Søvig vil bli dekan på jus-fakultetet

Publisert:4. april 2017Oppdatert:5. april 2017, 09:27
Professor Karl Harald Søvig (bildet) utfordrar sittande dekan Asbjørn Strandbakken om dekanvervet på Det juridiske fakultet.

Professor Karl Harald Søvig stiller som dekankandidat på Det juridiske fakultet. Dermed blir det kamp om dekanvervet ved fakultetet.

– Det å stilla til val til som dekan er noko ein tenker på lenge før ein faktisk stiller. Det er ein prosess. Eg har fått oppmoding om å gjera det, og så må ein nedprioritera det som ein jobbar mest med. Men når ein først bestemmer seg for å stilla, så går ein inn for dette med all iver og glede. Det er eit fakultet kor eg har vore ei god stund, og kor eg føler meg heime. Eg har lyst til å bidra til å utvikla det, seier Søvig.

Les også: Gjer klar for dekan-kabal

Søvig stiller til val saman med professor Anne Marie Frøseth som prodekankandidat. 

– Inga kursomlegging

Frå før er det kjent at sittande dekan Asbjørn Strandbakken vil stilla til val for ein tredje periode. Dermed blir det kamp om vervet på jus-fakultetet.

Søvig seier han ikkje stiller som ein protest mot det sittande dekanatet.

– Det ser ut som det blir ein valkamp med sittande dekan, og det er mykje bra som er gjort på fakultetet, og dette er ikkje ei kursomlegging. Me har ein strategi, som er vedtatt i styret. Så det blir ikkje dei stor endringane.

Søvig seier dei ikkje har klar ein valplattform heilt endå, men at arbeidet er i gong. 

– Kva for saker blir viktige for deg?

– Det eine er fakultets indre liv. Me har ikkje institutt - det hadde me før, og eg trur ikkje me ska tilbake der. Men etterkvart er me blitt så store, at det kan bli ei utfordring å finna ut korleis me skal organisera oss. Eg trur det er viktig at ein tar seg tid til å sjå på dette. 

Stram økonomi

Søvig trekk fram ein stram økonomi ved fakultetet som ei utfordring, noko som mellom anna får konsekvensar for dei som er stipendiatar ved fakultetet. 

– Me vil jobba med å finna nye løysingar for dei økonomiske utfordringane ved systematisk arbeid, inkludert auka eksternfinansiering. Dette får følgjer for dei som er stipendiatar hjå oss. Det er ingen som kan forventa at når ein er ferdig med ein doktorgrad, så er ein sikra fast stilling. Men me må i alle fall kunna tilby dei konkurranse om faste stillingar. No har me så anstrengt økonomi at det er lenge mellom kvar utlysing. Når ein skal rekruttera inn stipendiatar, må dei kunne sjå på universitetet som ein realistisk karriereveg. Det er ei utfordring.

Han håper også å få i gong igjen arbeidet med å sjå på studieordninga ved fakultetet.

– Me har ei studieordning som me fekk i 2004, som me har fått mykje skryt for frå universitetet. Me har ein annan gjennomføringsgrad enn tidlegare, og det er mange som reiser ut. Men me har hatt ein diskusjon om me skal dela jusstudiet opp i bachelor og master. Det arbeidet må ein halda fram med. Det har blitt liggande ei stund. Det er ikkje kritikk mot at det er blitt liggande, men det må bli tatt tak i.

Les også: Åtte vil bli prorektor på Høgskulen på Vestlandet

Strandbakken: Sunt for universitetsdemokratiet

Ved førre dekanval på Det juridiske fakultet i 2013 var det ingen som stilte motkandidat til Strandbakken. Den sittande dekanen seier til På Høyden at han er glad for at han får kamp om leiarvervet.

– Det er veldig sunt for universitetsdemokratiet. Det er veldig greitt at ein får eit reelt val, seier Strandbakken (bildet). 

På spørsmål om kva dekanteam og valplattform Strandbakken stiller med denne gongen, seier han at han ikkje vil svara på det før forslaget er levert til valstyret. Fristen der går ut på fredag. 

Det var professor Jørn Øyrehagen Sunde som føreslo Søvig som dekankandidat. Han leverte inn forslaget saman med ei liste på tjue tilsette som støtter Søvig og Frøseth, som prodekankandidat. 

– Det som er veldig viktig til å byrja med er at dette ikkje er ei slags form for mistillit til sittande dekan. Han har gjort ein kjempejobb for fakultetet, fakultetet har utvikla seg svært mykje dei siste åtte åra. Eg meiner prinsipielt at åtte år er nok, då har ein fått brukt mange av ideane og initiativa ein hadde. Då treng ein nye kostar og nye perspektiv, seier Sunde.

Fristen for å levera inn forslag til dekankandidatar på Det juridiske fakultet går ut fredag 7. april. Valet finn stad elektronisk 2. - 4. mai.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed