Fire dekanar skal tilsettast

Publisert:11. mai 2017Oppdatert:11. mai 2017, 10:15
Høgskulen på Vestlandet har styremøte på Kronstad torsdag. F.v. styremedlem Tom Skauge, Aina Berg, rektor Berit Rokne og styreleiar Arvid Hallén. Foto: Ida Bergstrøm

Leiarkabalen ved Høgskulen på Vestlandet er i ferd med å gå opp. Torsdag skal styret vedta kven som får dei fire dekanjobbane.

Høgskulen på Vestlandet får fire fakultet: Fakultet for helse- og sosialfaga, Fakultet for økonomisk-administrative fag, nautikk og samfunnsfag, fakultet for ingeniør- og naturfag og fakultet for lærarutdanningane, idrett og kulturfaga. Dei endelega navna til dei fire fakulteta er ikkje bestemt.

Torsdag skal styret bestemme kven som skal leie dei nye fakulteta.

Fleire av personane som i dag har leiarstillingar ved studiestadane i Sogndal, Førde, Haugesund, Stord og Bergen er å finne på søkarlistene.

Stillingane har berre vore utlyste internt, og mange leiarar frå dei opprinnelege tre høgskulane ønskjer seg posisjonar i den nye organisasjonen (sjå faktaboks).

Tilsettingssakene er unntatt offentlegheit.

Her kan du følgje styremøtet direkte.

UiB-professor vil bli HVL-dekan
Ein av dei som ønsker å bli dekan er Geir Anton Johansen. Han er professor II ved Institutt for fysikk og teknologi, og var tidlegare instituttleiar ved same institutt. Johansen har dekanerfaring frå Høgskulen i Bergen, der han har vore dekan for ingeniørutdanning og økonomifag.

Han er ein av tre søkarar til stillinga som dekan ved fakultetet for ingeniør- og naturfag ved HVL. Johansen søkte og på stillinga som rektor, og var ein av dei tre som var med heilt til siste runde.

– Sjølv om eg søkte på rektorstillinga har det heile tida vore denne som har vore mest interessant. Eg har stor interesse for å få til noko på Vestlandet, seier Johansen, som òg synest det er viktig å få eit tett samarbeid med økonomifaga på HVL, har Johansen tidlegare uttalt til På Høyden.

Etter planen skal dei nye dekanane starte 1. august.

Også tilsettinga av organisasjonsdirektør og direktør for økonomi og arealforvalting sto på saklista. Desse sakene er trekte frå morgondagens sakliste, og utsette til neste styremøte.

Arealbehov på sakslista
Høgskulestyret skal også diskutere kva nybygg og oppgraderingar av den eksisterande bygningsmassen som skal få prioritet i åra som kjem. Ifølge forslaget til vedtak i sak 38/17 Areal og bygg - plan for realisering/prioritering av bygg vil rektor Berit Rokne få fullmakt til å finne ei løysing for dei nitten tilsette i lettbygget ved studiestad Førde. Rektor får også fullmakt til å arbeide vidare med prosjektet som kan gje Haugesund eit nybygg.

Ifølge styrepapira vil arealbehovet ved HVL for øvrig bli behandla i samband med strategisk plan for HVL.

Som På Høyden har skrive tidlegare, har dei tilsette ved HVL kome med lister over ønskjer og behov for nye og oppdaterte bygg som til saman har ein kostnad på over ein milliard kroner. Les meir her.
 

Slik blir saklista til styremøte 06/17

Vedtakssaker

34/17 Innkalling og saksliste til styremøte

35/17 Fullmakt til rektor for trekk av utlyste studietilbud i Samordna Opptak

36/17 Deltakelse på etatsstyringsmøte

37/17 Utviklingsavtale 2018 Status pr. mai

38/17 Areal og bygg - plan for realisering/prioritering av bygg

39/17 Tilsetting i stilling som organisasjonsdirektør (u. off. jf. offl.

§25.1) Saka vert utsett til styremøte 07/17

40/17 Tilsetting i stilling som direktør for økonomi og arealforvalting (u. off.jf. offl.§25.1) Saka vert utsett til styremøte 07/17

41/17 Tilsetting som dekan for fakultet for helse - og sosialfaga (ikkje namnsett) (u. off.jf.offl.§25.1)

42/17 Tilsetting som dekan for fak. for lærarutd., idrett og kultur (ikkje namnsett) (u.off.jf. offl.§25.1)

43/17 Tilsetting som dekan for fak. for ingeniør-og naturfag (ikkje namnsett) (u. off.jf.offl.§25.1)

44/17 Tilsetting som dekan for fak. for øk.-adm., nautikk og samf. (ikkje namnsett) (u.off. jf. offl.§25.1)

Orienteringssaker

O-06/17 Orienteringar til styremøte 06/17

Eventuelt

 

Her kan du sjå møtet direkte:

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed