– Bør gje EU-støtte til fleire forskarar

Publisert:24. mai 2017Oppdatert:24. mai 2017, 08:40
Ein ny rapport hevdar at den låge suksessraten i EUs rammeprogram er skadeleg for den frie og opne forskinga. Foto: UiB

Høg konkurranse om EU-midlar hindrar forskarar å offentleggjera forskingsresultat, meiner ekspergruppe. Dei føreslår at tildelingane blir mindre, slik at fleire forskarar får pengar.

Debatten rundt EUs neste rammeprogram som skal ta over for Horisont 2020 er i gong, og eit rådgjevande panel til EU-kommisjonen gav nyleg ut rapporten Europe’s Future: Open Innovation, Open Science, Open to the WorldDen tar opp ulike utfordringar ved dagens rammeprogram.

Det skriv Times Higher Education.

Ekspertgruppa består av forskarar frå heile Europa. Eit av forslaga dei kjem med er at størrelsen på EU-tildelingane burde blir kutta slik at fleire forskarar kan få støtte. 

– Intens konkurranse

I rapporten står det at hard konkurranse om forskingsmidlar og ein trygg karriereveg har ført til at forskarar er tilbakehaldne med å offentleggjera forskingsresultat, noko som skadar vitskapen, meiner ekspertpanelet.

<<Det er tendensar til stadig meir intens konkurranse på nesten kvart karrieresteg>>, hevdar ekspertgruppa, og dei skriv vidare at <<dette skapar ein struktur som ikkje bidreg til den beste moglege forskinga, og heller ikkje til open forsking. Den kan oppmoda til hemmeleghald, og i verste fall føra til ureieleg forsking>>.

Horisont 2020 har ein suksessrate på 14 prosent, noko som er ein nedgong frå 20 prosent i EU sitt førre rammeprogram – som vart avslutta i 2014.

Med ein så låg suksessrate, meiner ekspertgruppa at det <<nesten er umogleg å finna vesentlege forskjellar i kvalitet>>, noko som fører til at det kan bli tilfeldig kven som får tildelt midlar. 

Dei meiner løysinga er å redusera pengestøtta, slik at alle søknadar som når opp til eit visst nivå, vil få tildelt støtte - sjølv om det ikkje er nok til å dekka budsjettet dei har lagt fram.

Les også: Samfunnsvitskap og humaniora for lite integrert i EU-forskinga

Ber om at budsjetta blir auka

Andre forslag som blir trekt fram i rapporten, er å dela søknadsprosessen opp i to trinn, slik at ein kan velja ut dei mest aktuelle kandidatane etter ein kortare søknad i trinn éin, og deretter be dei senda inn ein meir omfattande søknad.

No er det tusenvis av søknadssider som aldri blir lesne, og det er tidkrevjande for dei som søker, meiner ekspertgruppa.

Det europeiske forskingsrådet har også kome med eit fråsegn kor dei argumenterer for at budsjetta bør auka til eit minimum på fire milliardar euro kvart år, slik at fleire kan få støtte. Budsjettet for 2019 er på to milliardar euro.  

EU sitt niande rammeprogram vil starta opp i 2021. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed