Gjev kvalitetsstempel til dei nestbeste EU-søknadane

Publisert:3. mai 2017Oppdatert:4. mai 2017, 09:20
EU ønsker at medlemslanda skal støtta gode forskingsprosjekt som ikkje får støtte gjennom Horisont 2020. Dei vil gje søknader som dei meiner er gode nok til å få finansiering eit «Seal of excellence». Foto: Paul-Erik Lillholm

EU har gitt ut bevis på <<excellence>> til søknadar som ikkje nådde heilt opp i Marie Curie-programmet. Målet er at kvalitetsstempelet skal utløysa pengar frå medlemslanda – men Noreg har så langt ingen planar om det.

2300 søknadar som ikkje fekk tildeling i Marie Curie-programmet har nyleg blitt tildelt eit <<Seal of excellence>> frå EU-kommisjonen.

EU-kommisjonen sine nettsider står at det kvalitetsstempelet blir gitt søknader som er på eit nivå kor dei fortener finansiering, men som ikkje får det grunna budsjettavgrensingar. Søknaden må ha oppnådd meir enn 85 av 100 poeng totalt. 

– Ordninga med <<Seal of excellence>> er eit enkelt konsept med ein stor innverknad. Kvalitetsstempelet kan hjelpa forskarar med å få finansiering for prosjekta sine, seier EU-kommisjonær for forsking, vitskap og innovasjon, Carlos Moedas i ei pressemelding.

Les også: Får millionar til å forska på haldningar til innvandring

Få land som vil gje støtte

EU-kommisjonen meiner ordninga vil annerkjenna kvaliteten på søknaden og gjera det lettare for andre finansieringskjelder å identifisera og gje støtte til gode prosjekt som ikkje har mottatt EU-midlar.

Ordninga blei innført i 2015 - men har fram til no berre blitt brukt mot bedrifter som har søkt støtte til innovasjonsprosjekt gjennom programmet SME Instrument.

Ønske til EU er at medlemslanda skal garantera støtte til dei som har fått kvalitetsstempelet. Så langt er det berre Kroatia, Kypros, Tsjekkia, Polen og Slovenia som gått med på dette. 

Det norske forskingsrådet har ingen planar om å løyva pengar til dei som mottek Seal of excellence.

– Me meiner me har ordningar som er gode nok frå før av, og kor konkurransen er høg nok til at det blir kvalitetsforsking av det. Har du fått 85 poeng på søknaden så er det veldig bra, men det er ikkje tilsvarande nivået på ein Fripro-søknad, seier spesialrådgjevar Per Magnus Kommandantvold i Noregs forskingsråd, 

og legg til:

— Pengane til Seal of Excellence-mottakarar må komma frå ein stad, og dei pengane har me ikkje i dag. Dermed må ein eventuelt ta det frå til dømes Fripro, og der er nok kvaliteten på søknadar som får tildelingar noko høgare.

Politisk tiltak

Kommandantvold meiner ordninga er meir retta mot land som mottek regionalfondsmidlar.

– Ordninga er eit politisk tiltak for å få EU sine prinsipp også inn i kriteria for tildeling av nasjonale-/regionale- eller liknande midlar. Det er ingen dum ide, men i hovudsak er det tenkt for dei landa som mottek regionalsfondsmidlar – noko som ikkje kjem inn under EØS-avtalen, og Noreg mottek ikkje dette. Seal of excellence skal vera ei vektstang å få ut forskingsmidlar som ikkje er direkte EU-midlar. Men det er få land som har signalisert at dei vil gjera det.

Kommandantvold seier til På Høyden at dei ikkje har motteke noko oversikt over kor mange norske forskarar eller bedrifter som har motteke anerkjenninga frå EU til no. 

– Viktig anerkjenning

Ved UiB er det er éin person som har motteke stempelet så langt: Forskar Sylvia Varland ved Molekylærbiologisk institutt.

– Seal of Excellence-ordninga er ei viktig anerkjenning av arbeidet mitt og ikkje minst at forskingsprosjektet som ble føreslått er verdt å satsa på. Dette kvalitetsstempelet motiverar meg til å utvikla prosjektet ytterlegare, seier Varland.

Ho har blitt tildelt eit Fripro-mobilitetsstipend og reiser i september til Universitetet i Toronto for å forska der ein periode. 

Emmanuel O. Babatunde ved Forskingsadministrativ avdeling på UiB trur ordninga kan vera positiv for forskarane som nesten når opp i den tøffe konkurransen om EU-midlar. 

– Det er mange som ønsker å få noko att når dei har jobba så mykje med ein søknad og fått høg score. Før var det gjerne slik at om ein fekk ein score på 90, så var ein garantert finansiering. Slik er det ikkje lenger. Tanken er at sjølv om dei ikkje får finansiering, så kan dei bruka dette beviset til å søka andre ting – og ha det på CV-en, seier Emmanuel O. Babatunde.

Sylvia Varland ved Molekylærbiologisk institutt. (Foto: Marc Niere)

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed