Denne «sjøormen» skal gje energi til UiB

Publisert:11. mai 2017Oppdatert:11. mai 2017, 21:39
Gjennom denne sjøvassleidninga, som skal senkast ned i Puddefjorden, blir det henta vatn frå 110 meters djup. Vatnet blir brukt til energiformål. Teknologien gjev over 50 gonger så mykje energi som det blir putta inn.

Den nye sjøvassleidninga på over 2000 meter skal mellom anna skaffa kjøling til Media City Bergen.

UiB bygger i desse dagar nytt sjøvassanlegg saman med BKK, og torsdag kunne ein sjå ein over 2000 meter lang sjøvassledning under Puddefjordsbroen. Den vart slept frå Døsjevika på Sotra, kor den er produsert, og blei senka ned i fjorden.

Leidninga veg 400 tonn og har 1200 tonn med lodd på seg for å bli godt forankra på sjøbunnen. 

Det vert etablert ein ny, stor pumpestasjon under Puddefjordsbroen. Her blir sjøvatn henta inn frå 110 meters djup.

– Vatnet vert for UIB sin del brukt til marin forsking i våre bygg på Marineholmen, samt til energiformål i ei rekke av UIB sine bygg. Den nye pumpestasjonen erstattar om ikkje lenge fleire av dei gamle, mindre pumpestasjonane som me har, seier prosjektleiar i eigedomsavdelinga ved UiB, Rune Hovland.

Les også: Kutter 90 prosent av CO2-utslippene på ett år

Tilbyr kjøling

BKK Varme skal i første omgang nytta sjøvatnet til å levera kjøling til nye Media City Bergen. Men har kapasitet til å levera til mange fleire.

– Med denne utbygginga kan me tilby kjøling til næringsbygg på heile Nygårdstangen, og i tillegg Dokken når det blir regulert til bustad og næringsverksemd. Det er også aktuelt å bygga ut kjøling til andre bydelar, utan at me har konkrete planar førebels, seier Martin Horne, som leiar kjøleprosjektet i BKK Varme.

Den totale kostnaden på prosjektet er på om lag 100 millionar kroner. Anlegget er venta å stå heilt ferdig i august, men BKK vil delvis starta å nytta seg av anlegget i midten av juni. 

– Teknologien er svært enkel. Me tar i bruk tilgjengeleg energi som er i samfunnet allereie. Men å få lov til å gjera så store inngrep - og etablera ein så stor og tung infrastruktur er ein større prosess. Det har tatt mykje tid, seier Horne. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed