Alf blei kjønnskvotert inn

Publisert:12. mai 2017Oppdatert:15. mai 2017, 09:03
Kvinnene var dei mest populære i valet til universitetsstyret, og Alf Erling Risa redda difor ein sikker plass ved hjelp av kjønnskvotering.

Det var ikkje mennene som kom på topp blant dei vitskapleg tilsette i årets val til universitetsstyret. 

Kjersti Fløttum og Inga Berre var dei to mest populære kandidatane blant dei vitskapleg tilsette ved UiB. 

Vala er regulert av eit valreglement, og ved universitetsstyrevalet er det eit såkalla preferanseval som blir brukt. Det går i korte trekk ut på at kvar velgar kan rangere så mange av kandidatane ho vil. 

Når stemmene blir talde opp må kandidatane nå eit særskild valtal, som vil vere meir enn halvparten av stemmene dersom det skal velgast éin representant frå gruppa. Dersom ingen får mange nok stemmer ved første utrekning, tek ein vekk kandidaten som har fått færrast stemmer, og held fram med det inntil ein kandidat er vald. Sjå nærare om valordningen her. 

I dette valet det Kjersti Fløttum som fekk flest førstepreferansestemmer, med 140. På dei to neste plassane kom Inga Berre med 100 og Alf Erling Risa med 97. 

Men etter at opptellingsprosessen er gjennomførd med preferansestemmer med ulik vekt og fjerning av kandidatar nedanfrå.

Etter fleire omgangar ender Kjersti Fløttum opp med eit stemmetal på 182, Inga Berre på 180 og Alf Erling Risa med 137. 

Men ettersom dei vitskapleg tilsette skal ha to representantar, og begge kjønn må vere representert, blir Inga Berre fjerna nå det berre er to kandidatar igjen, og dermed blir Fløttum og Risa valde, mens utrekninga held fram for varaplassane, der Inga Berre kjem på topp. 

For mellombels vitskapleg tilsette fekk Synnøve Fluge 126 førstepreferansestemmer, mens Pål Fjeldvig Antonsen kom på andreplass med 55 stemmer. Men etter vidare utrekning kom Erik Hanson på første varaplass, og Pål Fjeldvig Antonsen på andre. 

For teknisk-administrativt tilsette fekk Jørgen Melve eit stemmetal på 201 etter første opptelling av førstepreferansestemmene. Deretter kjem Randi Heimvik med 142, og Kristin Kalvik med 129. Den same rekkefølga blei og det endelege resultatet. 

Den nøyaktige utrekninga av valresultatet finn du her. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed