forskingsinteressene hennar er primært engelsk som lingua franca (ELF), korpuslingvistikk og talespråk. Ho har også publisert innan tema som kontrastiv retorikk, omsetting og akademisk diskurs.
  • Bernt Øksendal er professor ved Universitetet i Oslo. Han er ein leiande forskar innan stokastisk analyse som mellom anna er viktig innan finansfaget. Han har publisert over 200 vitskapelege artiklar og fem bøker i emnet, noko som har gjort han til Noregs mest siterte matematikar.

​(Kjelde NHH)

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed