Tjue kvinner og tre menn vil bli assisterande KMD-direktør

Publisert:6. april 2017Oppdatert:20. april 2017, 14:18
Griegakademiet og Kunst- og designhøgskolen (KHiB) fusjonerte i januar 2017. Det er studentar frå kunstfag som har lage dette arbeidet. Arkivfoto: Tor Farstad

Ei rekke interne søkjarar er å finne på lista.

Søknadsfristen til stillinga som assisterande fakultetsdirektør ved Fakultet for kunst, musikk og design gjekk ut 3. april.

Då fristen gjekk ut, hadde 23 søkarar meldt seg.

Skal assistere Synnøve Myhre

Etableringa av eit nytt kunstnerisk fakultet blei vedtatt av universitetsstyret ved UiB i juni i fjor.

I slutten av februar blei det klart at Synnøve Myhre blir historias første fakultetsdirektør ved det nyoppretta fakultetet for kunst, musikk og design (KMD).

No skal personen som skal vere Synnøve Myhre si høgre hand tilsettast.

Ei rekke UiB-namn på lista

Fleire av søkarane er interne søkarar. Kjerstin Tønseth er i dag administrasjonssjef ved KMD. Andrea Grimnes er administrasjonssjef ved Molekylærbiologisk institutt. Gerd Johannessen er seksjonssjef ved Det medisinsk-odontologiske fakultet. Eli Neshavn Høie er seksjonssjef ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

Siri Smith i dag  administrasjonssjef ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin. Ingunn Wergeland er administrativ leiar The Sea Lice Research Centre ved institutt for Biologi. Elin Horntvedt arbeider i dag ved Det medisinsk-odontologiske fakultet. I dag er Kari Bjørgo Johnsen konstituert assisterande fakultetsdirektør ved KMD. Også ho er å finne på søkarlista.

Cecilie Ohm er i dag konstituert direktør for Fakultet for kunst, musikk og design.

Gerd Tinglum er interimdekan ved KMD. Kven som skal vere dekan ved fakultetet frå og med hausten, er ikkje avklart.

Dette er den offentlege søkarlista:

1 Gabriele Bruzaite (23) vikar, Bergen

2 Gøril Vikøren Nøkleby (43) Seniorrådgiver, Bergen

3 Robert Visscher (54) Seksjonssjef i Forsvaret, Lillehammer

4 Carina Linde Wisnes (28) student, Bergen

5 Kjersti Berg Danilova (41) Doktorgradsstipendiat, Askøy

6 Kjerstin Tønseth (60) Seniorrådgiver, Bergen

7 Trude Bruket (40) Daglig leiar i BIT20 Ensemble, Lindås

8 Eli Neshavn Høie (45) Seksjonssjef, studie, Bergen

9 Aud Marit Sofie Wigg (37) Rådgjevar Høgskulen i Volda, Ulstein

10 Andrea Grimnes (48) Administrasjonssjef, Bergen

11 Gerd Johannessen (57) Personalsjef / seksjonsleder personal, Bergen

12 Natalia Leltchouk (43) Tolk i Bergen Kommune, Bergen

13 Søknad trukket, Bergen

14 Siri Smith (40) Administrasjonssjef på Institutt for global helse og samfunnsmedisin, UiB, Bergen

15 Kari Bjørgo Johnsen (51) Konstituert assisterende fakultetsdirektør, Bergen

16 Birgit Falch (54) seksjonssjef, Bergen

17 Bjørn Einar Halvorsen (57) Leder - Høyskolen, Barratt Due musikkinstitutt, Oslo

18 Linnea Reitan Jensen (27) Leder, Bergen

19 Elin Horntvedt (45) Seniorkonsulent, Bergen

20 Harald Eikaas (52) Musikksjef, Bergen

21 Ingunn Wergeland (51) Administrativ leder SLRC, Institutt for Biologi, UiB, Bergen

22 Marit Offerdal (43) Studiesjef, Bergen

23 Hilde Skare (53) Kontorsjef Institutt for musikk og dans, UiS, Stavanger

Høgtideleg opning i januar

Fakultet for kunst, musikk og design blei formelt opna i januar 2017. Dronning Sonja var ein av gjestane som var til stades på arrangementet.

Dronning Sonja fekk også eit av UiB sine nye sjal i gåve. Sjalet er laga av tekstilkunstnar og UiB-tilsett Kiyoshi Yamamoto.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed