Desse UiB-tilsette er valde inn i universitetstyret

Publisert:12. mai 2017Oppdatert:12. mai 2017, 18:04
Det er no klart kven som skal representere dei tilsette i universitetsstyremøta, som vanlegvis blir haldne på Museplass 1.

To har universitetsstyreerfaring frå før av dei fire tilsetterepresentantane som no er valde inn. 

Kjersti Fløttum, Alf Erling Risa, Synnøve Fluge og Jørgen Melve blir dei nye tilsetterepresentantane i det øvste organet til Universitetet i Bergen. 

Fløttum og Risa er valde frå gruppa med fast vitskapleg tilsette, og her blir Inga Berre, Nina Langeland, Per Einar Binder og Petter Erling Bjørstad vara. 

Synnøve Fluge er vald for mellombels vitskapleg tilsette. Denne gruppa er berre vald for eitt år, mot fire for det fast tilsette. For dei mellombelse blir Erik Hanson, Pål Antonsen og Martin Greve vara. 

Jørgen Melve skal representere dei teknisk-administrativt tilsette, og Randi Heimvik, Kristin Kalvik og Frode Randal blir vararepresentantar. 

Valoppslutningen varierer frå gruppe til gruppe. Blant dei vitskapleg tilsette brukte 60,9 prosent røysteretten sin, mot 53 blant dei teknisk-administrative. Lågast var valdeltakinga blant dei mellombels vitskapleg tilsette, der berre 28,5 prosent brukte røysteretten sin. 

– Ei ære å bli vald

Melve seier til På Høyden at ser fram til å ta fatt på perioden i universitetstyret.

– Å bli vald er ei tillitserklæring frå dei tilsette, og eg ser på det som ei ære. 

– Kva trur fekk folk til å røysta på deg? 

– Det er vel ein del som veit kven eg er. Det er noko med å vera synleg for dei tilsette. Eg håpar folk har fått med seg at eg seier det eg meiner, og ikkje er redd for å vera tydeleg anten eg er ueinig eller einig med universitetsleiinga, fortel Melve.

Han er førstekonsulent på SV-fakultetet og hovudtillitsvald for NTL UiB. Han er ikkje redd for at det å vera tillitsvald og å sitta i styret skal skapa utfordringar.

– Ein må passa på kva hatt ein har på seg, men bortsett frå det så ser eg ikkje på det som problematisk. Ein er ikkje eit talerøyr for bestemte tilsette eller bestemte medlemmar, men for dei tilsette sine interesser generelt, seier Melve og legg til: 

– Som tillitsvalde har me fordelen med at me har innsyn i prosessar som føregår på heile universitet. Me veit mykje om utfordingar som ligg framfor oss. At det blir tøffare tider på universitetet til dømes. 

– Bra med økonomisk bakgrunn

Professor i samfunnsøkonomi Alf Erling Risa er strålande fornøgd med å få ein plass i styret. Han trur bakgrunnen hans vil koma godt med i styret sitt arbeid. 

– Eg kan stå for ein kombinasjon av at eg har ein akademisk bakgrunn og greie på økonomi i tillegg. Det trur eg kan vera nyttig i arbeidet i styret.

Han legg vekt på at det er viktig å ha ei open haldning når ein går inn i ei slik rolle. 

– Viss ein skal vera eit bra styremedlem, så er det fint at ein tar med seg den bagasjen og erfaringa ein har, og går inn i eit kollegium og høyrer på kva dei andre har å føreslå - og er med på å ta sakene etter kvart. Eg har nettopp vore på eit styremøte som eg leiar, og eg liker veldig godt viss styremedlemmar kjem inn i styret med eit ope sinn, og er med på å diskutera ting i styret. Eg vil tru at rektor også set pris på at me som sit i styret ikkje har ei dogmatisk haldning til dei forslaga som blir presentert.

– Kvifor trur du folk har stemt på deg?

– Eg trur vel at ein har lagt vekk på erfaring, og så trur eg sjølv at dette med å ha ganske godt innsyn i korleis universitet sin økonomi er, og korleis det blir finansiert er nyttig. Det er greitt at det ikkje berre er universitetsdirektøren som forstår korleis økonomien fungerer.

Vil få fram fortrinna

– Eg er veldig glad, og eg synest det er fantastisk å få slik tillit. Eg håper det tyder på at eg har gjort noko riktig, seier Kjersti Fløttum.

Ho har fått ein del gode tilbakemeldingar mens ho har sete i styret i førre periode, men trur at argumentet om kontinuitet kan slå begge vegar.

– Kva blir jobb nr. 1 for deg?

– Eg tenkjer først og fremst på det overordna, og at vi må få klårare fram kva våre fortrinn er. Utviklingsavtalene vi inngår med departementet blir viktige, og her må vi vere villige til å samarbeide med andre institusjonar. Og så er eg veldig spent på korleis den første klynga blir.

– Kva har du hatt som valkampstrategi?

– Det er ikkje heilt enkelt å skulle fremme seg sjølv, men eg har sendt innlegg til På Høyden, vore på sosiale medium og prøvd å følgje med i debatten. Og så har eg snakka med folk rundt omkring.

Imponert over konkurrentane

Men særleg nøgd er Fløttum med at det har vore så gode, sterke kandidatar som har stilt til val i år.

– Det er veldig fint for UiB at så mange stiller.

Og i ettermiddag feirar Fløttum sigeren saman med tidlegare UiB-rektor Kirsti Koch Christensen, som har vore ven og mentor i mange år.

– Ikkje alltid verdsleiande

Synnøve Fluge synest det er veldig, veldig kjekt å bli vald, men ho er og litt overraska.

Fluge har det siste året vore vara for dei mellombels vitskapleg tilsette, og året før var ho fast representant for gruppa i universitetsstyret.

– Det er ganske unikt å få henge fast ved eit slikt verv over ein lengre periode, og kjekt å få sjå kontinuiteten, seier ho.

– Men eg blei litt overraska over at eg blei vald. Eg profilerer meg jo litt på at eg har ei grunnleggande innstilling til kva universitetet skal vere. Vi skal halde på breidda, og ikkje vere så verdsleiande alltid.

Står opp for demokratiet

Ho har òg profilert seg som ein sterk forkjempar for fortsatt vald rektor.

– Og den saka går langt utover dette med å velje rektor eller ikkje. Vi skal fungere som eit fellesskap og eit kollegium som skal ha oppslutnad nedanfrå. Det er kjempeviktig å bevare autonomien til universitetet, og det er tydelegvis viktig for fleire, konstaterer ho.

Å ta tak i problemet med mellombels tilsette blir den viktigaste saka for Fluge.

– Og så må ein bli handsama bra i dei åra ein er her som mellombels tilsett òg. Vi skal ha gode tilhøve for rettleiing, medarbeidarsamtaler og likeverdige tilhøve med andre. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed