Slik stemte studentar og tilsette

Publisert:6. april 2017Oppdatert:6. april 2017, 15:19
UiB-valet er over, stemmene er talde opp. Sitjande rektor Dag Rune Olsen får fornøya tillit. Margareth Hagen blei valt til prodekan. Foto: Colourbox

Kvar fjerde UiB-veljar stemte blankt. Tre av fire veljarar støtta rektoratet sin valplattform.

75 prosent av dei avlagde 3204 stemmene som var komne inn då rektorvalet var over, støtta rektorkandiat Dag Rune Olsen og prorektorkandidat Margareth Hagen.

– Eg er rimeleg nøgd med oppslutninga, sa Dag Rune Olsen til På Høyden då resultatet var klart onsdag.

Margareth Hagen og Dag Rune Olsen var dei einaste kandidatane.

Protokollen er klar

Onsdag hadde Det sentrale valstyret møte. Til stades var Kristin Bakken, Guttorm Alendal, Camilla Brautaset, Arild Mellesdal, Pål Antonsen, Eirik Lie Reikerås, Cecilie Løseth Arnesen. Arne Rudolf Ramslien og Mona Viksøy var sekretærar.

I manntalet sto 2118 vitenskapelig tilsette, 1502 teknisk og administrativt tilsette og 14 648 studentar.

Protokollen viser at det i alt kom inn 3204 stemmer til rektorvalet, noko som utgjer 17,5 % av personane med stemmerett. To stemmer vart forkasta.

I alt kom det inn 809 blanke stemmer. Det vil seie at kvar fjerde veljar stemte blankt.

Slik var deltakinga:  

Vitskapleg tilsette:
Tal på stemmer: 529
Blanke stemmer: 148
Valdeltaking: 25 prosent.   

Teknisk og administrativt tilsette:
Tal på stemmer: 415
Blanke stemmer: 92
Valdeltaking: 27,6 prosent.

Studentar:
Tal på stemmer: 1451
Blanke stemmer: 569
Valdeltaking: 9,9 prosent.

Slik blir stemmene vekta:

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed