Bente Wold vald til dekan på psykologi

Publisert:15. mai 2017Oppdatert:16. mai 2017, 18:54
Professor ved HEMIL-senteret Bente Wold.

Bente Wold blir ny dekan ved Det psykologiske fakultetet frå august. Eit overveldande fleirtal av studentane røysta for Wold. 

Med 54,43 prosent av røystene er Bente Wold vald til dekan og Gro Mjeldheim Sandal til prodekan ved Det psykologiske fakultetet. 

Dermed tek Wold over dekanvervet frå Jarle Eid.

Valet ved fakultetet vart avslutta måndag klokka 1200, og valstyret har underskrive valprotokollen. 

Bente Wold er svært glad for tilliten ho har fått frå studentar og tilsette på fakultetet. Ho ser fram til å ta fatt på vervet i august.

– Me kjem til å følga opp det me har skrive i valplattforma. Det går blant anna på å skapa tillit og vera synleg i miljøa. Me kjem til å jobba med å finna måtar me kan samarbeida med tilsette og studentar på, og få eit godt forhold til universitetsleiinga, seier Wold til På Høyden.

Klar tale frå studentane

Av 349 studentrøyster gjekk 311 røyster til Bente Wold, og 38 til sittande dekan Jarle Eid. 

– Nesten 90 prosent av studentane som har røysta, røysta på deg som dekan-kandidat. Kva tenker du om det? 

– Me tolkar det som at studentane ønsker ei endring, og at dei har mest tru på at me kan betra den situasjonen dei opplever dei har. Me er klar over at det er ein del negative evalueringar på enkelte program på fakultetet. Der kan eg tenka meg at det har vore ein del mobilisering i forkant av valet. Ein del av dei studentane som er misfornøgde ønsker å gje beskjed om at dei vil ha ei endring, og det har me sagt at me definitivt skal bidra til, seier Wold.

Jamnt blant dei tilsette

Blant dei vitskapeleg tilsette i faste og mellombelse stillingar (gruppe A/B) var røystene fordelt meir jamnt - her røysta 73 personar for Bente Wold og 65 for Jarle Eid.

I gruppe C (teknisk og administrativt tilsette) var det derimot eit klart fleirtal for Jarle Eid, kor han fekk 40 røyster, medan Bente Wold fekk 11.

Jarle Eid seier det er openbert at det ikkje har klart å nå ut til studentane. 

– Det er tydelege tal som viser at me ikkje har klart å mobilisera studentane, der har det andre temaet vore betre enn oss, seier Eid. 

Det har vore fleire saker på fakultetet kor studentane har vore misfornøgde med leiinga. 

– Eg opplever at me har kome studentane godt i møte i dei sakene som har vore oppe. Det har mellom anna vore bråk om sensur og opptak til profesjonsstudiet til psykologi, og om førelesarar som ikkje har møtt til timane. Men dette har me ikkje problemstillingar rundt lenger, det verkar som det fungerer som normalt. Det er også dette dekanatet som har endra opptaksordninga på profesjonsstudiet i psykologi.  

– Kva me helsecampus-saka? 

– Det er klart at det at me har gått for er å gjera endringar, og gjera om ein del ting på fakultetet. Det skapar ein del engasjement og ein del bekymring hjå nokre, seier Eid. 

Trass i låg studentstøtte, er Eid likevel godt fornøgd med at han fekk klart fleirtal i gruppe C. 

– Eg ser på det som ei tillitserklæring. Som dekan jobbar ein tett opp mot administrasjonen, og eg føler eg har hatt eit godt samarbeid med dei heile vegen. Det er ei stor oppmuntring, seier Eid. 

Svært høg valoppslutnad

– Kva planar har du no som du ikkje skal leia fakultetet?

– Eg har ei professor-stilling på Institutt for samfunnspsykologi, som eg går tilbake til. Men eg har ikkje noko veldig klart liggande i skuffa, eg tenkte at dette valet hadde eg veldig lyst å vinna. Så eg må bruka litt tid. I dag er eg nok litt skuffa, men livet går definitivt vidare, seier Eid. 

Valoppslutnaden var svært høg blant dei tilsette. I gruppe A/B var oppslutnaden på heile 85,19 prosent, og i gruppe C var oppslutnaden på 80,95 prosent. 

– Eg må seia at ein så enormt sterk valoppslutnad er verkeleg flott. Eg er stolt over alle som har stemt, uansett kven dei har stemt på. Skal me ha valordning må me også sjå at det er eit engasjement rundt valet. Det har me verkeleg fått til, seier Eid. 

Totalt var det 546 røyster, og åtte var blanke. Valresultatet kan du lesa her.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed