Her er dei nye dekanane på Høgskulen på Vestlandet

Publisert:11. mai 2017Oppdatert:11. mai 2017, 21:29
Høgskulestyret er godt i gong med å legga leiarkabalen på Høgskulen på Vestlandet (HVL).

To menn og to kvinner får ansvaret for å leia dei nye fakulteta ved Høgskulen på Vestlandet.

Torsdag tilsette HVL-styret dekanane som skal leia dei fire nye fakulteta ved høgskulen. Desse er: 

Fakultetet for helse- og sosialfag:
Randi Skår – i dag dekan på Avdeling for helsefag ved campus Førde

Fakultetet for øk.-administrative fag, nautikk og samfunnsfag:
Anne Isabelle Robbestad – ho er i dag dekan Avdeling for tekn., øk. og maritime fag ved campus Haugesund

Fakultetet for lærarutdanningane, idrett og kulturfag:
Asle Holthe – han er i dag dekan på Avdeling for lærarutdanning ved campus Bergen

Fakultetet for ingeniør- og naturfag:
Geir Anton Johansen – i dag dekan på Avdeling for ingeniør- og økonomifag ved campus Bergen

(Namna på fakulteta blir endeleg vedteke på styremøtet i juni)

– Ei spennande stilling
Geir Anton Johansen søkte også på rektorjobben ved HVL, og var med i finalerunden. Han er godt fornøgd med at han har fått dekanjobben på Fakultetet for ingeniør- og naturfag frå hausten av. 

 

– Eg er veldig glad for å ha fått jobben. Eg synest det er ei spennande og utfordrande stilling som eg gler meg til å ta fatt på.

– Kva blir dei største utfordringane framover?

– Me har gjerne litt ulike kulturar, og det er store geografiske avstandar mellom dei ulike studiestadane. Men det ligg òg mange moglegheiter med koplingar mellom fagmiljø som før ikkje har jobba saman, seier Johansen. 

– Har jobba ein del på tvers allereie

Randi Skår seier ho vil gjera sitt beste for å bygga eit god helse- og sosialfagleg miljø på høgskulen.

 
– På helse og sosial har me hatt ein prosess og jobba ein del på tvers allereie, så eg synest me er i ferd med å finna eit fellesskap som me må bygga vidare på. Mange kjenner kvarandre frå før også, så me er ikkje så nye for kvarandre, seier Skår, og legg til: 

– Me er midt i arbeidet med organisering og prøver å finna modellar som skal sørga for at me samlar dette best mogleg. Me må tenka at me skal klara dette på tross av at me er geografisk spreidde og har store avstandar. 

Vil jobba for gode prosessar

Anne Isabelle Robbestad har fått jobben med å leia det minste fakultetet på høgskulen, som skal samla økonomi, administrasjon, nautikk og samfunnsfag under eitt. 

– Eg har min bakgrunn frå øk.adm, og vore studieleiar i ein del år. Eg kjenner godt Sogndal og bergensmiljøet, og som dekan kjenner eg godt øk.adm- og nautikkmiljøet i Haugesund. Eg må berre gjera meg betre kjent med samfunnsfagmiljøet i Sogndal. Dei fagfolka eg kjenner er flinke og rause folk, så eg gledar meg veldig. Eg skal prøva å få til gode prosessar i dei tidsrammene me har, seier Robbestad. 

Styret skulle eigentleg tilsetta to direktørar på styremøtet torsdag, men saka er utsett til neste styremøte i juni. Då blir namna på dei fire fakulteta også endeleg vedteke. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed