Gulsvik vann for andre gong

Publisert:22. mai 2017Oppdatert:23. mai 2017, 12:12
Amund Gulsvik får behalde kvar krone han har fått i løn frå Innovest AS, og er tilkjent 1,5 millionar kroner i sakskostnader.

Amund Gulsvik vann nok ein gong over Helse Bergen HF og Universitetet i Bergen, som må ut med 1,5 millionar kroner i sakskostnader. 

Borgarting lagmannsrett har forkasta størstedelen av krava frå Helse Bergen, UiB og Innovest AS i saka mot lungeforskaren Amund Gulsvik. Gulsvik får behalde kvar krone han har fått i løn for forskinga si, og institusjonane må betale han 1,5 millionar kroner i sakskostnader. 

Men i motsetnad til i tingretten er Helse Bergen og UiB tilkjent eigarskapen til dei 3,5 millionar kronene som gjenstår av forskingsmidla. 

Kravde 8-9 millionar kroner

Striden dreier seg om pengane som blei att etter eit stort forskingsprosjekt om kols og gener. Legemiddelselskapet GlaxoSmithKline inngikk ein avtale på 16,8 millionar kroner med Amund Gulsvik og Innovest. Aksjeselskapet Innovest var oppretta av UiB og Helse Bergen for å ta seg av administrasjonen av denne typen forsking. Men etter at selskapet hadde vore i drift i ein tiårsperiode fann eigarane ut at det var ein kritikkverdig praksis i selskapet, og byrja å avvikle det. 

Dei meinte at Gulsvik uriktig hadde fått utbetalt store summar, og kravde 4,7 millionar kroner av professoren i rein tilbakebetaling. Med kostnader og anna var kravet på mellom 8 og 9 millionar kroner. 

Men Borgarting lagmannsrett kjem i dommen til at institusjonane ikkje på nokon måte var part i forskingsavtalen. 

Kan ha kosta 6 millionar

Når det gjeld restbeløpet på 3,5 millionar kroner kjem fleirtalet på to dommarar til at dette tilhøyrer institusjonane, men Gulsvik har likevel rett til å få betaling for arbeidet han gjer. 

Retten gir Gulsvik medhald på alle punkta. Til dømes hevda UiB og Helse Bergen at han ikkje hadde ein gyldig arbeidsavtale med Innovest, men dette finn retten ingen bevis for. 

Lagmannsretten viser og til at Gulsvik har gjort eit stort og verdifullt forskingsarbeid, og konkluderer med at Gulsvik i det vesentlege har vunne saka. Dfior må Helse Bergen og UiB saman med Innovest betale 1,5 millionar kroner i sakskostnader til Gulsvik. I tingretten måtte dei offentlege institusjonane ut med 1,4 millionar kroner i sakskostander til motparten. Dersom dei sjølv har liknande utgifter har berre rettssakene så langt kosta skattebetalarane kring seks millioner kroner. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed