Sejersted stiller som dekan på HF

Publisert:19. april 2017Oppdatert:21. april 2017, 17:31
Jørgen Sejersted ønsker å ta over dekanvervet etter Margareth Hagen.

Førsteamanuensis Jørgen Sejersted ser ut til å bli den einaste kandidaten til dekanstillinga ved Det humanistiske fakultet.

Då fristen for å stilla kandidatar til dekanvervet ved Det humanistiske fakultet gjekk ut tysdag, var det berre kome inn eitt forslag.        

– Valstyret har fått inn forslag på Jørgen Sejersted som dekan, Anne Beate Maurseth prodekan for forsking, og Claus Huitfeldt som prodekan for utdanning, seier leiar for valstyret, Jørgen Bakke. 

Bakke tar likevel atterhald om at det kan bli fleire kandidatar. 

– Fristen for å levera forslag er gått ut, men av omsyn til postgangen på UiB tar valstyret atterhald om at det framleis kan komma inn forslag som er posta innan fristen. Valstyret skal ha møte fredag 21. april for å godkjenna forslag til dekanat og vil gå ut med ei kunngjering rett etter møtet.

Les også: Fire vil bli dekan på MOF og Mat.-nat.

– Mest teneleg med fleire kandidatar

Sejersted er førsteamanuensis i nordisk litteratur ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier, og har vore på UiB sidan han byrja som hovudfagsstudent i nordisk i 1992.

– Eg har altså vore her ei stund, og noko av bakgrunnen for å stilla er ein sterk grad av identifikasjon med fakultetet og UiB, fortel Sejersted til På Høyden, og legg til:

– Eg har eit universitetspolitisk engasjement på ulike område. Det er også slik at det passar ganske greitt inn i min eigen situasjon å stilla no, eg har nettopp avrunda eit forskingsprosjekt. Eg har også blitt spurd om å stilla av folk som eg lyttar til.

– Det ser ut til at du blir den einaste kandidaten. Kva tenker du om det?

– Det er litt synd for universitetsdemokratiet, eg synest det er ein god ide med valde dekanar og eit levande universitetsdemokrati. Det hadde vore mest tenleg med fleire dekankandidatar, og eit reelt val. Eg trur òg det er ulike syn i miljøa som kunne lagt til rette for at det var fleire kandidatar. Men no er det slik det er, seier Sejersted. 

Vil beskytta mot fleire kutt

– Korleis blir det å leia eit fakultet som ikkje har hatt dei beste økonomiske føresetnadane? 

– No har det ikkje vore så dramatisk på HF som me høyrer om i utlandet kanskje, men det har vore innstrammingar, og det kan henda det blir meir. Ein viktig del av jobben blir å fronta HF ute, og beskytta fakultetet mest mogleg for kutt. På den andre sida ligg det føringar i humaniorameldinga når det gjeld ekspansjonsmoglegheiter og samarbeid med andre institusjonar.

Sejersted er i hovudsak positiv til det som er lagt fram i Humaniorameldinga. 

– Eg synest meldinga har fleire gode sider, eg las ho ganske grundig no i påska, ho gir gode og konstruktive argument for humaniorafaga inn mot UiB og departementet.

Ingen store endringar

Det ligg ikkje an til store endringar i forhold til linja til det førre dekanatet, fortel Sejersted.  

– Me kjem til å vidareføra linja der i frå i stor grad, med innspel frå humaniorameldinga og humanioraevalueringa som kjem snart. Det blir neppe vesentlege systemendringar samanlikna med førre dekanat. Ein ting eg har vore oppteken av, er tilhøvet mellom humaniorafaga og skulen. Det ligg i humaniorameldinga også å jobba mot ulike program, internasjonalisering og EU, og Maurseth er godt skodd for å vera aktiv på det området. Eg føler dei to prodekanane er ei veldig god støtte med kontinuitet og spesialkompetanse.

– Kva planar har de for å promotera dykk på fakultetet? 

– Først og fremst er det planlagt eit valmøte, 8. mai. Då skal me i alle fall presentera oss og la folk koma med spørsmål og innspel til kva dei ønsker av oss, seier Sejersted. 

Om det berre blir ein kandidat til dekanvervet, er det det avtroppande fakultetstyret som vel dekanen. Kandidaten må ha minst 50 prosent av stemmene for å bli vald. Om det ikkje skjer, startar valprosessen på nytt.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed